10 gode grunnar til å røyste Høgre i Askvoll

Askvoll Høgre sine hjartesaker!

1. Ein barnehage og skule som ser kvar einskild

Askvoll Høgre vil jobbe for ny sentrumsbarnehage.

Askvoll Høgre vil jobbe for at ingen skal gå ut av skulen utan å kunne lese, skrive og rekne skikkeleg. Elevar som treng hjelp må bli fanga opp tidleg, gjerne i barnehagen.

Askvoll Høgre vil jobbe for at alle skal få ta den utdanninga dei vil. Vi vil satse på eleven og det den treng for å nå sine mål. For å få til det må vi satse på tidleg innsats, gode lærarar og godt samarbeid med dei føresette. Ein god skule er nøkkelen til god integrering og inkludering.

Askvoll Høgre vil jobbe for å oppretthalde helsesjukepleiarstillingane ved skulane.

2. Ei trygg eldreomsorg

Eldre som mottek teneste heime skal kjenne på tryggleik, trivsel og kvalitet i tenestene. Sjukeheimen skal vere ein stad for å leve eit godt liv med aktivitetar og fellesskap.

Askvoll Høgre vil jobbe vidare med «Leve heile livet»-reforma, med mellom anna styrking av heimetenesta i heile kommunen. Bygge fleire og oppgradere omsorgsbustader.

Askvoll Høgre vil legge til rette for betre tilbod for demente og auka bruk av velferdsteknologi.

Askvoll Høgre vil jobbe for fleire heile stillingar innan omsorgssektoren.

Askvoll Høgre vil jobbe for at stipendordninga vert vidareført.

Askvoll Høgre vil jobbe for at rekrutteringsordningane skal vidareførast og gjelde fleire fagfelt.

3. På lag med næringslivet

Gode lokalsamfunn krev sterke bedrifter. Askvoll Høgre vil legge til rette for nyskaping og ivaretaking av arbeidsplassane i kommunen. Vi skal lytte til utfordringane bedriftene har, og støtte dei på vegen med kompetanse,  løysingar og effektiv sakshandsaming.

4. Du skal ha meir att av eiga inntekt

Askvoll Høgre vil jobbe for at eigedomsskatt og kommunale avgifter skal haldast nede.

5. Born skal kunne delta på minst éin fritidsaktivitet.

Askvoll Høgre vil jobbe for vidareføring av BUA, kontingentstøtte og transportstøtte.

6. Samferdsle og infrastruktur

Askvoll Høgre vil jobbe for å få gjennomført Atløysambandet.

Vi vil jobbe for trygge vegar og gode kollektive løysingar som bind tilboda i kommunane tettare saman.

Folk og varer skal komme raskt og trygt fram. Det handlar òg om å bygge ein større bu- og arbeidsmarknad, som gjer at folk kan jobbe og bu der dei vil.

Askvoll Høgre vil jobbe for utbygging av breiband og betre mobildekning i heile kommunen.

Askvoll Høgre vil jobbe for utbygging av auka straumtilførsel til kommunen.

Vi vil jobbe for gang og sykkelveg på strekninga Holmedal-Boge og Askvoll skule- Straumsbrua.

Askvoll Høgre vil jobbe for utbygging av gatelys.

7. Rask psykisk helsehjelp

Askvoll Høgre vil jobbe for fleire lågterskeltilbod, som «Livet på timeplanen», og fleire behandlande psykologar.

8. Utsleppa skal ned

Askvoll Høgre vil jobbe for ein klimapolitikk som vil kutte utslepp. Dette vil vi gjere gjennom å gjere det lønnsamt for bedriftene å omstille seg til grønare løysningar. Vi vil satse på grøne næringar. Askvoll Høgre vil jobbe for at kommunen skal velje miljøvennlege løysingar.

9. Auka bustadbygging og aktive lokalsamfunn

Askvoll Høgre vil jobbe for fleire bustadar. Vi skal vere ein Ja-kommune ved å leggje til rette for bustad og næring. Vi vil støtte aktivitetar og initiativ frå lokalsamfunnet for å få bygd meir.

10. Evaluering av kommunale tenester

Askvoll Høgre vil arbeide for at tenestene skal kunne utviklast vidare. Vi ynskjer auka bruk av t.d brukarundersøkingar og andre evalueringar for å kvalitetssikre.

Slik ynskjer Askvoll Høgre å gjere kommunen vår til ein enda betre stad å bu for deg og meg.