5 gode grunnar til å røyste Høgre i Eidfjord

1. Ein trygg og god oppvekst for borna

Me vil prioritera ekstra innsats innan grunnleggande ferdigheiter, slik at alle skal kunne lesa, skriva og rekna når dei går ut av skulen. Me vil styrka PP-tenesta, rådgjevings- og skulehelsetenesta, og skulen skal få mobbeombod/miljøarbeidar for å ta vare på det sosiale miljøet på skulen. Me vil òg syte for realisering av nytt skulebygg.

2. Gode helsetenester til alle

Kvaliteten på tenesta kjem alltid fyrst. Me vil at du skal møta eit tilbod som gjev deg det du treng når du treng det – anten det gjeld fastlege, legevakt, vald, brukarstyrt assistanse, rus eller psykiatri. Me vil òg oppretthalda eigen bemanna ambulansestasjon lokalt i kommunen.

3. Det skal vera godt å verta eldre i Eidfjord

Me vil styrka heimetenesta slik at det vert trygt å bu heima så lenge som mogleg, oppretthalda aktivitetssenter for dei eldre i kommunen, og ansette ein eldrekoordinator i kommunen. Me må rekruttera folk og tilpassa turnusane slik at dei passar dei tilsette sine ulike livsfasar.

4. Me skal vere på lag med jobbskaparane

Kommunen skal legga til rette for framleis vekst og investering i næringslivet, ved å gje dei gode rammevilkår. Me vil ikkje ha eigedomsskatt på bustad og fritidseigedom, vidareføra eksisterande straumstøtte til næringslivet, sakshandsamingstida må ned, og me vil se til at me til ei kvar tid har ledig næringsareal i heile kommunen.

5. Eidfjord skal være ein attraktiv kommune

Høgre vil gjera Eidfjord kommune attraktiv gjennom trivsel og gode nærmiljø. Høgre ynskjer ei dynamisk utvikling og ei levande bygd med møteplassar for aktivitet og rekreasjon.