Politikk

Høyre gjør Norge klar for fremtiden. Verden forandrer seg i et tempo vi aldri før har opplevd. Da er det vårt ansvar å ta vare på velferden for alle. Høyre her i din kommune og i regjering jobber hver dag for å fornye, forenkle og forbedre. Det dreier seg om din velferd. Det betyr noe om Høyre styrer her i kommunen.

Våre hjartesaker

  • Barn og ungdom

    Bykle Høgre vil auke styrken mot vedlikehald og nybygging av leikeplasser.

  • Kunnskap og skule

    Bykle Høgre vil sikre god fagleg standard når det gjeld personell, utstyr og bygg i skuleverket.

  • Helsevesenet

    Bykle Høgre vil sikre at fagkompetansen rundt pleie, helsetjeneste og eldreomsorgen blir styrka i kommunen.

  • Trygg og god alderdom

    Bykle Høgre vil tilrettelegge areal for bygging av seniorboliger i privat regi.

Se hva vi jobber med gjennom vårt partiprogram

Klikk deg inn på de ulike kapitlene for å lese hva vi jobber med.

Barn og ungdom

BYKLE HøGRE VIL:

›› Jobbe for sikre skulevegar på Hovden og i Bykle, mellom anna undergang ved Hovdekleiva på Hovden og trygg gang- og sykkelsti i Bykle nord
›› Jobbe aktivt for at kommunen legg til rette for ungdomsbustader som gjev rimelegare inngangsbillett på bustadmarknaden.
›› Ta vare på det gode barnehagetilbodet ein har i dag i Bykle og på Hovden.
›› Høgre vil styrke satsinga på fleire helsesjukepleiarar i skulen og på helsestasjonen

Kunnskap og skule

BYKLE HøGRE VIL:

›› Halde ved lag og vidareutvikle Hovden Skigymnas.
›› Arbeide for å halde ved lag reiselivslinja på Hovden, samt greie ut moglegheita for utviding av linjetilbodet på skulen.
›› Halde ved lag lærlingtilskotet til bedrifter som har lærlingar.
›› Leggje til rette for at lokal ungdom får jobb i det private næringslivet gjennom stønadsordningar frå kommunen.
›› Sikre relevante sommarjobbar til lokal ungdom, også i det private næringslivet

Helsevesen

BYKLE HøGRE VIL:

›› Halde ved lag legetenesta i Bykle og på Hovden.
›› Fordele ressursar i helsesektoren for å auke innsatsen der behovet er størst.
›› Styrke førebyggande helsesjukepleiartilbod i skulen, spesielt for ungdom.
›› Styrke førebyggande helsesjukepleiararbeid opp mot foreldre.
›› Auke innsatsen innanfor rus og psykiatri for å få ned ventetida.
›› Auke innsatsen i barnevernet når det gjeld førebyggande arbeid.
›› Leggje til rette for fleire tilpassa eldrebustader på Hovden.
›› Halde ved lag det politiske trykket for å få luftambulansen til Hovden på fast basis.

Næringslivet

BYKLE HøGRE VIL:

››Leggje til rette for at Bykle kommune skal få ein auke i talet på arbeidsplassar.
›› Jobbe aktivt for å sikre heilårsarbeidsplassar i kommunen.
›› Ha eit tett samarbeid med næringslivet om utvikling av kommunen.
›› Arbeide saman med reiselivsnæringa for å utvikle Bykle og Hovden som heilårsdestinasjon.
›› Støtte arbeidet med prosjekt for snølagring.
›› Gjere det enkelt for nye næringar å etablere seg.
›› Vere ein pådrivar for å leggje til rette for eit fast og fungerande taxitilbod i kommunen.
›› Arbeide aktivt for at kompetansesenteret for reiseliv i Setesdal ligg på Hovden.
›› Lage ein heilskapleg næringsplan for Bykle kommune.
›› Være ein ja-kommune som heiar på lokalt initiativ.
›› Leggje til rette for at Bykle kommune brukar lokale aktørar der det er mogleg.
›› Arbeide for eit levende sentrum som legg til rette for handel og sosiale møteplassar både i Bykle og på Hovden.
›› Arbeide for utvikling av planar for Hegni, og for gjennomføring av tiltak.
›› Framskunde utvikling av næringstomter ved Hartevatn.

Idrett, kunst og kultur

BYKLE HøGRE VIL:

›› Lage gang- og sykkelveg rundt Hartevatn.
››Lage gangsti med barnevognstandard om sommaren og skiløype om vinteren mellom ljosløypa og morenetaket i Støyledalen.
›› Realisere planer rundt idrettsbanen/aktivitetsparken på Hovden.
›› Lage fleire gapahuker i nærmiljøet. Til dømes skistoga/ljosløypa i Bykle, Stavenes/Hoslemo.
›› Utvikle løyper for dei som brukar truger, syklar eller går til fots i tilknyting til nokre etablerte skiløyper.
›› Ruste opp og vareta løypa opp frå Hegni, gjennom sentrum og rundt hotelltomta.
›› Halde ved lag gode stipendordningar for lokal ungdom innanfor idrett, kunst og kultur.
›› Behovsprøvde tilskot til lag og organisasjonar, etter framlagd rekneskap og prosjektskisse.

Samferdsel

BYKLE HøGRE VIL:

›› Fokusere på å gjere ferdig RV9 i løpet av 2023.
›› Arbeide aktivt for å forbetre RV9 frå Hovden til Haukeli – kople til E134.
›› Finne ei kombinert løysing med skibuss/transport til Bykle.
›› Arbeide aktivt for å etablere ei lokal taxiordning.
›› Behalde Urar-vegen tilgjengeleg for bygdefolket

Miljø

BYKLE HøGRE VIL:

›› Kontinuerlig støtte opp om arbeidet med å halde ved lag sertifiseringa «Berekraftig reisemål».
›› Arbeide for gode returordningar og avfallshandtering for både privathushald og bedrifter.
›› Innføre ordning med tilskot til varmepumpe.
›› Arbeide for gode innsamlingsordningar for plast og anna avfall, og styrke innsatsen mot plastforureining. Stimulere til opprydding av plastavfall i nærmiljøet på fjellet og ved vatn.

Kommunal forvaltning

BYKLE HøGRE VIL:

›› Kommuneplanen må sikre tilstrekkeleg areal for bustadbygging som gir innbyggjarane ei valmoglegheit i alle fasar av livet.
›› Leggje vekt på buplikt og moglege konsekvensar i fall ho ikkje vert respektert.
›› Utvikle næringsapparatet.
›› Ha eit tydeleg skilje mellom politikk og administrasjon.