«Ap byggjer E18» – vel, vel
Reidar Kleppe skriv at Arbeiderpartiet bygger E18, fordi dei stemte for etappe 1 i Stortinget i 2020. Det er ein spenstig konklusjon. Etter den logikken bygde kanskje SV Gardermoen, fordi dei stemte for flyplassen i si tid?

Ja, Arbeiderpartiet støtta bygginga – som store samferdselsprosjekt flest blir, med fleirtal på tvers av parti. Men bygginga vart satt i gang under Solberg-regjeringa, gjennomført av Statens vegvesen og finansiert over statsbudsjett utforma av borgarleg regjering.
Kleppe vil ha det til at Ap var viktigare enn Høgre, fordi dei hadde 25 ja-stemmer mot Høgre sine 24. Men utan Høgre – ingen veg. Og utan regjeringa – ingen entreprise, ingen framdrift, ingen pengebruk. Å gjere Ap til motorvegen si mor er som å gi applaus til heisekranen for å ha bygd huset.
Så ja, Ap var med på vedtaket – men å seie at dei byggjer E18, er å ta politisk pyroteknikk for bokstaveleg.