Ei oppløftande meiningsmåling

Aurland Høgre takkar for tilliten. Den gir oss god motivasjon inn i valkampinnspurten.

Frode Bekkestad er Høgre sin ordførarkandidat og er svært glad for målinga. Han trur aurlendingene støttar opp om Høgre sitt fokus på næringslivet, eldreomsorga og straumstøtta i kommunen.

Aurland Høgre er opptekne av å løysa floken med cruiseturisme etter 2026.  Me har viktige verksemder både i Flåm og Aurland som er avhengige av at me held volumet i reiselivsnæringa oppe.

Høgre vil at innbyggjarane får straumstøtta tilbake, eit støtte som Staten gav og som Senterpartiet tok vekk og inn i kommunekassa.

Høgre gjekk og i front for å bygge og utvide helsetunet som no er snart ferdigbygd.

–Eg trur dette er døme på at me har fokusert på saker med eit aktivt partilag og gode folk på lista, der me fortsatt jobbar for eit godt valgresultat og positive politiske grep for innbyggjarane i Aurland, seier Frode Bekkestad, ordførarkandidat for Aurland Høgre.