5 grunnar til å røyste Høgre i Aurland

1. Trygg oppvekst med kunnskap og lærelyst

Born og unge i Aurland skal ha ein trygg og god oppvekst. Høgre vil framleis ha skule og barnehage både i Aurland og Flåm. Det skal vera barnehagetilbod heile året med kontinuerleg opptak og opningstid tilpassa brukarane. Høgre vil at skulane skal leggja vekt på kunnskap, meistring, inkludering og læringsglede. Det skal vera nulltoleranse for mobbing. Høgre vil arbeida for fritt skuleval i dei vidaregåande skulane i Vestland.

2. Aldersvennleg kommune

I Aurland skal det vera godt å leva heile livet. Høgre vil at eldre skal kunna delta aktivt og vera ein ressurs i samfunnslivet. Dei som har behov for hjelp, omsorg og pleie skal få tenester med høg kvalitet, tilpassa den enkelte sine behov og val. Høgre vil at Aurland til ei kvar tid skal ha nok omsorgsbustader og sjukeheimsplassar.

3. JA-kommune – på lag med jobbskaparane

Høgre vil at Aurland kommune skal spela på lag med næringslivet og sikra rom for initiativ, handlekraft, investeringar og berekraftig vekst. Kommunen skal jobba for at alle delar av næringslivet skal ha gode rammevilkår. Aurland skal ha enkle planprosessar og gje raske svar til interesserte. Høgre vil kutta utslepp, men ikkje stoppa utviklinga.

4. Attraktivt og rimeleg å bu i Aurland

Aurland skal vera ein attraktiv kommune både for dei som bur her og for tilflyttarar. Høgre vil ha frivillige kultur- og fritidsaktivitetar som berebjelkar for trivsel og god folkehelse. Høgre vil ha høgt tempo både i planlegging og bygging av bustader. Kommunale tenester skal ha høg kvalitet, vera effektive og rimelege. Høgre meiner at kommunen ikkje skal inndra straumstøtte, det som alt er innkrevd skal førast tilbake til abonnentane.

5. Folkevald styring med samarbeid

Det er eit viktig folkevald ansvar å sikra innbyggjarane sine interesser med gode tenester, tryggleik og forståing og gjennomslag i stat og fylkeskommune. Høgre meiner difor at folkevalde må ha eit sterkt engasjement og avgjerdsmynde i kommunestyre, formannskap og utval. Det vil og styrkja den viktige rolla administrasjonen og dei tilsette har. Høgre inviterer til breitt samarbeid for å utvikla Aurland til ein av dei beste kommunane å bu og arbeida i.