Jubileumsmiddag!
fredag 20. august 2021
18:30 – 21:30
I år er det 50 år sidan Høgre stilte liste i Austevoll for første gong. Det feirar me med ein skikkeleg jubileumsmiddag!

Detaljer
Informasjon
1971 var eit tidsskilje i politikken i Austevoll. Dette var kommunevalet då det for første gong blei stilt reine partilister. Høgre var naturlegvis blant desse.
På dei 50 åra som har gått har Høgre verkeleg sett stort preg på den positive utviklinga av Austevoll-samfunnet.
Derfor skipar me til ein skikkeleg jubileumsmiddag for nye og gamle medlemmar i Austevoll Høgre. Statsminister Erna Solberg deltar, det same gjer justis- og beredskapsminister Monica Mæland, og fleire andre gjestar frå Stortinget, fylkeslaget og nabokommunar.
Det blir servert tre-rettarsmiddag. Eigendelen er 950 kroner.
Påmelding innan sundag 8. august til austevollhogre@gmail.com.