Bærum Høgre – det rette valet for Bærum

I desse dagar startar valkampen for alvor og spissformuleringane sit laust. Det nye i år ser ut til å vere at protestaksjonar finn sin plass i mediebildet til dels på kostnad av dei «lange linjene».

Bærum kommune er ein populær kommune om ein ser på SSB sine tal for nettoinnflytting. Årsakene er nok mange og individuelle, men ei «stødig hand på rattet» med påfølgjande gode resultat på både skulemålingar og plasseringar i kommune-NM må ikkje undervurderast.

Bærum Høgre har omfattande styringserfaring og kan love ei «stødig hand på rattet» også i neste periode. Med ei god blanding av nye og erfarne kandidatar og eit vidtrekkjande partiprogram har me dei gode løysingane som vil gjere Bærum til ein enda betre kommune å bu og leve i.

Med kommunestyrenominerte frå alle delar av kommunen vil ei røyst til Høgre også medføre ei breitt samansett Høgre-gruppe som kjenner «pulsen» i heile kommunen.