Ål Høgre valgprogram 2019 – 2023

I Ål finn einmogelegheitar som kan utviklast til å bety mykje for bulyst, livskvalitet, folkehelse, destinasjonsutvikling og næringsutvikling. Ål merkar, som mange andre kommunar, fråflytting og ein aldrande befolkning. Detaljhandelsnæringa er under press som følgje av endra handlevanar. Samstundes veks turismen og Hallingdal er Noregs tredje mest besøkte turistdestinasjon. I høgtidar er folketalet i Hallingdal i periodar seksdobla på grunn av tilreisande som ynskjer å bruke fritida si i regionen vår. Klima og miljø-utfordringane får større oppmersomheit og forventningane til eit grønt skifte veks. Kva skal me prioritere på Ål for å skapa vekst?Ål Høgre peiker på to prosjekt me meiner kan gje noko til Ål: EL-dorado og grønn kollektivtransport, som me meiner kan motvirke negativ utvikling som handelsnedgang, fråflytting, dårlegare økonomi og manglande kjennskap til kommuna.

EL-dorado

Ål Høgre meinar at Ål kommune bør leggje til rette for ein stor elbil-ladepark i visuell avstand frå RV7. Ein ladepark som gjer Ål til ein naturleg stopp for gjennomgangstrafikk, der ein kan planlegge for å lade bil, men samstundes lade eigne batteri, med for eksempel ein rekreasjonstur «Elvelangs», fotball, håndball eller tennis med familien på Bråta. Kanskje eit avkjølandes bad i Oppsjø, ein handletur i Sundreområdet eller ein tur innom «Høyt og lavt» i ferieparken. Det vil vera naturleg med ein matrast ved ein av restaurantane eller matserveringane i sentrumsområdet.
Ål Høgre ser for seg ein framtidsretta ladepark, der ein med ein ladepark for 40- 50 elbilar finn elsparkesyklar og elsyklar for utleige som kan ta heile familien rundt i nærområda, eller tjukksykkel (fatbike), der ein kan tråkke seg opp Veståsen eller til Øvre-Ål og down-hill i HillbillyHuck-land og langs Votna ned til Gullhagen og Sundre.

I kraftkommuna Ål ligg alt til rette for å skape eit EL-dorado, der me legg til rette for grønn transport, samstundes som me vil fremja Ål som handelsstad og rekreasjonsområde.

Grønnkollektivtransport

Kollektivtransporten i Hallingdal er prega av fossildrivne, store bussar med låg frekvens og få passasjerar. Kommunane har ulike fritids- og kulturtilbod, og ungdommane sin timeplan kjem ofte i konflikt med mogelegheitane til å reise kollektivt. Ungdommar i Hallingdal er på mange måtar «kommunegrenselause», men har begrensa mogelegheitar til å flytte seg rundt utan foreldre og føresatte som kjøyrer dei. Innbyggjarar og turistar er miljøbevisste, og med eit godt kollektivtilbud der frekvens og regularitet er tilfredsstillande, kan ein og legge til rette for at desse gruppene kan benytte seg av meir miljøvennlege transportalternativ.

Ein forventar at turistdestinasjonar vil få skjerpa krav til å rette seg etter bærekraftsmåla og krav til utsleppsreduksjonar. Då må Ål kommune bidra med å tilby løysingar som ikkje forureinsar og skadar miljøet, men samstundes godtek vekst.

Ål Høgre vil samarbeide med Hallingdalskommunane om å tilby grønn minibusstransport som frekventerar Hallingdal, og utvikle «HentMeg»-tjenesten til eit tilbod i og mellom kommunane i Hallingdal på permanent basis.

Godtvalg!

JørundLi

Ordførarkandidat

les hele programmet i vedlegget