Politikk

Sidan Høgre vart stifta har partiet vore blant dei mest tonegivande i Austevoll. Hovudoppgåva vår er, og har alltid vore, å bidra til å gjere Austevoll-samfunnet til ein betre stad å bu og leve i.

Våre hovedsaker

Opplæring, barn og unge

Høgre vil sikre ein skule som er tufta på lærelyst, læringsutbytte og kompetanse. Austevollsskulen skal vere ein god plass å lære, å vere og å jobbe i.

Helse og omsorg

Alle austevollingar som blir ramma av sjukdom skal vere trygge på at dei får den helsehjelpa dei treng. Høgre skal sikre ein helsesektor som yt gode tenester i dag, og som er i stand til å hjelpe endå fleire austevollingar i framtida.

Vekst og verdiskaping

Høgre skal sikre at kommunen behandlar plan- og byggesaker kjapt og rettferdig. Planverket skal balansere behovet for nye bustader og ny næringsaktivitet i heile kommunen og god forvalting av naturen og friluftsområda.

Samfunn og frivilligheit

Austevoll Høgre skal medverke til ein politisk uavhengig og sterk frivillig sektor. Kommunen skal legge til rette for eit konstruktivt samarbeid mellom den frivillige sektor, privat næringsliv og kommunen.

SE HVA VI JOBBER MED

Klikk deg inn på de ulike kapitlene nedenfor. Last ned vårt program.

  • Opplæring, barn og unge

    Den viktigaste investeringa me kan gjere i samfunnet vårt er å sikre barn og unge god opplæring i skulen. Høgre vil sikre ein skule som er tufta på lærelyst, læringsutbytte og kompetanse. Elevane skal ha den beste opplæringa uavhengig av fagleg nivå og kva skule dei går på. Austevollsskulen skal vere ein god plass å lære, å vere og å jobbe i.

    Gode lærarar:

    Lærarane er kunnskapsarbeidarane i skulen og gode lærarar gir god opplæring. Høgre vil legge til rette for gode arbeidstilhøve for lærarane, anten det i klasserommet eller ved kontorpulten. Me vil halde fram tilbodet om etter- og vidareutdanning og vektlegge innspel frå lærarane og skuleleiarane i arbeidet med å styrke skulen i Austevoll.

    Derfor vil Austevoll Høgre:

    • Dra nytte av læraranes faglege kompetanse når nye mål for austevollsskulen skal setjast.
    • Halde fast ved ordninga om etter- og vidareutdanning av lærarar og justere i tråd med skulens faglege behov.
    • Søke å frigjere undervisningstid for lærarane, blant anna ved å bruke andre yrkesgrupper til å avlaste einskilte oppgåver som lærarane i dag må utføre.
    • Gjere skulen til ein meir attraktiv arbeidsstad blant annet ved å vurdere eire karrierevegar og nye stillingskategoriar i skulen, som lærarspesialist, førstelærar og førstelektor.
    • Opne for endringar i skulens ordensreglement for å gje lærarane betre moglegheit til å skape ro og orden i klasserommet.

    Kunnskap i skulen:

    Opplæringa i skulen skal løfte alle elevar, uavhengig av fagleg nivå og dugleik. Austevoll Høgre vil styrke opplæringa i skulen, og prioritere basisfaga først. Desse faga er viktige kvar for seg, og legg samstundes eit grunnlag for læring i andre fag. Me vil nytte oss av læraranes kompetanse til å sette nye, oppnåelege mål for Austevollsskulen.

    Derfor vil Austevoll Høgre:

    • Utarbeide ein forpliktande plan med konkrete tiltak for å styrke opplæringa i skulen.
    • Sikre tilpassa opplæring ut frå elevanes faglege nivå og dugleik.
    • Legge vekt på spesialisering innan basisfaga når nye lærarar skal tilsetjast.
    • Auke samarbeidet med lokale og regionale kunnskapsinstitusjonar, som Austevoll vidaregåande skule, den maritime fagskulen og Havforskingsinstituttet.
    • Vurdere ordningar der motiverte elevar som ønskjer ekstra utfordringar, får ta fag på høgare nivå.
    • Gjennomføre forsøk med anonym retting av tentamenar og større prøver på ungdomsskulen.
    • Medverke til å gjere overgangen frå barneskulen til ungdomstrinnet lettare ved å gjennomføre forsøk med karakterer i basisfaga frå 7. klasse.
    • Tilby opplæring i entreprenørskap i skulen.

    Eit godt skulemiljø

    Skulen skal vere ein god plass å lære og ein god plass å vere, med gode og inkluderande skulemiljø. Austevoll Høgre har nulltoleranse for mobbing, og me skal sørge for gode rutinar slik at mobbing blir fanga opp raskt og handert best og raskast mogleg. Elevane skal lyttast til og foreldre og føresette skal inkluderast for å sikre eit godt skulemiljø.

    Derfor vil Austevoll Høgre:

    • Særleg vektlegge kampen mot mobbing for å sikre gode og inkluderande sosiale miljø på skulane, og ha stor merksemd på digital mobbing.
    • Sørge for gode rutinar for å fange opp mobbing og sikre at offer blir ivaretatt og følgd opp på ein best mogleg måte.
    • Halde fram støtta til «MOT»-prosjektet og vurdere andre antimobbeprogram som har vist resultat.
    • Sikre ei god og tilgjengeleg skulehelseteneste for alle elevar i grunnskulen.
    • Legge til rette for meir fysisk leik og aktivitet i skulen.
    • Gje ungdommen meir ansvar, blant annet ved å gje ungdommens kommunestyre fullmakt til å fremje eigne saker til kommunestyret og i større grad bruke utvalet som høyringsinstans i relevante skulesaker.

    Leik og utvikling i barnehagen

    Barnehagen skal gi barn trygg og god omsorg og stimulere til leik og utvikling på barnas eigne premissar. Austevoll Høgre vil styrke samarbeidet mellom barnehage og skule for å gje barna ein god overgang til grunnskuleopplæringa. Dette er ikkje minst viktig for å legge betre til rette for barn med særskilde behov.

    Derfor vil Austevoll Høgre:

    • Sikre løpande barnehageopptak med seks telledatoar i året.
    • Leggje til rette for eit godt samarbeidet mellom barnehagane og skulen.
    • Sikre låg foreldrebetaling i barnehagane.
    • Sørge for at kommunen er konstruktiv og profesjonell overfor barnehagane.

    Leksehjelp og SFO

    Høgre vil sikre ei god skulefritidsordning (SFO) ved alle skular. Me vil også halde fram ordninga med leksehjelp, og vektlegge innsatsen mot dei eldste elevane.

    Derfor vil Austevoll Høgre:

    • Sikre tilbod om SFO ved alle skular.
    • Halde fast ved ordninga med leksehjelp i skulen.
    • Legge til rette for at eire fritidsaktivitetar blir tilpassa til når skuledagen er over, i samarbeid med kulturskule og frivillige lag og organisasjonar. 

    Ein trygg kommune å vekse opp i

    Alle barn har krav på tryggleik og god omsorg. Høgre vil sørge for at helse- og skulehelsetenesta er rusta til å fange opp barn og unge som treng hjelp, og klarar å fange opp familiar i krise. Me vil også framheve det personlege ansvaret kvar enkelt av oss har for å varsle om barn som på ulike måtar lid.

    Derfor vil Austevoll Høgre:

    • Sikre at barnevernet er prega av høg kvalitet med tenester som er tilpassa det enkelte barnet.
    • Sørge for at det er tilbod om skulehelseteneste med helsesøster på alle skular og barnehagar.
    • Drive førebyggande arbeid for å fange opp enkelttilfelle på eit tidlegast mogleg tidspunkt.
    • Legge til rette for samarbeid mellom kommunen og spesialisthelsetenesta i tråd med den gjeldande tenesteavtala.
  • Helse og omsorg

    Alle austevollingar som blir ramma av sjukdom skal vere trygge på at dei får den helsehjelpa dei treng. Høgre skal sikre ein helsesektor som yt gode tenester i dag, og som er i stand til å hjelpe endå eire austevollingar i framtida.

    Kompetente helse- og omsorgsarbeidarar

    Nye utfordringar og oppgåver er komne inn i kvardagen til dei tilsette i helse- og omsorgs- tenestene. Samhandlingsreforma har for fullt gjort seg gjeldande i kommunen, med strengare og meir omfattande krav til helsepersonellet. Dette krev auka satsing på kompetanse for dei tilsette, slik at innbyggjarane i Austevoll får forsvarlege og gode teneste.

    Derfor vil Austevoll Høgre:

    • Sikre gode arbeidstilhøve for dei tilsette i helse- og omsorgstenestene.
    • Leggje til rette for fleire helse- og omsorgsarbeidarar med relevant spisskompetanse.
    • Utarbeide ein kompetanseplan som viser kommunens behov for personell innan alle fag- grupper i helsesektor.
    • Jobbe målretta og langsiktig for å utvikle tenestene og følgje opp eigne handlingsplanar.
    • Sikre at alle med hjelpebehov får eit godt tilbod og som medverkar til eit meiningsfylt liv.
    • Sørge for at brukarar og deira pårørande har medverknad over tenestene dei har behov for.

    Ein god alderdom

    Austevoll skal vera ein eineståande kommune å bli gamal i. Dei som går alderdomen i møte og treng hjelp, skal få tilrettelagt for gode og meiningsfylte dagar. Hjelpetrengande eldre skal vera sikra at det er tilbod som skal ivareta dei ulike behova som kan oppstå når ein blir eldre. Austevoll Høgre vil sikre god kvalitet på helsetenestene til dei eldre.

    Derfor vil Austevoll Høgre:

    • Legge til rette for at dei som ønskjer kan bu heime.
    • Sørge for at det alltid er nok institusjonsplassar.
    • Legge til rette for meir bruk av omsorgsteknologi i helse- og omsorgssektoren.
    • Medverke til betre aktivitetstilbod til ulike grupper og fleire aktivitetar i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar.
    • Sikre tilgjengeleg legetilbod ved tilsyn og via fastlegeordninga.
    • Oppretthalde dagsentertilbodet.
    • Legge til rette for eit godt fagmiljø for aldersgeriatri.
    • Sikre Eldrerådet som ein viktig høyringsinstans.
    • Nytte eldrebussen til å køyre eldre som bur heime til og frå dagsentertilbod og helsetenester.

    Allmennhelsetenesta

    Høgre vil tilrettelegga for gode fysiske forhold for eit samla helsetilbod for innbyggjarane i kommunen. Det vil bli satsa på eit helsehus der ei breidde av ulik fagkompetanse samlast, og saman i eit godt tverrfagleg samarbeid kan tilrettelegga for eit heilskapleg helsetilbod. Helse- huset skal romme tilbod til alle aldersgrupper.

    Derfor vil Austevoll Høgre:

    • Sikre gode og tilgjengelege legetenester og legevakt.
    • Realisere eit helsehus på Storebø der ein samlokaliserer helsetenestene.
    • Styrke stillinga som folkehelsekoordinator i Austevoll kommune. 

    Psykiatri og rusomsorg

    Høgre har særskilt merksemd på psykiatritenesta. Me skal sikre at pasientar med psykiske lidingar får god hjelp og oppfølging. Kommunen skal også drive eit førebyggjande rusrelatert arbeid og sørgje for tenelege bustader for personar med både psykiatriske og rusrelaterte lidingar.

    Derfor vil Austevoll Høgre:

    • Styrka det tverrfaglege samarbeidet og ettervernet på tvers av rus og psykiatrisk helsevern, for å sikra eit heilskapleg tilbod til grupper med samansette behov.
    • Satse på førebyggande rusrelatert arbeid.
    • Sikre tenelege bustader for personar med rus- og psykiatriske lidingar der ein også tek omsyn til naboar og omgjevnader.
    • Styrke tilbod med miljøterapi i kvardagstilbodet for å gi meiningsfylte dagar.
    • Satse på alternative jobbtilbod for å førebyggje for bruk av rus, og gi motivasjon til deltaking i samfunnet.

    Menneske med nettsett funksjonsevne

    Menneske med nedsett funksjonsevne skal sikrast eit meiningsfylt tilbod i kvardagen, anten med barnehage, skule eller arbeid. Det skal føreliggje planar for bustad etter kvart som ein kjem i ein alder der det er naturleg å ytte for seg sjølv. Austevoll Høgre ynskjer å tilrettelegga med bustader, opplæring og arbeid, saman med brukarane og pårørande, for å gi eit best mogleg liv til den einskilde.

    Derfor vil Austevoll Høgre:

    • Sørge for at menneske nedsett funksjonsevne får tilbod basert på kvar einskilts behov.
    • Sikre god oppfølging av menneske med nedsett funksjonsevne i barnehagane, skulen og arbeidslivet.
    • Legge til rette for eigen bustad.
    • Legge til rette for betre kontakt mellom det frivillige og menneske med hjelpebehov, med ein eigen koordinator for frivillighet. Dette vil legge til rette for at eire som ynskjer å delta i samfunnet vil få moglegheit til det.

    God oppfølgjing etter sjukdom

    Rehabilitering og habilitering er ein del av det førebyggjande arbeidet. Dette vil sikre at folk som har vore sjuke, vil få større sjanse for å bli frisk og delta i samfunnet att. Det vil gjera Austevoll til ein betre stad å bu i for alle.

    Derfor vil Austevoll Høgre:

    • Styrke fysioterapi- og ergoterapitenesta.
    • Leggje til rette for tverrfagleg samarbeid mellom spisskompetansen innan dei ulike profesjonane i kommunen for å sikre eit heilskapleg arbeid med førebygging.
  • Vekst og verdiskaping

    Kommunen skal tilrettelegge for gode vekst- og rammevilkår for næringslivet, og attraktive budstadtomter for innbyggjarane. Høgre skal sikre at kommunen behandlar plan- og byggesaker kjapt og rettferdig. Planverket skal balansere behovet for nye bustader og ny næringsaktivitet i heile kommunen og god forvalting av naturen og friluftsområda.

    Vekstkraftige øy- og bygdesamfunn

    Høgre ønskjer bygder der folk trivst, med vekst i folketal og nye arbeidsplassar. Kommunen skal møte utbyggjarar med ei grunnleggande ja-haldning. Høgre vil sikre austevollingen tilgong på båtplassar og nausttomter, og stå for ei god kommunal forvalting av strandsona.

    Derfor vil Austevoll Høgre:

    • Revidere kommuneplanen jamleg, slik at planverket er oppdatert og svarar på arealbehova i kommunen.
    • Sikre framleis kjapp behandling av plan- og byggesaker.
    • At kommunen er konstruktiv og positiv i møte med utbyggjarar.
    • Sikre likebehandling og rettferdig behandling av søknader.
    • Gjennomføre forenklingar og effektivisere den kommunale plan- og byggesaksbehandlinga.
    • Halde gebyra låge slik at dei gjenspeglar dei reelle utgiftene som kommunen har til saksbehandling.
    • Legge til rette for meir fortetting, særleg sentrum av Storebø og Bekkjarvik, og støtte kombinasjonsbygg som inneheld både forretninglokale, kontor og bustader.
    • Utvide eksisterande gravplassar og eventuelt bygge nye.

    Ein næringsvenleg kommune

    Som reguleringsstyresmakt skal kommunen sikre gode rammevilkår og områder til næringsverksemd. Kommunen skal planlegge slik at eksisterande bedrifter har plass til å utvikle seg, og sikre områder for nye verksemder i kommunen.

    Derfor vil Austevoll Høgre:

    • Vere ein konstruktiv medspelar for næringslivet og legge til rette for vekst i eksisterande bedrifter og tilrettelegge for ny næringsverksemd.
    • Sørge for at det blir sett av tilstrekkeleg næringsområder i kommuneplanen, og hindre at viktige næringsareal blir fortrengt av andre føremål.
    • Utgreie næringsområde i det viktigaste traffikknutepunktet vårt, Hufthammar, i områda aust for kaien; nord og aust for eksisterande landbruksareal. rappe ned eigedomsskatten på verk og bruk.
    • Leggje til rette for utvikling av Austevoll som reiselivsdestinasjon, og i samarbeid med næringslivet medverke til å styrke reiselivsnæringa.
    • Følgje opp gründerbedrifter og vurdere å etablere eit gründerhus i Austevoll, med rimelege kontorlokaler, bedriftsnettverk og rådgiving, i samarbeid med det eksisterande næringslivet.
    • Medverke til å realisere Blått kompetansesenter, og jobbe for å auke aktiviteten som Havforskingsinstituttet og andre forskings- og utdanningsinstitusjonar har i Austevoll.
    • Jobbe for å styrke den maritime fagskule som eit regionalt tyngepunkt for maritim opplæring og kompetanse.
    • Videreutvikle næringssamarbeidet med nabokommunar, blant annet gjennom Business Region Bergen, Bergensalliansen og Samarbeidsrådet for Sunnhordland.

    Bedre kommunikasjon til og frå kommunen

    Som øysamfunn utan fast vegsamband har Austevoll større og andre samferdsleutfordringar enn nabokommunar. Austevoll Høgre vil sikre gode kommunikasjonar til og frå kommunen, og jobbe for betre ferjesamband og eire snøggbåtavgangar. Me vil også starte arbeidet om å realisere fast vegsamband til fastlandet.

    Derfor vil Austevoll Høgre: 

    • Sørge for meir tenelege ferjesamband og sørge for at ferjetilboda blir tilpassa det faktiske transportbehovet til og frå samfunnet vårt.
    • Medverke til at det komande ferjeutbodet har krav om nye ferjer, med høgare kapasitet og helst med eitt bildekk slik at av- og pålossinga går raskare.
    • Styrke ferjetilbodet mellom Hufthamar og Krokeide, med hyppigare avgangar og auka kapasitet.
    • Styrke ferjetilbodet mellom Husavik og Sandvikvåg, og på kort sikt vektlegge at sambandet har eire avgangar på kveldstid.
    • Jobbe for at kollektivtilbodet til sjøs blir styrka, med hyppigare avgangar på ruta mellom Sunnhordland og Bergen, med stopp i Bekkjarvik.
    • Samarbeide med nabokommunar om samferdslesaker, mellom anna ved å fronte felles interesser saman med kommunar som Bergen og Stord.
    • Sikre at ulike offentlege transporttilbod har korresponderande ruter både i Austevoll og på fastlandssida.

    Krafttak for vegane intern

    Austevoll har ei lang liste over vegstrekningar som treng utbetring og oppgradering. Austevoll Høgre vil sette i gang arbeidet med å utbetre vegnettet internt, og vil byrje med dei viktigaste vegstrekningane. Saman med fylkeskommunen som vegeigar skal Austevoll kommune starte det omfattande arbeidet med å ruste opp vegane i kommunen.

    Derfor vil Austevoll Høgre:

    • Starte arbeidet med heilskapleg opprusting av vegnettet i kommunen, og også vurdere nye vegtrasear der dette er hensiktsmessig.
    • Prioritere utbetring av flaskehalsar, traffikkfarlege vegar og utrygge skulevegar. Austevoll Høgre vil starte med vegane over Storebø, Bjelland, Torangsvågbrua med tilførselsvegar, og vegstrekningen frå brufestet på Selbjørnsbrua til Fagerbakkevågen.
    • Skilje biltrafikk og syklande og gåande med sykkel- og gangveg, særleg på strekningar der skulebarn ferdast.
    • Sikre ein rask og trygg lokalbåt mellom øyane.
    • Sørge for at kommunen har jamleg kontakt med andre vegeigarar og operatørar, som fylkeskommunen, Skyss og ferjereiarlag.
    • Sikre eit godt busstilbod i Austevoll med god frekvens og tenelege rutetider.

    Betre beredskap

    Austevoll er sårbar ved beredskapshendingar og ekstremvêr. Som øykommune utan fast vegsamband vil me ofte bli avskore for kommunikasjon og bistand frå fastlandet. Austevoll Høgre vil sørge for at kommunen har budd seg for å handtere alvorlege situasjonar, med oppdatert planverk som blir følgd i praksis.

    Derfor vil Austevoll Høgre:

    • Sikre god brann- og beredskapsteneste i kommunen.
    • Vurdere om driftsavbrot på ferjesambanda bør handterast som beredskapshendingar der krisetiltak blir iverksatt.
    • Gjennomgå kommunale beredskapsplanar, sørge for at dei er oppdaterte og blir følgde.
    • Sjå til at viktig infrastruktur og offentlege tenester er budd på å takle krisesituasjonar.
    • Gjennomføre øvingar der offentlege beredskapsetatar og andre beredskapsaktørar trenar saman.
    • Gjennomføre uavhengige granskingar av alvorlege beredskapssituasjonar.

    Bærekraftig naturforvaltning

    Austevoll er ei perle av eit øyrike, med unike natur- og friluftsopplevingar. Kommunen har eit viktig ansvar for å forvalte naturen på ein måte som gjer at komande generasjonar får nyte dei same natur- og friluftsopplevingane som det me gjer i dag. 

    Derfor vil Austevoll Høgre:

    • Føre ein forsvarleg forvaltningspolitikk, der me tek vare på unike naturområder.
    • Sørge for at austevollingane har tilgong til strandsona og moglegheit til båtplass og naust.
    • Sikre utmarksområder for villsau.
    • Basere naturforvaltinga på kunnskap og fakta og hindre unødvendig vern av områder som ikkje er i fare.
    • Jobbe for å hindre vern av Kross orden.
  • Samfunn og frivilligheit

    Austevoll Høgre skal medverke til ein politisk uavhengig og sterk frivillige sektor. Kommunen skal legge til rette for eit konstruktivt samarbeid mellom den frivillige sektor, privat næringsliv og kommunen. Målet er at Austevoll skal bli ein endå betre kommune å leve og bu i.

    Eit ope lokaldemokrati

    Høgre vil sikre eit ope lokaldemokrati der innbyggjarane får innsyn i den kommunale forvaltinga og kommunestyrets verksemd. Alle innbyggjarar skal vere trygg på at dei blir likebehandla. Det er særleg viktig at saker som påverkar mange innbyggjarar skal behandlast på ein skikkeleg måte, der folk får høve til å seie kva dei meiner.

    Derfor vil Austevoll Høgre:

    • Sikre at det er offentleg innsyn i dei politiske prosessane i kommunen.
    • Sørge for at informasjon om den kommunale saksbehandlinga blir gjort kjent for innbyggjarane.
    • Gjennomføre offentlege høyringar i viktige lokalpolitiske saker.
    • At enkeltsaker som er i tråd med overordna planar og vedtak skal behandlast kjapt og utan unødig opphald.
    • Gå mot kommunesamanslåing, særleg på grunn av at kommunen ikkje har fast vegsamband til ein nabokommune.

    Ansvarleg økonomisk styring

    Ansvarleg økonomisk styring er grunnleggjande for å sikre gode kommunale tenester. Dei første som blir ramma av dårleg kommuneøkonomi er dei som treng kommunen aller mest. Derfor skal det vere reell balanse i kommunebudsjettet og kommunen skal vere økonomisk robust, slik at kommunen også er budd til å takle auka renteutgifter.

    Derfor vil Austevoll Høgre:

    • Føre ein ansvarleg økonomisk politikk der det er samsvar mellom kommunens drift og dei økonomiske rammene.
    • Sørge for at varige utgifter og investeringar er berekraftige, og at kommunen er budd til å takle finansutgifter også med høgare renter.
    • Effektivisere byråkratiet i Austevoll kommune der dette er mogleg, utan at det går utover førstelinjetenestene og kvaliteten på dei offentlege tenestene.
    • Arbeide for at det statlege inntektssystemet til kommunane tar omsyn til utfordringar i vekstkommunar.
    • Betre tilsynet med økonomiske stønad og midlar som kommunen yt til private aktørar.

    Ein uavhengig frivillig sektor

    Frivillig sektor er ein heilt uvurderleg del av Austevoll-samfunnet. Høgre vil sikre offentleg økonomisk støtte til frivillige lag og organisasjonar og involvere sektoren i å løyse nokre av samfunnsoppgåvene me står overfor.

    Derfor vil Austevoll Høgre:

    • Sikre at frivillig sektor er politisk uavhengig.
    • Styrke det kommunale samarbeidet med frivillige lag og organisasjonar.
    • Opprette ein frivillighetssentral for å koordinere kontakten med den frivillige sektoren og koordinere frivillig arbeid.
    • Legge til rette for rusfrie ungdomsaktivitetar, med økonomisk støtte og tilgang til kommunale bygg.

    Aktive austevollingar

    Idretten er ein berebjelke i det frivillige Austevoll. Høgre vil jobbe for eit mangfaldig av idretts- tilbod, støtte til breiddeidretten og sikre vedlikehald av eksisterande idrettsanlegg. Idretten har ei nøkkelrolle for å fremje trening og ein sunn livsstil.

    Derfor vil Austevoll Høgre:

    • Halde fast på den organisatoriske fridomen som pregar idrettsrørsla.
    • Legge vekt på innspel frå idrettsrådet.
    • Sikre ei kommunal støtte til idrettslaga i kommunen og støtte viktige idrettsstemner og -arrangement.
    • Sikre midlar til naudsynt vedlikehald og rehabilitering av eksisterande anlegg og bygg.
    • Medverke til å realisere basseng på Storebø.
    • Vedlikehalde og bygge nye tur-, gang- og sykkelstiar, verne naturområder og jobbe for å gjere desse endå meir tilgjengeleg for austevollingane og turistar.

    Eit kulturelt øyrike

    Austevoll har ein lang historie, og me har eit ansvar for å ta vare på den stolte kulturarva vår. Me må legge til rette for eit mangfaldig kulturliv som både inneheld tradisjonelle og nye kultur- aktivitetar og -tilbod.

    Derfor vil Austevoll Høgre:

    • Styrke Austevoll kulturskule og redusere elevbetalinga.
    • Sikre høg kvalitet i kulturskulen og at elevar i kulturskulen får valet mellom individuell undervisning og gruppeopplæring.
    • Støtte kulturaktivitetar og -arrangement i heile kommunen.
    • Vurdere å skipe eit fond for kulturaktivitetar, gjerne i offentleg-privat-regi, som skal yte lån og støtte til arrangement og kulturaktørar.
    • Vurdere å innføre tilbod om introduksjonskurs i kulturskulen.
    • Arbeide for kulturformidling og -aktivitetar til austevollingar, i alle aldersgrupper.
    • Sørge for at kyrkjebygga blir ivaretatt og at kyrkjerådet har fridom i kyrkjepolitiske saker.

    Ein tilgjengeleg kommune

    Austevoll kommunen er til for innbyggjarane og hovudoppgåva er å sørge for gode kommunale tenester for brukarane. Kommunen skal vere imøtekomande, konstruktiv og effektiv i møte med austevollingane. Høgre vil forenkle interne behandlingsprosessar, og gjere kommunen endå meir tilgjengeleg for innbyggjarane.

    Derfor vil Austevoll Høgre:

    • Gjere kontakten med kommunen enklast mogleg, blant anna ved å gjere nettsidene kompatible med smarttelefon.
    • Sørge for at est mogleg søknader kan behandlast på nett og mobil.
    • Jobbe for å forenkle saks- og søknadsbehandlinga.
    • Justere opningstidene for offentleg servicekontor, slik at det er lettare å ta kontakt med kommunen utover ordinær arbeidstid.
    • Også vektlegge klima- og miljøomsyn i dei offentlege innkjøpa og gjennomføre tiltak for å gjere den kommunale forvaltinga meir klimavenleg.

    Personalpolitikk

    Kommunens viktigaste ressurs er medarbeidarane som jobbar i forvaltinga. Høgre vil føre ein føreseieleg personalpolitikk, tufta på eit ope og godt samarbeid med dei tilsette og deira organisasjonar. Målet er å gjere kommunen til ein meir attraktiv stad å jobbe, og sikre at me kan konkurrere om dei beste fagfolka.

    Derfor vil Austevoll Høgre:

    • Føre ein føreseieleg og inkluderande personalpolitikk.
    • Gjere kommunen til ein endå betre arbeidsgjevar blant anna ved å styrke leiaropplæringa og drive organisasjonsutvikling.
    • Arbeide for å hindre uønskt deltid og redusere fråværet frå arbeidsplassen.
    • Leggje til rette oppgåver og arbeidstider overfor dei eldste medarbeidarane i kommunen for å sikre at endå eire står i jobb til dei når pensjonsalderen, og utover fylte 67 år for dei som ønskjer dette.

    Innvandring og flyktningar

    Rundt ti prosent av innbyggjarane i Austevoll er innvandrarar. Austevoll Høgre meiner det er svært viktig at me sikrar god integrering av innvandrarar, og sikrar at dei kan bli fullverdige medlemmar av samfunnet vårt.

    Derfor vil Austevoll Høgre:

    • Sørge for tilgjengeleg og god norskopplæring av innvandrarar, og sørge for at dei blir kjent med norske lovar og det norske samfunnslivet.
    • Samarbeide med næringslivet for å sikre god integrering av innvandrarar.
    • Sikre språkopplæring av barn av innvandrarar i skulen.
    • Vektlegge faglege, sosiale og økonomiske omsyn ved mottak av flyktningar og sørge for at kommunen tar imot flyktningar med beskyttelsesbehov.
    • Bruke biblioteket som ein arena for integrering av særleg vaksne innvandrarar. • Samarbeide med frivillige lag og organisasjonar for å sikre integrering av innvandrarar.
Last ned vårt program