Ordførarkandidat
Jørund Li

Kraft

Det er no me verkeleg kan gjera ein skilnad for å styrke bu- og blilyst, vekst og utvikling i næringslivet og gjera Ål til Noregs mest innovative kommune. Me skal ha ein politikk på forvaltning av kraftressursane som innbyggjarane fortener og som gjev alle Ålingar rimeleg og føreseieleg kraftpris. Ål Høgre vil at alle i Ål skal få tilbod om 40 øre fastpris på straumen.

Ål Høgre vil setje av midlar til utgreiing av moglegheiter for ny kraftproduksjon, noko som kjem framtidige Ålingar til gode.

Vidare og etterutdanning.

Ål Høgre vil jobbe for å sikre og styrke tilbodet om vidare- og etterutdanning på Torpomoen. Sjukepleiearutdanninga er eit bevis på at store behov i kommunen og i Hallingdal kan dekkjast lokalt i bygda. Ål Høgre vil jobbe for fleire tilbod og søkje samarbeid med eksisterande universitet, høgskular og utdanningssentra.

Betre skule i Ål

Ål Høgre vil ikkje leggje ned grendeskular og har tidlegare skrive om viktigheiten av tilbodet i grendene.

Tidleg innsats og tilpassa opplæring er avgjerande – dette er viktig for Ål Høgre og noko me vil lyfte høgt dei neste fire åra. Ål Høgre styrke oppvekstsektoren med auka lærartettleik og fleire yrkesgrupper. No meiner me i Høgre at det er born og ungdom sin tur.

Attraktive og inkluderande lokalsamfunn i vekst

Eit godt samfunn vert skapt nedanfrå, i familien, i nabolaget og i samhandling med dei frivillige. Dei frivillige, idretten og kulturlivet gjev lokalsamfunna identitet og bidreg til inkludering. Torpo, Nordbygdan og Sundre Velforeningar kjem til å spela ei viktigare rolle i utviklinga av dei ulike bygdene framover. Ål Høgre vil styrke grendautvala og ved å tilføre betydelege midlar til utvikling i grendene.

Kvalitet i omsorga

For å gje tilsette helse og omsorg tid til å planleggje god samhandling og ressursutnytting vil me styrke bemanninga i helse.

Ål Høgre vi etablere nytt behandlingsbasseng og samstundes sjå på moglegheitene for nye sjukeheimsplassar og omsorgsbustader

Næringsutvikling og bærekraftig økonomi

Ål Høgre er for lokal og privat sjølråderett så lenge det ikkje går ut over samfunnsinteresser. Det blir feil å bandleggje store potensielle område der eigarane har moglegheit for å realisere gode idear for ny vekst og utvikling i Ål.

Ål Høgre vil ha ei effektiv, åpen og brukarvenleg kommune som set det enkelte menneske i sentrum, og som tilpassar seg den enkelte sine behov utan at kvar justering vert finansiert via auka skattar.

Ny satsing på nydyrking skal styrke landbruket i Ål. Me vil gå inn for ei betydeleg auke i støtta. Ål Høgre vil leggje til rette for bevaring og utvikling av eit produktivt landbruk i kommunen ved å oppretthalde tilskot til dyrking av ny jord som gjev god arrondering

Bustadutvikling

Me i Høgre  skal jobbe for ein meir rettferdig, effektiv og treffande modell for bruken av midlar som er avsett i langtidsbudsjettet til bustadutvikling. Ål Høgre vil ha vekst i folketalet i grendene.

Betre vegar

Ål Høgre vil halde fram med å ruste opp kommunale vegar for legging av fast dekke og jobbe vidare med trafikksikker skuleveg i heile Ål, slik at barn og ungdom kan koma seg trygt til og frå skule til fots og med sykkel.