Politikk

Vi er stolte av Askvoll kommune og folka som bur her. Sjeldan har vi sett ein slik giv og ei slik investeringslyst i næringslivet som no, og sjeldan har vi sett større vekst i tilflytting av unge barnefamiliar. Vi går framtida i møte med stor optimisme.

Våre hovedsaker

Et godt helsetilbod og ein trygg alderdom

Askvoll har eit godt og variert helse og omsorgstilbod. Vi vil utvikle og styrke tilbodet gjennom å bygge ut tilboda i og rundt Helsehuset og Askvollheimen, og samstundes oppretthalde ei god heimeteneste i alle delar av kommunen.

Samfunn, kyrkje og kulturliv

Høgre ser kor viktig samspelet mellom kommune og frivillige lag og organisasjonar er, for eit variert kultur- og fritidstilbod for alle aldersgrupper. Vi ønskjer å utvikle det gode samarbeidet som det er lagt grunnlag for dei siste åra, og ta vare på eldsjelene og fremje dugnadsånda som ein grunnleggjande samfunnsverdi.

Med harte for born og unge

Gode skular og barnehagar er ein av berebjelkane i samfunnet. Askvoll Høgre ønskjer at alle born og unge skal få delta aktivt i samfunnet og utvikle og bruke evnene sine ut frå eigen ståstad. Vi ønskjer ein god skule- og barnehagekvardag for borna, der dei kan kjenne seg trygge og utvikle seg gjennom læring, tivsel og leik.

Busetjing av flyktningar

Høgre vil sikre eit godt språkopplæringstilbod og legge til rette for ei godt mottaksapparat for flyktningar som blir busette i vår kommune. Tett samarbeid mellom kommune og aktuelle frivillige lag og organisasjonar tryggjar ei god integrering og inkludering i Askvollsamfunnet.

SE HVA VI JOBBER MED

Klikk deg inn på de ulike kapitlene nedenfor. Last ned vårt program.

  • Eit godt helsetilbod og ein trygg alderdom

    Askvoll har eit godt og variert helse og omsorgstilbod. Vi vil utvikle og styrke tilbodet gjennom å bygge ut tilboda i og rundt Helsehuset og Askvollheimen, og samstundes oppretthalde ei god heimeteneste i alle delar av kommunen. Hjelp til å få vurdert tryggleikstiltak i eigen heim, kvardagsmeistring, ulike hjelpemiddel og jamleg tilsyn er tiltak som kan gje ei større oppleving av tryggleik. 

    Vi vil:

    • arbeide for ei trygg og effektiv ambulanseteneste på land og sjø.
    • byggje ut nytt aktivitetssenter og nye omsorgs- og institusjonsplassar ved Askvollheimen.
    • prøve ut velferdsteknologi og legge til rette for eit betre tilbod for demente.
    • ytte og oppgradere nye lokale til helsestasjonen.
    • ha fokus på folkehelsearbeidet i kommunen.
    • støtte opp om interkommunalt overgrepsmottak, senter mot incest og seksuelle overgrep.
    • oppretthalde ei god interkommunalt barnevernsteneste.
  • Samfunn, kyrkje og kulturliv

    Høgre ser kor viktig samspelet mellom kommune og frivillige lag og organisasjonar er, for eit variert kultur- og fritidstilbod for alle aldersgrupper. Vi ønskjer å utvikle det gode samarbeidet som det er lagt grunnlag for dei siste åra, og ta vare på eldsjelene og fremje dugnadsånda som ein grunnleggjande samfunnsverdi. 

    Vi vil:

    • ha eit variert kultur- og fritidstilbod både innandørs og ute i friluft.
    • støtte opp om ungdomsklubbane og andre kulturtiltak for born og unge.
    • gjennom kulturarbeidet inkludere og integrere våre nye innbyggjarar. Alle som bur i kommunen vår kan bidra ut frå sine mogelegheiter til eit enda rikare og meir mangfaldig samfunn.
    • Sikre løyvingar til rehabilitering av kyrkjebygga i budsjett og økonomiplanarbeidet.
  • Med hjarte for born og unge

    Gode skular og barnehagar er ein av berebjelkane i samfunnet. Askvoll Høgre ønskjer at alle born og unge skal få delta aktivt i samfunnet og utvikle og bruke evnene sine ut frå eigen ståstad. Vi ønskjer ein god skule- og barnehagekvardag for borna, der dei kan kjenne seg trygge og utvikle seg gjennom læring, tivsel og leik. Kommunebarometeret for 2014 syner at grunnskulen i Askvoll ligg på 7. plass i landet. Dette er vi svært stolte av og det triggar til vidare satsing. 

    Vi vil:

    • arbeide for å fremje tryggleik og kvalitet i barnehage- og grunnskuleopplæringa.
    • framleis ha fokus på skuleeigar/kommunen si rolle, og utvikle ein enda tettare dialog med barnehagane og grunnskulane i kommunen.
    • setje i verk etter- og vidareutdanningsprogram for undervisningspersonale i samband med auka kompetansekrav i grunnskulen.
    • arbeide for at Dale vidaregåande skule får bestå også i framtida.
    • sikre at elevane sjølve får velje utdanningsstad på tvers av kommune- og fylkesgrenser.
    • prøve ut Ungt Entrepenørskap i skulen.
    • utvikle kulturskuletilbodet i kommunen.
  • Busetjing av flyktningar

    Høgre har og vil støtte opp om at kommunen skal ta sin del av samfunnsansvaret for busetjing av flyktningar. Det har blitt lagt vekt på å etablere eit kvalitativt godt mottaksapparat med vekt på språkopplæring og integrering. Eit mangfaldig samfunn er etter vårt syn ein rikdom for forståing, utvikling og kreativitet.

    • Høgre vil sikre eit godt språkopplæringstilbod og legge til rette for ei godt mottaks- apparat for flyktningar som blir busette i vår kommune. Tett samarbeid mellom kommune og aktuelle frivillige lag og organisasjonar tryggjar ei god integrering og inkludering i Askvollsamfunnet.
    • Tal flyktningar må vere tilpassa den kapasiteten kommunen til ei kvar tid har.
  • Næring, infrastruktur og utvikling

    Høgre ønskjer å fremje eit godt næringssamarbeid i kommunen og regionen gjennom HAFS- Utvikling AS og omstillingsarbeidet og med andre aktuelle nabokommunar. Dialog og sam- handling er eit viktig grunnlag for å forstå utfordringar, mogelegheiter, roller og ansvar. 

    Vi vil:

    • halde fram omstillingsarbeidet ut 2016.
    • fremje og byggje opp under bedrifter som tenkjer utvikling, nyskaping og innovasjon.
    • sikre, utvikle og synleggjere ledige næringsareal i kommunen.
    • legge til rette for kompetansehevande og motivasjonsfremjande kurs for næringslivet.
    • legge til rette for nye lokalitetar og utviklande tiltak i oppdrettsnæringa.
    • arbeide for at skeri, industri, landbruk og reiseliv skal ha best mogeleg rammevilkår.
  • Samferdsle

    Næringsdrivande, yrkessjåførar, pendlarar, skuleelevar og småbarnsfamiliar – vi er alle avhengige av eit trygge og gode vegar. Også den framtidige kunnskapsøkonomien vår vil vere avhengig av ein moderne infrastruktur.

    Vi vil:

    • arbeide for at Atløysambandet blir ferdig planlagd og bygd.
    • arbeide for å få rassikra og utbetra fv. 609 med fokus på Heilevang/Hundsåna.
    • arbeide vidare for Kystvegen.
    • arbeide vidare med utbygging av breiband, ber og mobil.
    • halde fram med å oppgradere fast dekke, utbetre kommunale vegar og gjennomføre eire trafikktryggingstiltak gjennom å årleg sette av midlar i budsjett- og økonomiplanen.
    • ha fokus på trygge farleier, merking og mudring i samarbeid med Alden Hamneområde og Kystverket.
  • Samfunsstryggleik og beredskap

    Dei mange stormane, rasaktiviteten og aum har gjort oss medvitne om at vi er sårbare i møte med naturkreftene. Klima- og miljøpåverknadar er noko vi må ta på alvor. Ein god beredskap, førebyggjande tiltak og samarbeid mellom alle aktuelle fagetatar er ein føresetnad for å lykkast når ein står i aktuelle hendingar. 

    Vi vil:

    • evaluere beredskapsplanar og tiltakskort jamleg og gjennomføre øvingar.
    • legge vekt på eit tett samarbeid mellom alle fag- og naudetatar.
    • arbeide for ein heildøgns politiberedskap i regionen i samarbeid med nabokommunane og politiet.
    • styrke brannvernet
Last ned vårt program