Valprogram
2023-2027

Sjå kva me går til val på i Eidfjord dei neste fire åra!

Saman skal me halda fram med å utvikla Eidfjord som eigen kommune. Born og unge skal møta den beste skulen og barnehagen, med eit læringsmiljø som fremjar meistring og utvikling. Eidfjord kommune skal vera ein JA-kommune som ynskjer nye innbyggjarar som vil busetja seg i bygda velkomne. Ein kommune som heiar på dei som skapar arbeidsplassar og som vil utvikla kommunen vidare. Eidfjord Høgre vil ha gode lokalsamfunn, velferdstenester, kultur og opplevingar i heile kommunen. Me vil arbeida for utvikling og tilrettelegging for at turistar og innbyggjarar kan finna ei positiv samhandling.

Last ned programmet vårt her: