Valprogram
2023-2027

Her kan du sjå kva me går til val på i Austevoll i komande periode!

Høgre har høge ambisjonar for Austevoll! Her kan du lese om saker me vil jobbe med dei neste fire åra og løysingar og tiltak me ønskjer å gjennomføre.

Her kan du lesa vårt valprogram:

💙 Arbeidsplassar og verdiskaping

Arbeidsplassar, verdiskaping og eit mangfaldig næringsliv er ein føresetnad for eit godt liv og vidare vekst og utvikling. Store og små lønsame bedrifter gjer at bygdene og lokalsamfunnet blomstrar.

Me i Austevoll Høgre vil:

  • Jobbe for best mogleg rammevilkår for næringslivet i Austevoll og sikre at kommunen bidreg til at lokale bedrifter har føresetnader for å vekse og utvikle seg vidare.
  • Vere eit tydeleg talerøyr overfor nasjonale og regionale styresmakter i saker som berører rammevilkåra til lokale bedrifter og bransjar.
  • Blåse nytt liv i kommunens næringsfond som verktøy for vidare næringsutvikling og marknadsføring av Austevoll og lokale bedrifter.
  • Støtte opp under tilrettelagt arbeid og bidra til fleire tilrettelagte arbeidsplassar slik at endå fleire kjem seg i arbeid. Ha særskilte tiltak for unge som fell utanfor arbeidslivet, blant anna i samarbeid med NAV og Austevoll ASV.
  • Jobbe for betre kommunikasjon til fastlandet og internt i kommunen.
  • Gå i tettare dialog med næringslivet i Austevoll om tilgong til næringsareal og planlegging av desse. Forbetre plan- og byggesaksbehandlinga til kommunen og sørge for at offentlege planar er oppdaterte og skapar moglegheiter for vekst.
  • Seie tvert nei til grunnrenteskatt på havbruk og fiskeri og andre særskattar som aukar skattetrykket på bedriftene våre og forskjellsbehandlar bransjar og næringar.
  • Vere ei tydeleg stemme overfor Høgre sentralt for vekstfremjande og stabile rammevilkår for næringslivet og redusert skattlegging av eigarskap av bedrifter.
  • Ha eit godt samarbeid med bransjeorganisasjonar og foreiningar som representerer lokale næringsaktørar, blant andre Austevoll Næringsråd, Blått kompetansesenter vest, Austevoll Reiselivslag og Ungt Entreprenørskap.
  • Støtte opp under Austevoll vidaregåande skule, fagskulen og havforskingsstasjonen på Sauganeset, og arbeide for etablering av fleire utdanningsløp. Samarbeide med aktørane på Sauganeset om etablering av utleigebustader for elevar, studentar og forskarar.
  • Sørge for at landbruket ikkje møter motstand når næringa ønskjer å utvikle seg. Høgre støttar nytenking og modernisering av landbruket i Austevoll. Eit aktivt og levedyktig landbruk er viktig for blant anna lokal matproduksjon og vedlikehald av kulturlandskapet.

💙 Barn og unge

Barnehage

Barnehagen er viktig for leik, læring, utvikling og sosialisering. Det må vere ein god overgang mellom barnehage og grunnskule, og tett samarbeid mellom barnehagane og kommunale tenester som helsestasjon og PPT.

Me i Austevoll Høgre vil:

  • Halde fast på løpande barnehageopptak slik at ein slepp å vente på plass dersom barnet er fødd etter teljedato.
  • Sikre at søsken får plass i same barnehage.
  • Bidra til eit godt samarbeid mellom barnehagane og kommunale tenester som rettar seg mot barn, som helsestasjon og PPT.
  • Legge til rette for god overgang mellom barnehage og skule.
  • Oppretthalde private barnehagar.
  • Sikre den kommunale tilsynsrolla og sjå til at barn og foreldre har eit godt barnehagetilbod og at offentlege tilskot kjem barna til gode.

Skule

Austevoll Høgre har høge ambisjonar for Austevollsskulen. Me skal satse endå meir på ein kunnskapsskule som gjev moglegheiter for alle. Mykje har gått rett veg i skulen, men det er framleis utfordringar. Blant anna blir for mange elevar hengjande etter i skuleløpet.

Me i Austevoll Høgre vil:

  • Sørge for at skulen tilrettelegg behova til alle elevar. Skulen skal følgje opp alle elevar, både dei som er fagleg flinke og dei som treng ekstra hjelp.
  • Sørge for at skulen er tidleg ute med kartlegging av elevar med særskilte behov slik at ein også kan setje i verk tiltak tidleg. Barn som har fått oppfølging frå PPT i barnehagen skal ha med seg all nødvendig informasjon vidare til barneskulen.
  • Oppretthalde eit godt SFO-tilbod og sørge for at det er nok plassar, sikre lågast mogleg foreldrebetaling i SFO, halde fast på søskenmoderasjon og redusert betaling for familiar med låg inntekt.
  • I skuleferiar skal også elevar ved Kolbeinsvik Montessoriskule kunne nytte SFO-tilbodet ved dei kommunale skulane.
  • Sikre tilbod om skulelunsj på alle skular, låg foreldrebetaling, søskenmoderasjon og redusert betaling for familiar med låg inntekt.
  • Støtte opp under Kolbeinsvik Montessoriskule og sørge for eit godt samarbeid mellom montessoriskulen og den kommunale skulesektoren.
  • Ha nulltoleranse mot mobbing. Alle mobbesaker skal takast på alvor. Innsatsteamet mot mobbing, som Høgre har tatt initiativ til, skal sikrast gode vilkår for arbeidet sitt.
  • Auka samarbeid mellom barne- og ungdomsskule, sørge for at det går ei linje heilt frå barnehage, barneskule til ungdomsskule for barn med særskilte behov og lese- og skrivevansker.
  • Prøve ut frivillig arbeidstrening i ungdomsskulen gjennom utplassering i bedrift.
  • Innføre eit obligatorisk yrkesfagleg valfag, styrke rådgjevinga og motivere flere til å velje yrkesfag på vidaregåande.
  • Styrke karriererettleiinga i ungdomsskulen og sørge for å synleggjere breidda av utdanningar og karrierar elevane kan velje.
  • Sikre betre tilpassa opplæring for elevar med høgt læringspotensial, meir kompetanse hos lærerane om denne elevgruppa og fleire tilbud om ekstra opplæring eller moglegheit til å forsere fag og nivå.
  • Gjera det lettare for skulane å ta i bruk alternative opplæringsarenaer for elever som står i fare for å droppe ut.
  • Legge til rette for meir praktisk opplæring og opplæring i entreprenørskap og tettare samarbeid med Ungt Entreprenørskap som kommunen har avtale med.
  • Tilby opplæring i personleg økonomi.

Trygg barndom og ungdomstid

Det er viktig at utfordringar og vanskar blant barn og unge blir handtert på eit tidleg stadium. Førebyggjande arbeid og gode tenester bidreg til tryggare barndom og ungdomstid.

Me i Austevoll Høgre vil:

  • Oppretthalde eit breitt og tilgjengeleg helsetilbod for barn og unge med blant anna helsestasjon, skulehelseteneste og psykolog for barn og unge.
  • Vere positiv til auka samarbeid med andre kommunar innan barnevernet og vurdere omorganiseringar og tiltak som kan forbetre tenesta.
  • Ta rusmisbruk blant ungdom og unge vaksne på alvor. Kommunens tiltak og innsats må basere seg på medverknad frå fagfolk og ungdom og unge vaksne. Det må vere eit godt samarbeid mellom fagavdelingar internt i kommunen og eksterne aktørar som politiet og Austevoll vidaregåande skule.
  • Vidareføre livsmeistrings-programmet MOT, blant anna for å bidra til at fleire unge lærer å handtere utfordringar dei møter i kvardagen.
  • Vidareføre ordninga med ungdomslos også etter at statsstøtta fell vekk. Ungdomslosen følgjer opp ungdom som har høgt fråvær i skulen og er eit viktig tiltak for å forhindre utanforskap.
  • Satse ytterlegare på å motverke utanforskap med å innføre lågterskeltibod for unge vaksne som ikkje klarar å gjennomføre arbeid eller utdanning og som fell utanfor eksisterande offentlege ordningar. Høgre vil hente erfaringar frå blant anna Posterius-prosjektet til Bjørnafjorden kommune.
  • Sørge for meir likebehandling mellom ungdomsklubbar i kommunale bygg og i grendahusa, slik at aktivitet i grendahusa ikkje har ei økonomisk ulempe samanlikna med aktivitetar i kommunens eigne bygningar.
  • Halde fram kostnadsfrie lågterskeltilbod som BUA og open hall slik at så mange som mogleg kan ta del i frilufts- og fritidsaktivitetar.

💙 Helse og omsorg

Folkehelse

Gode levekår, god helse, livskvalitet og trivsel er viktig for ei sunn folkehelse. Folkehelsearbeidet må byggje på positive verkemiddel og eit mangfald av tiltak som gjer at det er tilpassa menneske i alle livsfasar.

Me i Austevoll Høgre vil:

  • Sikre at det er tett samarbeid mellom dei ulike kommunale tenestene som driv med folkehelsearbeid.
  • I endå større grad inkludere frivilligheita i det breie folkehelsearbeidet, blant anna med tilbod som reduserer einsemd og legg til rette for kvardagsaktivitetar.
  • Satse vidare på førebygging av livsstilssjukdomar og god informasjon om enkle val ein kan gjere i kvardagen for å leve sunnare.

Eldreomsorg

I Austevoll har me god eldreomsorg. Det skal vere trygt å vite at du sjølv eller den du er glad i, får god hjelp og omsorg om behovet melder seg. Høgre vil satse vidare på dei gode løysingane innan eldreomsorg og ta med brukarar, pårørande og tilsette når me skal utvikle tenestene vidare.

Me i Austevoll Høgre vil:

  • Gjere det lettare å få informasjon om kva tenestetilbod kommunen tilbyr og kva rettar eldre har til hjelp og omsorgstenester.
  • Gjere det enklast mogleg å søke om omsorgstenester og sørge for at det ikkje er venteliste for plass i omsorgsbustad, på institusjon, avlasting eller dagsenter.
  • Satse vidare på omsorgsbustader og vere positiv til etablering av fleire omsorgsbustader og heildøgnsteneste ved Birgittunet. Høgre vil legge vekt på innspel frå brukarar og tilsette i den vidare utviklinga av omsorgstilbodet i kommunen.
  • Halde fram arbeidet for eit meir aldersvenleg samfunn. Eldre, pårørande og tilsette skal medverke til å kartlegge behov og lokale utfordringar, og i arbeidet med målretta tiltak.
  • Legge til rette for at eldre kan bu lengst mogleg i sin eigen heim, med gode heimebaserte tenester og fysisk tilretteleggingar i bustaden.
  • Halde fast på omsorgstrappa slik at tenestetilbodet til den enkelte er mest mogleg tilpassa dei faktiske behova til brukaren.
  • Innføre faste brukar- og pårørandeundersøkingar for å få kunnskap om korleis brukarane opplever tenestene. Dette vil bidra til betre overordna styring og innføring av tiltak som betrar kvaliteten på tenestene og arbeidstilhøva for dei tilsette.
  • Samarbeide med frivillige lag om sosiale møteplassar og aktivitetar for eldre. Mange eldre opplever å misse sosial kontakt når dei blir pensjonistar.
  • Oppretthalde ei god kjøkkenteneste med merksemd på sunn og god mat.
  • Vidareutvikle tilbodet til personar med demens og deira pårørande. Høgre vil samarbeide med frivilligheita og handelsstanden for å bidra til at det er enklare og tryggare for personar med demens å meistre kvardagslege aktivitetar.
  • Halde fram satsinga på velferdsteknologi blant anna for å gje eldre moglegheit for å bu heime lenger.
  • Utvide den kulturelle spaserstokken til også å gjelde for fysiske aktivitetar, turar og ekskursjonar.
  • Halde fram kurs i data og digitale hjelpemiddel i samarbeid med frivillige.

Kommunehelseteneste

Helsetenestene i kommunen er førstelinja for behandling og førebygging. Det er viktig at me har eit robust helsetilbod og eit godt fagleg samarbeid på tvers av kommunale helseavdelingar og med spesialisthelsetenesta.

Me i Austevoll Høgre vil:

  • Vidareføre ordninga med primærhelseteam også etter at statsstøtta fell bort. Primærhelseteamet gjev betre koordinerte og meir samanhengande tenester for brukarar som har særskilt behov og reduserer behovet for meir omfattande helse- og omsorgstenester.
  • Halde fast på at legane er tilsette i kommunen slik at dei slepp økonomisk belastning og utryggleik ved å måtte kjøpe eller etablere eigen legepraksis.
  • Oppretthalde ei god jordmorteneste og følgjeteneste for å sikre god oppfølging og bistand til gravide og fødande.
  • Sikre eit godt rehabiliteringstilbod som blant anna gjer det lettare å kome seg til hektene igjen etter sjukdom og å gjenoppta kvardagsaktivitetar.
  • Ta helsa til pårørande på alvor for å unngå at folk blir sjuke av innsatsen dei gjer som pårørande.
  • Sørge for at kommunen har eit godt tilbod til personar med psykiske vanskar og rusproblem.

Tilbod til menneske med nedsett funksjonsevne

Nedsett funksjonsevne er individuelle forhold som kan gjere at den einskilte kan ha trong for tilrettelegging og hjelp. Austevoll Høgre ønskjer eit inkluderande samfunn kor funksjonsevna di ikkje avgjer om du kan delta i samfunnslivet.

Me i Austevoll Høgre vil:

  • Vere medviten på tilhøve som diskriminerer menneske med nedsett funksjonsevne. Dette handlar blant anna om å sikre universell utforming av offentlege bygg og infrastruktur og at dokument og sakspapir er lesbare.
  • Etablere «ei dør inn» for offentlege tenester som rettar seg mot personar med nedsett funksjonsevne. Formålet er å hindre at brukarar og pårørande blir kasteballar i systemet, og at dei lettare skal få hjelp og rettleiing som koordinerer på tvers av offentlege etatar. Dette er til dømes i overgangen frå kommunal grunnskule til fylkeskommunal vidaregåande opplæring.
  • Gjere det lettare for foreldre til barn med funksjonsnedsettingar å få informasjon så tidleg som mogleg om tenestetilbod og rettigheiter, i forkant av at det blir utarbeidd individuell plan.
  • Hauste erfaringar frå andre kommunar og organisasjonar som Norsk forbund for utviklingshemmede, Blindeforbundet, Handikapforbundet, for å bli flinkare til å gjere konkrete tiltak for å ta omsyn til personar med ei eller annan form for funksjonsnedsetting.
  • Oppretthalde ei god miljøarbeidar-teneste og eit godt tenestetilbod for personar som både bur i kommunale bustader og i eigen heim.
  • Samarbeide med frivillige og lokale foreiningar om å forbetre fritidstilbodet til personar som opplever sosialt utanforskap, til dømes på grunn av funksjonsnedsetting.
  • Gjennomgå kommunale støtteordningar for tilrettelegging av bustader for menneske med nedsett funksjonsevne.
  • Sørge for godt og føreseieleg avlastingstilbod og BPA-ordning.
  • Verne om Austevoll ASV og breidda i tilbod og aktivitetar som skjer i regi av denne kommunalt eigde verksemda.

💙 Innvandring, flyktningar og integrering

Austevoll er avhengig av innvandring for å sikre arbeidskraft både i privat og offentleg sektor. Samstundes tek kommunen imot menneske på flukt. Å lære seg norsk og å delta i utdanning og arbeidslivet er avgjerande for god integrering.

Me i Austevoll Høgre vil:

  • Sørge for at det er eit godt samarbeid på tvers av fagavdelingane og tilsette som følgjer opp innvandrarar og flyktningar.
  • Vere positiv til ein ny fast, møteplass for innvandrarar, flyktningar og fastbuande. Mange austevollingar har innvandringsbakgrunn og Høgre ønskjer å medverke til endå betre integrering og oppfølgjing. Her kan ein bygge vidare på det gode samarbeidet med, og innsatsen til, frivillige lag, foreiningar og personar som sjølv har bakgrunn som innvandrar eller flyktning.
  • Halde fram med å ta imot flyktningar, men ikkje ta imot fleire enn det kommunen og lokalsamfunnet har kapasitet til å følgje opp på ein skikkeleg måte.
  • Bidra til at flyktningar blir kjent med lokalsamfunnet, får arbeidstrening og kan delta i frivillig arbeid.

💙 Bygging og arealplanar

Område å vekse på

Det er svært viktig at det blir lagt til rette for nok areal kor folk kan bu og kor bedrifter kan skape arbeidsplassar.

Me i Austevoll Høgre vil:

  • Sørge for at det er nok område med gode bukvalitetar for nye bustad i alle krinsar og bygder i kommunen.
  • Sikre næringsareal slik at eksisterande bedrifter har plass til å utvide og nye verksemder kan etablere seg. Det er viktig å legge til rette for næringsareal langs og i sjø og nær hovudvegar.
  • Legge til rette for ulike bustadtypar, som einebustader, rekkehus, leilegheitsbygg og minihus, for blant anna å gjere det enklare for fleire å kome seg inn på bustadmarknaden.
  • Legge særleg til rette for fleire hytter der det er hytteområde frå før. Slik kan ein i så stor grad som mogleg bruke eksisterande infrastruktur, og konsentrere og redusere nye naturinngrep som hyttebygging fører med seg.
  • Vere medviten på konfliktar som kan oppstå mellom ulike arealformål, til dømes mellom industri og bustad, og planlegge slik at konfliktpotensialet blir minst mogleg.

Enklare å bygge

Ofte tar det for lang tid å kome i gang med byggearbeid. Dette er fortvilande og fordyrande for dei som skal bygge, og i ytterste konsekvens hindrar det ønskeleg og nødvendig samfunnsutvikling.

Me i Austevoll Høgre vil:

  • Jobbe for at kommunen i ord og handling er positiv, imøtekomande og ein konstruktiv medspelar som gjev rettleiing og hjelp til dei som ønskjer å bygge i kommunen, eller som er i gang med bygging og arealplanlegging.
  • At kommunens plan- og byggesaksbehandling skal vere prega av god service, forståeleg informasjon og raskast mogleg kommunikasjon.
  • Halde fram arbeidet for å redusere saksbehandlingstida mellom anna med forenklingar i saksbehandlinga og standardiseringar.
  • Halde gebyra i plan- og byggesaker lågast mogleg.
  • Sørge for at den overordna kommunale arealplanen (KPA) forenklar krav og reglar for bygging.
  • Fjerne behovet for unødvendige dispensasjonar, blant anna når det gjeld krav om reguleringsplan og manglande byggegrense mot sjø.
  • Hindre at det blir stilt tyngande og urimelege krav til utbetring eller bygging av infrastruktur eller felles uteareal som ikkje står i forhold til sjølve byggetiltakets storleik og påverknad.
  • Forenkle kommunens planverk og sørge for at kommunale planar er oppdaterte og bidreg til føreseieleg og rask saksbehandling.
  • Sørge for at kommunen har oppdaterte kartleggingar og utgreiingar. Gamalt og skrint kunnskapsgrunnlag kan gjere at Statsforvaltar og fylkeskommune vinn fram med klager og motsegn i saker kor kommunen ønskjer samfunnsutvikling og utbygging.
  • At det skal etablerast ei betre rettleiingsteneste for innbyggjarar og bedrifter som vurderer å gå i gang med byggetiltak, blant anna for å få nødvendige avklaringar før ein sender formell søknad.
  • Vurdere tematiske endringar av kommuneplanen. Rullering av heile kommuneplanen er ein omfattande prosess. Tematisk avgrensa endringar kan sørge for at viktige delar av planen raskare kan oppdaterast og forbetrast utan å måtte rullere heile planen.
  • Arbeide for forenklingar av nasjonale lovar reglar som kompliserer den kommunale plan- og byggesaksbehandlinga.
  • Jobbe for ei digital løysing der søkjar kan følge saksgongen i søknaden sin.
  • Etablere eit fast samarbeid mellom kommunen og lokale utbyggjarar og ansvarlege søkjarar. Kommunen skal lytte til lokale aktørar og gjennomføre gode innspel til forbetringar i service og saksbehandling.

💙 Idrett, kultur, frivilligheit og tru

Idrett

Idretten er ein hjørnestein i frivilligheita. Det er viktig at alle skal kunne delta i idrett, uavhengig av økonomi og funksjonsevne. Austevoll Høgre er opptatt av at kommunen skal gjere det enklast mogleg å drive med idrett og å vere frivillig og eldsjel.

Me i Austevoll Høgre vil:

  • Sørge for jamleg vedlikehald av kommunale idrettsanlegg. Dette vil spare oss for ein del større framtidige rehabiliteringskostnader og nedetid av anlegga.
  • Legge til rette for eit godt samarbeid mellom idrettsrådet, idrettslaga og kommunen.
    Oppretthalde tilskotsordninga for idretten og sørge for at desse minst blir inflasjonsjustert kvart år.
  • Sikre medverknad frå idrettsrådet og idretten i arbeidet med kommunale planar og saker som har betydning for idretten, blant anna om prioritering av spelemiddelprosjekt.
  • Halde fast på årlege kommunale tilskot til idrettslaga som utfører drifts- og vedlikehaldsoppgåver på kommunale anlegg.
  • Utvikle idrettsanlegget på Eidsbøen vidare og halde fast på det kommunale bidraget på 20 millionar kroner til ein ny storhall. Hallen vil sikre heilårleg bruk av fotballbana med betre treningstilhøve i vinterhalvåret og dermed frigjere tid til andre idrettsgreiner i Austevollshallen.
  • Samarbeide med idretten om utfordringa med å rekruttere frivillige til barne- og ungdomsidretten.
  • Ta omsyn til alle idrettsgreiner og legge til rette for eit mangfaldig idrettstilbod i Austevoll.

Kultur

Kulturarbeid er ein berikelse for Austevoll. Det er viktig både å forvalte den verdifulle kulturarva i Austevoll og å ha eit mangfald av kulturopplevingar både for austevollingar og besøkande.vvvv

Me i Austevoll Høgre vil:

  • Ta vare på kulturarenaane som allereie finst i kommunen og sørge for at dei blir haldne vedlike slik at dei er anvendelege og moderne scenar for kulturaktiviteten i Austevoll. Legge til rette for at amfiet og fellesområda i nye Storebø skule blir ein flott kulturarena og samlingsplass.
  • Vidareutvikle Hufthamartunet som formidlingsstad for historia om kystsamfunnet og fiskarbonden. Høgre er positiv til at det blir etablert eit servicebygg på Hufthamartunet med toalett og samlingslokale.
  • Oppretthalde tilskotsordningane for kulturaktivitetar, konsertar og festivalar og sørge for at ordningane minst blir inflasjonsjustert kvart år.
  • Legge til rette for eit godt samarbeid med lokale kulturaktørar og sørge for at kommunen bidreg til eit mangfaldig kulturtilbod i Austevoll.
  • Vurdere å utvide kommunens tilskotsordningar slik at ein kan få hjelp til å ta vare på viktige historiske bygg og kulturmiljø og gjere dei tilgjengeleg for allmenta.
  • Vere positiv til at ein kan etablere ny bruk og næringsaktvitet i gamle bygg slik at ein kan få driftsgrunnlag for å halde bygga vedlike og sikre den kulturhistoriske verdien.

Kulturskulen

Kulturskulen bidreg til å bygge og utvikle barn og unges kulturelle, estetiske og sosiale ferdigheiter. Den skal vareta både breidde og talent og ha eit variert tilbod som er tilgjengeleg og held høg kvalitet.

Me i Austevoll Høgre vil:

  • Redusere foreldrebetalinga i kulturskulen og sjå på korleis me kan auke kvaliteten i opplæringa, blant anna med meir tid per elev.
  • Sikre at kulturskulen har eit breitt tilbod innan song-, instrumental-, kunst- og kulturundervisning, dans og drama.
  • Forbetre informasjonen om tilbodet i kulturskulen og sørge for at foreldre tidleg blir kjent med moglegheitene kulturskulen tilbyr.
  • Arbeide for at kulturskulen får ein fast base til undervisning, lærararbeidsplassar og lager, utan at dette går på kostnad av den desentralisert undervisninga som særleg skjer i SFO-tida.
  • Vere positiv til eit tettare samarbeid mellom kommunane i Bergensregionen for kompetanseheving og styrking av kulturskuletilbodet, etter modell frå det det interkommunale kompetansesamarbeidet innan brann- og beredskap.

Frivilligheit

Frivillig arbeid er eit viktig sosialt lim i Austevoll-samfunnet. Det gjev samhald for den enkelte og er med på å utvikle samfunnet vidare. Det skal vere eit godt samarbeid mellom kommunen og frivillige lag, men utan at dette utfordrar uavhengigheita til frivillig sektor.

Me i Austevoll Høgre vil:

  • Etablere ny tilskotsordning for energisparings- og klimatiltak i grendahus og bygningar som frivillige lag og organisasjonar eig og nyttar. Dette vil redusere driftskostnader og kan frigjere midlar til andre aktivitetar i lokalsamfunna.
  • Vidareføre tilskotsordningane for frivilligheita og sørge for at desse minst blir inflasjonsjustert årleg.
  • Forenkle dokumentasjons- og rapporteringskrav overfor frivillige lag slik at minst mogleg frivillig innsats må brukast til administrasjon og papirarbeid.
  • Jobbe for ein nettportal for frivilligheita, med eigne foreiningssider for dei enkelte laga, for å gjere det enklare for innbyggjarar å få oversikt over mangfaldet av tilbod som finst, og for foreininga å publisere informasjon om blant anna aktivitetstilbodet sitt.

Kyrkja, tru og livssyn

Kyrkja og livssynssamfunn har ei viktig rolle i Austevoll og religionsfridom er ein grunnleggande menneskerett. Kommunen har eit viktig ansvar for ta vare på kyrkjebygga våre.

Me i Austevoll Høgre vil:

  • Halde fram å sikre tilskot til vedlikehald av kyrkjene.
  • Etablere eit livssynsnøytralt forsamlingslokale og seremonirom sentralt i Austevoll.
  • Planlegge for framtidige utvidingar av gravplassar slik at personar kan gravleggjast i krinsen dei har tilhøyrigheit til.

💙 Samferdsel

Kommunale vegar

Store delar av det kommunale vegnettet har låg standard og det er nødvendig å gå målretta til verks for å handtere vedlikehaldsutfordringane. Det er viktig at innbyggjarar og næringsliv får kome med innspela sine når kommunen skal prioritere framtidige vegutbetringar.

Me i Austevoll Høgre vil:

  • Legge vekt på nytte, bruk og utbetringsbehov når ein prioriterer vegutbetringar, og gjennomføre dei viktigaste tiltaka først
  • Gjennomføre trafikksikringstiltak ved alle skular. Det skal etablerast hjartesonar der ein skil harde og mjuke trafikantar og skapar tryggare tilkomst til skuleområda for elevar, gåande og syklande.
  • Gjennomgå alle kommunale vegar for utbetring. Tiltak som må prioriterast er utbetring av fjellsikring, vegkryss, breiddeutviding, fjerning av flaskehalsar, etablering av møteplassar og etablering av fortau og veglys.
  • Oppretthalde det kommunale vegfondet for asfaltering og utbetringar av kommunale vegar.
  • Halde fast på den kommunale ordninga med økonomisk støtte til gjennomføring av rekkefølgjekrav på fylkes- og kommunevegar.

Fylkesvegar og Austevollspakken

Austevollspakken startar opp i 2024. Dette er dei første viktige stega for å utbetre vegane internt i Austevoll. Høgre vil sikre finansiering av Austevollspakkens første byggetrinn og førebu vidare vegutbetringar.

Me i Austevoll Høgre vil:

  • Sørge for at Austevollspakken blir gjennomført så raskt som mogleg. Prosjekta i Austevollspakken inkluderer utbetring av Storebøvegen, ny brua over Mjåsund i Torangsvåg og gang- og sykkelveg frå Selbjørnsbrua til «Aisen».
  • At framtidige inntekter frå havbruksfondet kan brukast for å sikre at prosjekta i Austevollspakken blir gjennomført og for å unngå forseinkingar.
  • Starte arbeidet med Austevollspakken del 2. Nødvendige tiltak vil vere fjerning av flaskehalsar og sikthindringar, breiddeutviding, etablering av gang- og sykkelvegar og busshaldeplassar.
  • Arbeide for samband med bru eller ferje til E39 Hordfast over Reksteren. Det vil ha store gevinstar for Austevoll å kople seg på motorvegen med auka opningstid og kortare reisetid. Dei økonomiske konsekvensane for innbyggjarar og bedrifter skal leggjast vekt på.
  • Sørge for at hovudvegane frå nord og sør blir utbetra eller erstatta av nye vegar fram til ferjekai eller brufeste på Huftarøy.

Ferje, båt og buss

Dei fylkeskommunale ferje- og båtsambanda er livsnerver til og frå Austevoll. Saman med bussane og lokalbåten utgjer dette kollektivtilbodet til alle austevollingar. Austevoll Høgre vil halde fram kampen overfor fylkeskommunen for eit betre rutetilbod som er tilpassa framtidas transportbehov.

Me i Austevoll Høgre vil:

  • At ferjetilbodet må forbetrast med fleire avgongar. Det må vere «sommarruter» på Hufthamar—Krokeide heile året, betre rutetilbod på laurdagar, og opningstida må utvidast utover natta. På sambandet Husavik—Sandvikvåg må rutetilbodet utvidast med fleire avgongar seinare på kvelden og pausen midt på dagen må fjernast.
  • Arbeide for lågare billettprisar og fleire avgongar i snøggbåtruta mellom Bergen, Austevoll og Sunnhordland. Snøggbåten må ha anløp av Bekkjarvik på alle turar, og ruta må utviklast vidare som ei pendlar- og turistrute.
  • Lokalbåten må ha fleire anløp som gjer det lettare å bu og ferdast til dei ytre øyane. Prisen for varer og gods på båten må reduserast. Det må leggjast opp til bestillingsanløp på Hevrøy.
  • Busstilbodet i Austevoll må forbetrast. Det må vere fleire turar på ettermiddags- og kveldstid, og i helgene, og det må vere korrespondanse mellom båt, ferje og buss.

💙 Kommunal styring og service

Det lokale folkestyret

Engasjerte innbyggjarar er berebjelken i lokaldemokratiet. Stabil styring av kommunen over tid krev at det er kjekt å vere lokalpolitikar og at me stadig klarar å rekruttere nye folkevalde.

Me i Austevoll Høgre vil:

  • Forvalte politisk makt og innflytelse på ein måte som inngir tillit hos innbyggjarane og som bidreg til at fleire ønskjer å engasjere seg i lokalpolitikken.
  • Vere konstruktiv overfor andre parti og søke å finne løysingar som bidreg til politisk stabilitet og semje om saker og planar som er særskilt viktig for innbyggjarar og samfunn.
  • Sørge for at informasjon om politiske møte, saker som skal behandlast, vedtak og protokollar er lett tilgjengeleg på nettstaden til kommunen.

Ein tilgjengeleg og open kommune

Kommunen bistår innbyggjarar i mange ulike fasar og situasjonar. Høgre er opptatt av det skal vere lett å få informasjon og hjelp frå kommunen både på nett og i møte med tilsette.

Me i Austevoll Høgre vil:

  • At kommunen skal ha brukarvenlege løysingar for å sikre openheit og innsyn, og gje innbyggjarane enkel tilgong til planar og dokument.
  • At god service skal vere høgt prioritert. Det skal vere enkelt å få kontakt med kommunen, få svar på spørsmål, og å finne fram på nettstaden til kommunen.
  • Jobbe for at alle brev og meldingar frå kommunen er skrivne på eit forståeleg språk.
  • Legge opp til framleis brei medverknad frå innbyggjarar, næringsliv og foreiningar i arbeidet med kommunale planar.

Kommunen som arbeidsgjevar

For å yte viktige tenester til innbyggjarane er me avhengig av gode tilsette. Høgre verdset innsatsen til kommunens mange hundre medarbeidarar og ønsker å styrke kommunens arbeidsgjevarpolitikk både for å behalde dei som jobbar i kommunen i dag og for å rekruttere nye tilsette.

Me i Austevoll Høgre vil:

  • Styrke kommunens rekrutteringsarbeid og arbeidet for å halde på tilsette. Gode løns- og arbeidstilhøve er viktig både for å behalde tilsette og å rekruttere nye. Det er også viktig å synleggjere kor meiningsfylte og samfunnsnyttige jobbane i kommunen er.
  • Sikre at dei mange, ulike tenesteområda har rett kompetanse på rett plass.
  • At fagpersonell får arbeide med fagområdet sitt og unngå at dei må handtere oppgåver som går utover hovudoppgåvene deira.
  • Legge opp til fleire karriereløp i kommunen og at fagpersonell har karrierevegar innan sitt fagområde. Målsettinga er at færre tilsette må slutte i kommunen eller gå inn i administrative stillingar for å ta nye steg i karrieren.
  • Tilby kompetanseheving for tilsette, etter- og vidareutdanning, og moglegheit for å fullføre utdanning medan dei jobbar i kommunen.
  • Samarbeide med fagskular og høgskular om blant anna desentralisert etter- og vidareutdanning.
  • Sørge for at arbeidet for å redusere sjukefråværet held fram med verknadsfylte tiltak, og forankring hos dei tilsette og deira organisasjonar.
  • Legge til rette for fleire lærlingplassar innanfor fleire fagområde, blant anna innan administrative fag.
  • Sikre at kommunen har ein aktiv seniorpolitikk som gjer at det er mogleg å behalde tilsette lenger i jobb, blant anna i form av gradvis nedtrapping.

Kommuneøkonomi

Sunn kommuneøkonomi er avgjerande for at kommunen kan yte gode tenester i dag og i framtida. Føreseieleg økonomisk styring, driftsoverskot og fondsmidlar bidreg til ein robust økonomi som gjer at me taklar dårlege tider best mogleg.

Me i Austevoll Høgre vil:

  • Sørge for sunn og god økonomisk styring. God kommuneøkonomi er avgjerande for at kommunen kan yte gode kommunale tenester. Det er viktig at kommunen har økonomisk styrke til å handtere uføresette utfordringar og auka kostnader.
  • Ikkje innføre eigedomsskatt på hus og hytter og verk og bruk.
  • Halde gebyrnivåa så låge som mogleg, blant anna med ei mest mogleg kostnadseffektiv kommunal drift.
  • Sjå den samla skatte- og avgiftsbyrda som personar og bedrifter betaler til det offentlege i samanheng. Høgre er kritisk til å sjå enkeltkostnader – som til dømes bompengar – uavhengig av kostnader innbyggjarane og bedriftene elles må betale.
  • Gå imot endringar i det statlege inntektsutjamningssystemet der dette flyttar lokale skatteinntekter frå Austevoll.

Beredskap

God beredskap er viktig for at me kan handtere kriser og alvorlege hendingar. Som øykommune er det spesielt viktig at Austevoll er rusta til å takle beredskapshendingar.

Me i Austevoll Høgre vil:

  • Sørge for at kommunen er best mogleg i stand til å handtere framtidige, alvorlege sjukdomsutbrot, og legge til rette for eit godt samarbeid med andre lokale aktørar, helseføretak, sentrale styresmakter og nabokommunar.
  • Halde fram å sikre gode driftstilhøve for brann- og beredskapsetaten og sørge for tenleg og oppdatert utstyr.
  • Verne om ambulansebåten for å sikre best mogleg akuttberedskap ved sjukdom og ulukker, og for å styrke den generelle beredskapen i kommunen.
  • Vere positiv til å etablere ein SLT-koordinator for samarbeid mellom politiet og kommunen. Formålet er meir føreseieleg overordna styring, målretta innsats og endå betre innsats for å førebygge kriminalitet.
  • Halde fast på brannsamarbeidet i Bergensregionen som eit kompetansefellesskap for kommunal brannberedskap.
  • Ha tett dialog med Austevoll vatn og avløp, Austevoll Kraftlag og Havnett om beredskap for vatn- og energiforsyning i åra framover.

Kommunalt sjølvstyre

Austevoll er ein robust kommune. For Høgre er det viktig at kommunen har reell sjølvråderett slik at avgjerder som påverkar lokale tilhøve blir tatt nærast mogleg innbyggjarane våre.

Me i Austevoll Høgre vil:

  • Verne om det kommunale sjølvstyret slik det er heimla i Grunnlova: «Innbyggjarane har rett til å styre lokale tilhøve gjennom lokale folkevalde organ.»
  • Kjempe imot at kommunar som Austevoll, med mange lokaleigde bedrifter og høg verdiskaping, skal gje frå seg meir av lokale skatteinntekter til skattesvake kommunar.
  • Gå imot nasjonale og regionale planar og forskrifter som overstyrer kommunen, blant anna i arealpolitikken.
  • Jobbe for at lover i minst mogleg grad fastset nasjonale normar og vilkår som avgrensar fridomen til å gjere lokale tilpassingar som er betre for innbyggjarar og brukarar.

Samarbeid med andre kommunar

Alliansar og samarbeid er viktig for å sikre at kommunen har større gjennomslag i viktige saker. Høgre vil halde fast på eit nært og godt samarbeid med nabokommunar og i organisasjonar som tener kommunens interesser.

Me i Austevoll Høgre vil:

  • Samarbeide med andre kommunar i saker som har stor betydning for vår eigen kommune, innbyggjarane og bedriftene våre.
  • Vere ein viktig aktør i dei regionale samarbeid som Sunnhordlandsrådet og Bergensalliansen.
  • Sikre nærleik mellom kommunen som eigar og Sunnhordland interkommunale miljøverk (SIM) som kommunens renovasjonsbedrift.

💙 Natur, friluftsliv og klima

Natur og friluftsliv

Det er eit felles ansvar å sørge for at komande generasjonar overtar ein kommune som framleis har flotte naturområde og eit rikt artsmangfald.

Me i Austevoll Høgre vil:

  • Ta vare på viktige naturområde og hindre at desse blir bygd ned. Å ta vare på naturområda er viktig for dyre- og planteliv og som frilufts- og rekreasjonsområde for folk.
  • Vurdere om fleire stader skal driftast av Bergen og omland friluftsråd, som Austevoll kommune er medeigar i, for å sikre vedlikehald, tilrettelegging og fasilitetar av fleire friluftsområde.
  • Bidra til at turløyper blir vedlikehaldne og utbetra for å redusere slitasjen på naturen og for å gjere det lettare for fleire å gå på tur. Det gode samarbeidet med turlag og velforeiningar gjer at nødvendige tiltak blir gjort raskt og ukomplisert og med stor lokal medverknad.
  • Legge til rette for fleire nærløyper i bygdene, slik Kongskleiva, Globen, Vinnesvatnet og Skansen er gode døme på. Høgre støttar etablering av ny turløype rundt Trettlivatnet på Huftarøy og Pollen på Hundvåkøy, utbetringar av Nordsjøløypene på Selbjørn og Hundvåkøy, turløypa frå Rabbafjellet til Midtfjellet.
  • Ikkje ta byggesaksgebyr for gapahukar og andre enkle byggetiltak som tener allmenta i friluftsområde.
  • Halde fram arbeidet med skilting og kartfesting av turløyper.

Klima

Kampen mot menneskeskapte klimaendringar skjer også på lokalplan, og kommunen skal arbeide for å redusere klimaavtrykket sitt og føre ein politikk som hindrar unødvendig nedbygging av verdifull natur.

Me i Austevoll Høgre vil:

  • Utarbeide ein klimaplan og klimabudsjett med mål, rapportering og oppfølging.
  • Halde fram satsinga på energieffektivisering, solstraum og andre formar for ENØK-tiltak på kommunale bygg.
  • Fase ut kommunale, fossile køyretøy der nullutsleppskøyretøy er tilgjengeleg og ikkje påfører ulemper for tenestetilbod eller beredskapen.
  • At alle kommunale bygg og idrettsanlegg skal ha ladestasjon for elbilar, og oppstillingsplass for syklar under tak.
  • Legge til rette for at bustadeigarar, bedrifter og leilegheitsbygg kan etablere solcelleanlegg.