8 gode grunnar til å røyste Høgre på Fedje

1. Gratis barnehage

Viste du at Høgre framleis vil ha gratis barnehage, garantert barnehageplass og at barnehagen framleis skal ha opningstider tilpassa brukarane?

Det er også eit mål å få på plass igjen sumarbarnehage, utvikle uteområdet og få ein trygg parkering ved barnehagen.

2. Ein skule som gjev kunnskap, trivsel og tryggleik

Me i Fedje Høgre er opptatt av å skape ein skule som er sentrert rundt kunnskap og grunnleggjande ferdigheiter. Me har eit klart mål: Å sikre at kvar einaste elev trivst og kjenner seg trygg i sitt skulemiljø. Våre dedikerte lærarar er hjartet til ein god skule, og difor vil Høgre arbeide aktivt med å rekruttere nye lærarar, samstundes som me tek vare på dei som allereie er her.

3. Betre kulturtilbod

Fedje Høgre vil arbeida for å betra dei eksisterande kulturtilboda og introdusera nye, spennande initiativ. Vi ser på moglegheitene for å breia bruken av fleirbrukshallen slik at ho kan nyttast til fleire kulturformål. Vi vil aktivt støtta lokale kulturarrangement som ikkje berikar berre livet vårt, men også tiltrekkjer seg besøkjande frå andre stader. Dette medverkar til auka aktivitet og vekst i kommunen vår. Me vil òg montera opp ein klatrevegg i fleirbrukshallen.

4. Satsing på idrett

Fedje Høgre arbeider for å fremja helse og aktivitet blant dei unge innbyggjarane våre, og vil styrkja idrettsmiljøet vårt. Vi trur på verdien av idrett som ein læringsarena og kjelde til helsegevinstar for komande generasjonar.

Ei av våre prioriterte målsettingar er å medverka til å realisera eit klubbhus eller garderobeanlegg ved vår idrettsplass.

5. Hundepark

Fedje Høgre har ein visjon om å skapa eit inkluderande og triveleg lokalsamfunn. Vi ønskjer difor å etablera ein mindre hundepark på ein passande stad, der hundeeigarar kan la hundane løpa fritt og engasjera seg i hundetrening.

Det er viktig for oss å understreka at hundeparken vil vera utforma med omsyn til folk som er redde for hundar. Vi ynskjer å skapa ein trygg atmosfære der alle kan føla seg komfortable og samstundes nytta godt av dette tilbodet. Hundeparken vil ikkje berre vera ein flott stad for hundeeigarar og deira firbeinte venner, men òg ein stad der folk kan møtast, utveksla erfaringar og styrka fellesskapet.

6. Ein attraktiv kommune

Fedje Høgre har eit viktig mål – å auke folketala på Fedje og skape trivsel der folk ynskjer å bu. Me trur at nøkkelen til vekst ligg i å tilby gode arbeidsplassar, bustader og tomtar for våre innbyggjarar. For å tiltrekkja nye innbyggjarar, vil Fedje Høgre introdusera ei «etableringspakke». Dette inkluderer dekning av flyttekostnader opp til 25 000 kr, for å letta overgangen til å bli ein del av vårt samfunn. Me ynskjer å gjera det enkelt for nye innbyggjarar å velja Fedje som sitt heimstadsval.

Me forstår betydninga av eit godt fergetilbod for våre innbyggjarar på øya. Fedje Høgre vil arbeida for å tryggja ein jamn og påliteleg ferjeforbindelse.

7. Nærinsutvikling og berekraftig vekst

Fedje Høgre har eit klart mål: Å fremja ei politikk som bidreg til eit variert og sterkt næringsliv på Fedje, samtidig som me tek vare på kreative enkeltmenneske. Vi ynskjer at Fedje kommune skal vera ein «JA-kommune,» med ei smidig veg frå søknad til realisering. Kommunen skal vera ein katalysator for mindre prosjekt og vurdera moglegheiter for tilskot til lokale næringstiltak.

8. Eit blomstrande lokalsamfunn

Fedje Høgre er opptatt av å skapa eit blomstrande lokalsamfunn. Me ønskjer å framleis ha et dugnadsfond som kan støtta lokale initiativ retta mot auka trivsel og betre vedlikehald av område som turløypa.

Me har planar om å lage til ein sosial møteplass med spennande aktivitetar for alle aldersgrupper i den gruslagde løypa. Vidare vurderer me å utvida grusløypa mot vest, mot turhytta, og samstundes forbetra uteområdet rundt hytta. Dette inkluderer tilrettelegging av toalettfasilitetar. På denne måten ønskjer Fedje Høgre å styrka fellesskapet og oppmuntre til ein aktiv og triveleg livsstil for våre innbyggjarar.