Politikk

Høgre set innbyggjarane i sentrum og vil alltid leggja hovudvekta på at dei tenestene kommunen tilbyr skal vera av høg kvalitet.

Våre hovedsaker

Beredskap - eit trygt Aurland

Aurland skal vera ein trygg kommune med effektiv førebygging, god lokal beredskap og godt samarbeid med Sivilforsvaret, Røde Kors og bedrifter.

Skule og barnehagar

Høgre vil at skulane våre skal leggja vekt på kunnskap og læring, at barnehagane har plass til alle og at elevar i vidaregåande skule kan bu heime dersom dei ønskjer det.

Jakt, fiske og friluftsliv

Høgre vil sikra vilkåra for allsidig friluftsliv.

Kyrkje, kultur, idrett og frivilleg arbeid

Høgre vil at frivillige kultur og fritidsaktivitetar skal vera berebjelkar i lokalsamfunnet.

SE HVA VI JOBBER MED

Klikk deg inn på de ulike kapitlene nedenfor. Last ned vårt program.

  • Beredskap - eit trygt Aurland

    Aurland skal vera ein trygg kommune med e ektiv førebygging, god lokal beredskap og godt samarbeid med Sivilforsvaret, Røde Kors og bedrifter. 

    Høgre vil:

    • behalda brann- og beredskap i Aurland – også leiarfunksjonen.
    • arbeida for å få på plass ambulanse.
    • arbeida for å behalda lensmannskontoret med god bemanning.
    • ha tett samarbeid mellom kommunen og dei frivillige.
    • leggja auka vekt på førebygging for å hindra skader, kriminalitet, ulukker/katastrofar.
  • Skule og barnehagar

    Høgre vil at skulane våre skal leggja vekt på kunnskap og læring, at barnehagane har plass til alle og at elevar i vidaregåande skule kan bu heime dersom dei ønskjer det. 

    Høgre vil:

    • Leggja til rette for vidare og etterutdanning av lærarar • arbeida for ein skule med ro i klassen og halde fram med nulltolleranse for mobbing.
    • arbeida for eit regionalt samarbeid om lærlingekontraktar innan ulike fag.
    • arbeida for at det skal vera mogleg for ungdom frå Aurland å velja om dei vil gå på vidaregåande skule i eige fylke eller i Hordaland.
    • behalda skulebåten til Sogndal så lenge det ikkje nst eit minst like godt alternativ.
    • jobba for eit tett og godt samarbeid mellom barnehagane og SFO i heile kommunen slik at borna alltid har eit godt og trygt tilbod, også om sommaren.
    • behalda barnehagetilbodet i Flåm og Aurland.
    • at det framleis skal vera full barnehagedekning med godt kvali sert personale.
    • at det skal vera kontinuerleg opptak til barnehagane.
    • Stø opp om Sogn Jord og Hagebruksskule samt Spiren barnehage.
  • Jakt - fiske - friluftsliv

    Høgre vil sikra vilkåra for allsidig friluftsliv.

    Høyre vil:

    • bygdefolket skal behalda noverande rettar til jakt/fiske.
    • ressursgrunnlaget vert utnytta med mindre bandlegging av areal/naturressursar.
    • leggje til rette for meir hyttebygging – og utvikla gode arenaer for vintersport, til dømes på Kvammadal.
  • Kyrkje - kultur - idrett - frivilleg arbeid

    Høgre vil at frivillige kultur og fritidsaktivitetar skal vera berebjelkar i lokalsamfunnet. 

    Høgre vil:

    • kyrkja skal ha ein sentral plass i kommunen vår.
    • Kyrkjene/kyrkjegardane vert haldne godt ved like.
    • kommunen skal yta tilskot til mykje brukte stiar, ferdselsvegar og bruer i utmark.
    • viktige kulturminne vert tekne vare på.
    • song- og musikklag, idrettslag, skyttarlag, humanitære organisasjonar og andre lag må få gode arbeidsvilkår.
    • ungdomane vert stimulert til å utvikla eigne prosjekt og tiltak.
    • snøskuterkøyring og motoraktivitetar skjer i trygge og organiserte former.
    • kommuneplan for Idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet vert oppdatert med nye viktige investeringsprosjekt som t.d. symjehall og og kunstgrasbane for å sikre høgast mogleg nansiering med tippemidlar.
  • Helse og sosial

    Høgre set innbyggjarane sine behov i sentrum for ein god helse- og sosialpolitikk. Tenestene må vera målretta mot alle aldersgrupper frå barn til eldre. Særleg må førebyggjande arbeid vektleggjast slik at god helse kan oppretthaldast over heile livslaupet.

    Høgre vil:

    • dei eldre skal ha eit fullgodt rehabiliteringstilbod, gode fritidstilbod og aktivitetstilbod.
    • alle eldre skal få bu heime så lenge dei ynskjer, med heimetenester av god kvalitet ut frå den einskilde sine behov.
    • Aurland kommune skal til ein kvar tid ha nok sjukeheimsplassar, omsorgsbustader og eldrebustader.
    • alle ledige omsorgsbustader skal lysast ut offentlig så snart dei er inn yttingsklar.
    • valfridom skal vera sentralt i tenestetilbodet.
    • heimesjukepleien skal styrkast.
    • det må satsast på rekruttering av fagpersonell innan helse og omsorgstenesta og det bør leggjast til rette for at eigne tilsette kan få relevant utdanning, eventuelt ved bruk av stipend.
    • kommunen skal vurdera å byggja omsorgstun for personar med spesielle behov.
    • for å styrka den psykiatriske helsetenesta bør kommunen vurdera å tilsette psykolog, eventuelt i samarbeid med nabokommunar.
    • fortsette fokus på førebygging, behandling og rehabilitering innan rusomsorga.
    • kommunen skal arbeide tett med NAV for å for organisera arbeidstilbod for personar som tek i mot sosialhjelp.
    • kommunen opprettheld krav om døgn stasjonær ambulanse, og inntil permanent løysing minimum stasjonær dag-ambulanse i den største turistsesongen frå mai til september.
    • gjennomgang av helsestasjon skal fylgjast opp med konkrete tiltak.
    • både legetenesta og fysioterapitenesta ved sjukeheimen skal styrkast med meir aktivitet, der rehabilitering av pasientar med nyleg oppstått sjukdom skal prioriterast, og særleg pasientar med hjerneslag.
    • demensomsorga til heimebuande skal styrkast.
    • resultat av gjennomgang av omsorgstenesta som er på gang skal fylgjast opp med snarlege konkrete tiltak.
  • Bustadsbygging

    Aurland skal vere ein attraktiv bustadkommune med tilgjengelege tomter/bustader i heile kommunen.

    Høgre vil:

    • auka tempoet i planlegging/utbygging. Rask utbygging er viktig og kan gjennomførast både i kommunal og privat regi.
    • leggja til rette for samla utbygging av bustadområde i privat eller kommunal regi.
    • oppretthalda tilskot til spreidd bustadbygging – ordninga må også omfatta private byggjefelt.
  • Næringsliv

    Høgre vil ha eit vekstkraftig næringsliv. Vi vil styrkja Aurland som reiselivskommune med heilårsaktivitetar. Eit lønsamt, konkurransedyktig og variert næringsliv er grunnlaget for ei god utvikling. Høgre vil gje næringslivet gode vilkår slik at me både sikrar eksisterande og legg tilhøva til rette for nye arbeidsplassar.

    Høgre vil:

    • arbeida for samarbeid mellom næringslivet og kommunen for å sikra rekruttering av arbeidskraft.
    • kommunen sine tenester skal vere profesjonelle, føreseielege og gje gode rammevilkår for næringslivet.
    • at kommunestyret føretek ein strategisk debatt om eigarskap i private verksemder.
    • stimulera til nyskaping og gründerverksemd ved målretta bruk av tilskotsordningane.
    • at alle delar av næringslivet skal nyta godt av midlar frå konsesjonsavgiftsfondet.
    • at næringsdrivande i Aurland alltid skal få høve til å gje tilbod på tenester og leveransar til kommunen.
    • leggja til rette areal for næringsutvikling.
    • arbeida for at kommunen – ikkje Fylkesmannen – tek avgjerd i saker om skjønn knytt til arealdisponeringar.
    • sjå positivt på at næringslivet organiserer felles/alternative ordningar innanfor til dømes avfallssortering og energiøkonomisering.
  • Bergverk og kraftutbygging

    Høgre vil utnytta naturressursane og sikra kraftkommunen Aurland sine interesser.

    Høgre vil:

    • at naturressursar vert utnytta så lenge det etter ei lokal vurdering er miljømessig forsvarleg.
    • opne for utnytting av mineralressursane i kommunen.
    • sjå positivt på kraftutbygging som vil gje auka produksjon/auka effekt av anlegg.
    • arbeida for at aumdempingstiltak ved overføring av vatn frå Flåmsvassdraget til Viddalsmagasinet vert gjennomført.
    • arbeida for gode miljøløysingar for Aurlandselva utan å redusera kraftproduksjonen.
    • arbeida for sentralnettstilkopling i Vassbygi.
    • halda på eigarskapen i Aurland Energiverk.
  • Landbruk

    Dette er ein vesentleg del av næringslivet. Vernet om eigedomsretten, fridom/råderetten og respekten for mennesket sitt ønskje om å klare seg sjølv og leva av eige arbeid/produksjon er sentrale verdiar. Styresmaktene skal ikkje legg hindringar i vegen for tilleggsverksemd og/eller samdrift, slik at bøndene kan utvikla eigedomane sine.

    Bonden må difor få romsleg fridom til å forvalta sin eigedom slik at den gjev optimalt igjen for innsatsen. Mindre reguleringar gjev betre rammevilkår i landbruket som i næringslivet elles.

    Høgre ønskjer ein mykje meir liberal praksis m.o.t. bu og driveplikt, konsesjonslova. Ved ei slik omlegging vil mange eigedommar kunna få ei høgare verdi/bli meir interessante for eire i høve busetjing/næring. Vert investeringslysta stor, vil det også bli betydeleg færre passive eigarar, noko som vil vere til stort gagn for dei bygdene folk har ytta i frå.

    Høgre vil:

    • forvalta landbrukspolitikken slik ar bonden får ei friare rolle i utnyttinga av sin eigedom.
    • oppmuntra til fellestiltak – samt legge til rette for lokal foredling/alternativ drift.
    • styrka den private eigedomsretten, og jobba for at vernestatus ikkje er til hinder for næringsutvikling.
  • Reiseliv og samferdsle

    Reiseliv med overnatting, servering, oppleving, handel og transport er den største næringa i privat sektor i Aurland. Reiselivsnæringa har eit stort vekstpotensiale og skal difor ha høg prioritet. Kommunen må arbeida nærare saman med dei etablerte bedriftene for å utvikla strategiske planar og fellestiltak som kan fremja investeringar og vekst. Det skal vera eit overordna mål å arbeida for sesongforlenging og betre grunnlag for heilårsdrift i eire bedrifter.

    Høgre vil:

    • Aurland skal styrkja sin posisjon som reiselivssenter i regionen og attraktiv cruisedestinasjon. Aurland skal vera eit heilårs reisemål.
    • at tiltak som hevar kvalitet, kompetanse og sørvis får prioritet.
    • ha best mogleg tog, buss og båtruter i alle sesongar.
    • gjera naturen meir tilgjengeleg for turistar ved skilting/rydding.
    • leggja til rette for vekstkraft i næringa. Føresetnaden må vera solid eigenkapital/vilje til stor eigeninnsats. Opne for tilførsel av kompetanse/kapital utanfrå.
    • at Aurland sine interesser skal ivaretakast på ein god måte i samarbeid kommunen er med i/yter støtte til.
    • ha Nasjonale turist ordar på linje med Nasjonale turistvegar.
    • gjera naturen meir tilgjengeleg for turistar med tilrettelegging/skilting.
    • vera open for bruk av naturen, også i verneområda.
    • arbeida for å sikra heilårsdrift på Flåmsbana med godt materiell/tenlege togavgangar.
    • at båtrutene mellom Flåm og Gudvangen har stopp i Aurland, Undredal, Dyrdal og Styvi.
    • arbeida for ferjerute Gudvangen–Kaupanger.
    • arbeida for heilårsopen veg og bussrute Aurland–Hol.
    • tidlegare opning på Nasjonal Turistveg Aurlandsfjellet.
    • arbeida for Flåm som endepunkt på heilårs båtruta Bergen–Flåm.
    • realisera gangvegen Heggviki–Bøen.
  • Kommuneøkonomi, kommunal tenesteproduksjon og arbeidsplassar

    Høgre vil ha sterkare folkevald styring og ein kommune med kombinerer gode tenester med forsvarleg økonomisk drift.

    Høgre vil:

    • sikra at politikarane styrer gjennom opne prosessar.
    • vurdera å gå bort frå to-nivå modell og oppretta etatsstruktur.
    • sikra at prisen på kommunale tenester vert så låg som mogleg og at prisen ikkje overstig tenesta sin reelle kostnad.
    • at interkommunalt samarbeid må gje synleg kvalitativ/økonomisk gevinst.
    • vidareutvikla arbeidsgjevarrolla slik at kommunen kan utvikla/halda på gode medarbeidarar.
    • at konsesjonsavgiftsfondet ikkje skal nyttast til drift.
    • at kommunal sakshandsaming skal vera rettferdig, nøytral og basert på fakta.
    • at kommunen ikkje skal påføre kundane auka straumpris ved større påslag på konsesjonskraftprisen.
    • skilja forvaltnings og driftsoppgåver slik at private og offentlege leverandørar kan konkurrera på like vilkår.
    • kunne samanlikna kvalitet og effektivitet i kommunen med andre kommunar og private. Ein må nna samanlikningsgrunnlag/mål for forbetring der kommunen har monopol.
    • halde fram med å e ektivsera kommunen.
  • Miljø

    Høgre vil:

    • leggja til rette for at kommunale bygg/verksemder vert miljøfyrtårn.
    • at ein i konkrete saker skal vurdera miljøkonsekvensar, og at miljøtiltak skal vurderast opp mot kost/nytte.
    • at berekraft skal vurderast m.o.t. miljø/økonomi/lokalsamfunnsutvikling.
  • Sentrumsutvikling

    Attraktive, trivelege og vekstkraftige sentra.

    Høgre vil:

    • ha gode planar for Aurlandsvangen, Flåm, Undredal og Gudvangen.
    • leggja til rette for næringsutvikling.
    • arbeida for gode/trygge tra kkløysingar.
    • ha plan for Aurlandsvangen med opprusting av kaiområdet slik at det blir tilgjengeleg/attraktivt.
    • arbeida for å få på plass tenderkai i Undredal
Last ned vårt program