Politikk

Høyre vil bygge samfunnet på tillit til enkeltmennesket. Hver enkelt skal ha størst mulig frihet til og ansvar for å forme sitt eget liv og sin egen fremtid basert på respekt for andre og for fellesskapet.

Våre hjartesaker

  • Helse og omsorg

    Eit velfungerande lokalsamfunn byggjer på at kvar og ein av oss tek ansvar for sitt eige liv og for si familie. Dei som heilt eller delvis ikkje er i stand til dette, må få tilrettelagt hjelp frå det offentlege. Giske Høgre vil gi innbyggjarar i alle fasar av livet ein trygg og aktiv kvardag, og gi dei med omfattande hjelpebehov valfridom mellom anna gjennom brukarstyrt personleg assistanse.

  • Bustadutvikling

    Giske kommune har hatt ei svært stor utbygging av nye bustadar dei siste åra og det er stor grad av fortetting. Giske Høgre vil ha differensiert bustadbygging, sett i ein samanheng med lokale tilhøve, men óg for å skape variasjon i nærmiljøet. Det er avgjerande å sjå på bustadbygging i ein samanheng med teknisk og sosial infrastruktur, transport og miljø. I planarbeid må god tilkomst til turterreng frå alle bustadområder sikrast.

  • Skule og barnehage

    For Giske Høgre er ein god barnehage- og skulepolitikk ein berebjelke i velferdssamfunnet. For alle born og unge skal det vere mogleg å delta aktivt, og til å utvikle sine evner. Born byrjar på barnehage og skulen med stor iver og lærelyst. Giske Høgre ynskjer ein skule som tek vare på denne lærelysta, og tilpassar opplæringa etter den einskilde sine evner og behov. Giske Høgre vil optimalisere skulestrukturen ved å samle alle elevar og all kompetanse på ungdomsskuletrinnet, og vil prioritere planarbeid og snarleg utbygging av nye skulebygg på Vigra skule og Valderøy ungdomsskule.

  • Tilrettelegging for næring

    Giske Høgre vil jobbe for at kommunen skal vere ein medspelar for næringslivet, mellom anna gjennom tilrettelegging av areal både for små og store aktørar. Gjennom godt samarbeid mellom næringsaktørar, kommunen og sentrale mynde, vil Giske Høgre jobbe for å realisere Gjøsund Hamn som ny nasjonal fiskerihamn.

Se hva vi jobber med gjennom vårt partiprogram

Klikk deg inn på de ulike kapitlene for å lese hva vi jobber med.

Vi trur på Giske

Vi bur i ei fantastisk flott kommune, og Giske Høgre ynskjer å legge til rette for ei vidare god utvikling og å styrke innbyggarane sin trivsel og identitet til eiga kommune. Giske Høgre er di tryggheit for at vi alle skal vere med å arbeide for å nå dei mål vi setter oss.

Eit trygt og livskraftig lokalsamfunn vert utvikla best gjennom å gi handlingsrom og valmoglegheiter til enkeltmennesket. Viktige føresetnader for dette er god kommunikasjon mellom kommune og innbyggjar, og at innbyggjarane har god kunnskap om og får eigarskap til kommunen sine langsiktige planar. Den viktigaste føresetnaden for handlingsrom og valmoglegheiter er gode og stabile økonomiske rammer.

Giske kommune skal framstå som ei opa og serviceinnstilt kommune. Innbyggarar og gjestar skal møtast med respekt, toleranse og løysingar som i størst mogleg grad er tilpassa den enkelte sitt behov. Kommunen har også eit beredskapsansvar for innbyggarane i kommunen, og det er viktig at dette vert ivareteke på ein slik måte at det gir tryggleik for våre innbyggarar.

Framtidas utvikling, med fleire og større oppgåver lagt til kommunal sektor, har av mange blitt løyst ved å danne større einingar og større kommunar. Mange kommunale tenester vil også i framtida bli produsert av våre nabokommunar, i størst grad Nye ålesund. Giske Høgre vil vere ein lagspelar ovanfor desse, for at innbyggjarane i Giske skal få best mogleg tenester gjennom nødvendige interkommunale samarbeid.

Giske Høgre vil vere med å gi deg som innbyggar eit tilbod som kan skape trivsel og bulyst ved å ha fokus på

skule og barnehage
helse og omsorg
kultur og frivilligheit
tilrettelegging for næring
miljø og bustadutvikling
samferdsel og infrastruktur
kommunen som arbeidsgivar og serviceorgan

Skule og barnehage

For Giske Høgre er ein god barnehage- og skulepolitikk ein berebjelke i velferdssamfunn som vårt. For alle born og unge skal det vere mogeleg å delta aktivt, og til å utvikle sine evner. Born byrjar på barnehage og skulen med stor iver og lærelyst. Giske Høgre ynskjer ein skule som tek vare på denne lærelysta, og tilpassar opplæringa etter den einskilde sine evner og behov.

Grunnlaget for eit godt sjølvstendig liv for våre born og unge vert lagt i heimen, i barnehagen og i skulen. Sosial kompetanse og lese- og skrivekunnskap er viktige grunnleggande ferdigheiter som skal utviklast i barnehagen og i skulen. Giske har gått føre i bruken av ny teknologi i skulen. Utrulling av nettbrett har vist seg å vere forløysande for lese- og skrivekunsten blant dei yngste. Og det opnar i større grad opp for tilpassa opplæring, både for dei som treng færre og dei som treng fleire utfordringar. Moglegheitene innan digitalisering er mange, og Giske Høgre er opptekne av å ta i bruk desse.

Det er viktig at dei som har ansvar for Giske kommune sine born og unge vert verdsett for den jobben dei gjer, og får lagt til rette for eiga utvikling. Læraren og skulen har ei nøkkelrolle for at born trivast på skulen og at det vert skapt lærelyst for den enkelte.

Med kommunen sin oppdelte topologi er det naturleg og også viktig for lokalsamfunna at der finnast barnehagar og grunnskular på alle fire øyane. Nærleik mellom heim og skule er tenleg både for barnefamiliane og for lokalsamfunnet elles. Men når borna kjem i tenåra er ikkje den geografiske nærleiken alltid like viktig. Noko lengre skuleveg har ungdomsskuleelevane på Vigra og Giske hatt i lang tid. Giske Høgre vil endre på skulestrukturen i kommunen, då på ungdomsskuletrinnet. Alle elevar frå 8. til 10. skuletrinn bør samlast under same tak. Bakgrunnen for dette er å betre effektivitet og kvalitet gjennom utnytting av synergiar i skuletenestene, og sikre likt tilbod og lik kvalitet for alle.

Det er utfordringar i høve bygningsmassen på skular i Giske. Det er på høg tid å fastsette plan for rehabilitering og nybygg, og få igangsett utbygging på Vigra skule og Valderøy Ungdomsskule.


Giske Høgre vil
prioritere nytt skulebygg på Vigra skule og Valderøy Ungdomsskule
arbeide for god skuleutvikling og hensiktsmessig skulestruktur
bistå skulen med å skape eit læringsmiljø utan mistrivsel og mobbing gjennom ei ansvarsfordeling/forpliktande samarbeid mellom skule og heim
at det for alle skal vere mogeleg å utvikle sine individuelle evner og talent
legge til rette for demokrati i praksis ved å føre vidare Barn og unges kommunestyre (BUKS)
gi kompetanseløft til lærarar, leiing og medarbeidarar i barnehagen og skulen, gjennom etter- og viareutdanning, med særleg vekt på rektorskule for leiarar og generell auka digital kompetanse
arbeide for at alle skulane i Giske vert dysleksivenlege skular
legge til rette for auka fysisk aktivitet i skulen og stimulere til eit sunnare kosthald
at skulen tek i bruk fagleg sosial og psykososial kompetanse. Som til dømes miljøterapeutar og barnevernspedagogar, for å gi eit meir heilheitleg tilbod til born og unge med særskilde behov

Helse og omsorg

Eit velfungerande lokalsamfunn byggjer på at kvar og ein av oss tek ansvar for sitt eige liv og for si familie. Dei som heilt eller delvis ikkje er i stand til dette, må få tilrettelagt hjelp frå det offentlege. Ei god kommune vert i stor grad målt på korleis den gir bistand og hjelp til den som trenger dette.

Giske Høgre sitt initiativ til å opprette brukarutval for helse og omsorg fekk gjennomslag i førre valperiode, og var det viktigaste bidraget for å få til betre kommunikasjon og auka medverknad med brukar og pårørande. Giske Høgre vil arbeide for å oppretthalde og vidareutvikle denne institusjonen.

Giske Høgre vil

gi innbyggjarar i alle fasar av livet ein trygg og aktiv kvardag
ta i bruk verkemidla i kvalitetsreforma «Leve heile livet», som skal gi eldre ein trygg og aktiv alderdom
etablere sjukeheimsplassar ved Giske omsorgssenter
gi menneske med omfattande hjelpebehov valfridom mellom anna gjennom brukarstyrt personleg assistanse (BPA)
styrke det førebyggande helsearbeidet for å motverke utviklinga av livsstilrelaterte helseproblem
bidra til at det vert oppretta besøksordningar til eldre som bur heime og som ynskjer litt ekstra kontakt og tryggleik, gjerne gjennom samarbeid mellom unge og eldre og mellom frivillige, privat og kommunale tenester
legge til rette slik at ideelle organisasjonar og private aktørar også kan bidra for å auke både tilbodet og kvaliteten i omsorgstenesta
inkludere alderdom i kommuneplanlegginga med tilbod om aktivitet, tilpassa bustadar og rehabilitering, og alternative former for brukareigd omsorgsbustadar
jobbe aktivt for å auke pasientar og pårørande sin innflytelse på kvalitet og utvikling av helsetenestene
at helsesjukepleiar fasiliterar barselgrupper for alle foreldre med ønske om dette
sikre gode lavterskeltilbod innan psykiatri, og styrke tilbodet frå helsesjukepleiar i skulen
ha eit velfungerande barnevern, som har særskilt fokus på tidleg innsats og førebygging hos born og familiar med behov
føre vidare målsettinga om eit kompetanseløft for tilsette i omsorgssektoren, om høgare kompetanse og færre ufaglærte
føre ein seniorpolitikk som er tydeleg på at helsepersonell som ynskjer å stå lengre i jobb, skal frå ekstra goder, for eksempel ønsketurnus

Kultur og frivilligheit

Kultur skapar identitet og beriker våre liv. Eit aktivt og mangfaldig kultur- og friluftsliv er ei god investering.

Frivillig innsats innan kultur, idrett og friluftsliv skapar viktige fritidstilbod og sosiale møtestader for born, unge og eldre. Aldersbestemt idrett er den største og viktigaste arenaen for fritidstilbod til barn og unge. Her blir det lagt ned tusenvis av frivillige timar frå foreldre og andre eldsjeler som er knytt til idrettslaga. Giske Høgre meiner at den kommunale kulturpolitikken skal etablerast og finne sin plass i eit positivt samarbeid og samvirke mellom uorganiserte, organiserte og kommersielle kulturtiltak.

Kulturlivet i Giske har også stor betyding for kommunen sin attraktivitet og trivsel for både unge og eldre i Giske, men også for ny busetting og næringsetablering.

Giske Høgre vil styrke innsatsviljen og lokalpatriotismen gjennom satsing på kulturelt mangfald og gode kommunale tenester, ved å

sikre gratis leige av kommunale anlegg til lag og organisasjonar for dei yngste i kommunen, og gjere skulen sine lokalar mest mogleg tilgjengeleg for kultur- og idrettsaktivitetar på ettermiddag- og kveldstid
vidareutvikle det gode arbeidet ved Frivilligsentralen
bidra til at kommunen ti ei kvar tid har tilfredsstillande god kapasitet på idrettsanlegg
utarbeide gode og forpliktande planar for å styrke samarbeidet mellom kommunen og frivillige lag og organisasjonar
sikre eit godt kulturskuletilbod for heile kommunen
legge til rette for å skape gode relasjonar mellom generasjonar
sikre eit bibliotek med mangfald, og som er relevant for framtida
i større grad nytte dei frivillige organisasjonane som høyringsinstansar
legge til rette for at flyktningar og innvandrarar får møte breidda av frivilligheita for å finne aktivitetar som passer deira interesse

Tilrettelegging for næring

Giske Høgre vil føre ein politikk som aktivt støtter opp om etablert næringsverksemd og legge til rette for vidareutvikling, men også for nyskaping, innovasjon og nyetablering. Giske Høgre vil jobbe for at kommunen profilerer seg slik at den kan tiltrekke seg bedrifter som kan vere med å styrke dei etablerte næringsmiljøa og flyplassen som ein viktig motor for etablering av ny verksemd.

Giske Høgre vil jobbe for betre næringspolitisk i dialog med næringslivet i kommunen. Giske Høgre vil etablere «kontaktpunkt» som kan fange opp utfordringar og behov – og på denne måten skape ein betre dynamikk med næringslivet i Giske.

Havrommet
Fiskerinæringa er sentral og viktig i Giske kommune. Samtidig som vi vil vere ein politisk påverkar for å gi best moglege rammevilkår for ei berekraftig utvikling av fiskerinæringa i kommunen, vil vi i Giske Høgre også støtte opp om tiltak for innovasjon og nyskaping i fiskeflåten. Med god dialog mellom fiskeri- og havbruksnæringa, kommunen, statlege mynde, regjering og Stortinget vil Giske Høgre yte stor innsats for å realisere Gjøsund som nasjonal fiskerihamn. Denne satsinga skal danne grunnlag for stor vekst i eksisterande og nye fiskeriverksemder.
Industri
Industriarbeidsplassar og –bedrifter som har verdsmarknaden som arena er viktige aktørar å ha i ein kommune. Desse setter standard for anna verksemd og pusher på det øvrige næringslivet til å heve seg enda eit hakk, for å kunne konkurrere ute i dei enkelte marknadene. For å legge til rette for ekspansjon og ny utvikling vil Giske Høgre arbeide for sikker arealtilgong til tilvekst av industri i kommunen.
Reiseliv
Giske kommune har hatt reiseliv og utvikling av reiselivsnæring som satsingsområde i mange år. Giske Høgre vil støtte opp om stadig fokus på utvikling av meir reiselivsnæring, og vere med å legge til rette for at det kan skapast meir overnattingsplassar. Fleire overnattingsplassar vil mest sannsynleg også gi grunnlag for meir reiselivsnæring. Giske Høgre vil arbeid for at det gjennom reguleringsplanar vert lagt til rette for areal for reiselivsnæring på spanande areal mot havet.

Bobilparkering er også eit element å legge til rette for og då også på attraktive stadar. Giske Høgre vil opne for moglege områder for slik verksemd.

Landbruk
Tilgong til areal for landbruket er stadig trua av andre arealformål. I gjeldande kommuneplan er det avsett areal til bustadføremål som er tilstrekkeleg for ønska befolkningsvekst i mange tiår framover. Jordvern er eit av dei viktigaste politiske verkemidla vi har for landbruket, og Giske Høgre skal sikre den matjorda vi har i Giske til eit moderne og effektivt landbruk, gjennom fruktbar dialog med landbruksnæringa.
Flyplassen
Flyplassen er ein viktig arbeidsplass i kommunen. Den gir stor tilstrøyming av reisande, med dei ulemper og fortrinn dette gir. Men den kan også verte ein endå betre «motor» for ytterlegare utvikling og etablering av nye næringsverksemder. Giske Høgre vil vere ein pådrivar for at kommunen skal engasjere seg sterkare i utviklinga av flyplassen og vere med å legge til rette for utvikling og ny etablering rundt flyplassen, og gjennom planarbeidet sørge for at det er tilstrekkeleg areal for slik utvikling.

Giske Høgre ser det også interessant å sjå på ei kopling av næringsetableringar på aksen mellom flyplassen og Gjøsundområdet og om dette kan gi ei endå større mogelegheit for utviklinga som står føre på Gjøsund, med fokus på fiskeri, havbruk, logistikk, innovasjon, industriell automatisering og kompetansearbeidsplassar.

Eigedomsskatt
For å sikre gode vilkår for næringslivet i kommunen vil det også vere viktig at skattar og avgifter er på eit lavast mogleg nivå. Giske Høgre har som utgangspunkt at kommunen skal drive sine tenester utan bruk av eigedomsskatt som inntektskjelde.


Giske Høgre vil

sikre ein god og effektiv sakshandsaming av søknader om etablering og vidareutvikling
stimulere til bedriftsvekst, etablering av arbeidsplassar og næringsklynger
bidra til å sikre gode og stabile rammevilkår for fiskeri, havbruk, landbruk og industri
arbeide for å halde på og skaffe nye kompetansearbeidsplassar
halde kommunale avgifter og gebyr så lave som mogeleg gjennom å påverke til effektiv drift i dei kommunale og interkommunale sjølvkosttenestene
auke talet på lærlingplassar i kommunen
sette krav om lærlingar i bedrifter som har kommunalt samarbeid
vidareutvikle kommunen sine næringsareal og avklare, eventuelt legge til rette for, utviding av desse områda
opprette og halde stadig ved like ein politisk kontakt til sentrale bedrifter og næringsliv i kommunen
at ålesund lufthavn, Vigra får forlenga rullebane og utviklast viare for å ta imot auka trafikk og nye direkteruter til utlandet

Miljø og Bustadutvikling

Høgre sitt program om bustad- og næringsutvikling slår fast at planprosessane, regelverket og byråkratiet skal forenklast. I tillegg skal moglegheitene for statlege motsegn og flaskehalsar i byggesakshandsaminga begrensast. Dette er særleg viktig for vekstkommunen Giske.

Sentrumsutviklinga må skje på ein slik måte at den kan bidra til ytterlegare tilbod for kommunen sine innbyggarar, men óg slik at dette kan gjere kommunen meir attraktiv og skape ein sterkare identitet. Kommunen vår er vidstrakt, og gjer det naturleg at handel- og servicefunksjonar er samla til meir enn eitt sentrum. Giske Høgre ynskjer å legge til rette for at ambisiøse og initiativrike aktørar innan næring, handel, bustad, servicetenester og rekreasjon får utvikle seg innanfor kommuneplanen sine definerte områder for dette. Både Sætra/Gjøsund og Ytterland har kvalitetar som legg til rette for etablering av kombinasjonar av alle dei nemnde formåla, og godt planarbeid må sørge for god utnytting av areala i desse områda.

Dei ulike bustadmiljøa på øyane i Giske er med på å karakterisere kommunen som bustadkommune og er samtidig med på å bestemme vår attraktivitet.

Giske Høgre vil gjennom planarbeid og samarbeid med utbyggingsaktørar stimulere til bruk av gode og miljøeffektive løysingar, særskilt i større bustadprosjekt der dette gir positiv effekt på økonomi og miljørekneskap. Giske kommune har samarbeid med mange aktørar av nye bustadområder i kommunen. Som ei vidareføring av slik utbygging i kommunen vil det vere viktig å sikre at ulike tiltak innan landskapsmessige tiltak, leike- og trivselsområde, ulike miljøaspekt, gang- og sykkelvegar, tilkomst til turområder, barnetråkk med meir, vert teke i vare og innarbeidd i avtaleverk.

Giske kommune har hatt ei svært stor utbygging av nye bustadar dei siste åra og det er i stor grad fortetting i bustadområde, spesielt på Valderøya. Dette kan skape utfordringar i lokalmiljø og store endringar for dei som bur i desse områda. For å skape ein større medverking i korleis lokalmiljøa skal utformast og utviklast må det gjerast grep for å skape større engasjement og eigarskap til dei planar som skal gjennomførast. Giske Høgre vil arbeide for å få innført nye metodar i planarbeidet, som sikrar større medverking på og eigarskap for planar for utvikling.


Giske Høgre vil

ha differensiert bustadbygging, sett i ein samanheng med lokale tilhøve, men óg for å skape variasjon i nærmiljøet. Det er avgjerande å sjå på bustadbygging i ein samanheng med teknisk og sosial infrastruktur, transport og miljø
realisere og etterleve kommunedelplanen som skal regulere bustadutviklinga i tråd med tilgjengeleg sosial og teknisk infrastruktur i kommunen
legge til rette for idrett, leik og rekreasjon i lokalmiljøa
sikre god tilkomst til turterreng frå alle bustadområder
forsterke arbeidet med å hindre plastforsøpling, og utarbeide en lokal handlingsplan for marin forsøpling og matsvinn
legge til rette for auka bruk av elbil og andre nullutsleppskøyrety
iverksette skuleprosjekt for reint hav og natur
bevare og utbetre kommunens parkar og friluftsområde

Samferdsel og infrastruktur

Giske kommune skal vere ei trygg kommune å ferdast i for mjuke trafikantar, samtidig som ein skal sikre god framkomst for både bilistar og kollektivtransport.

Giske kommune er eit lokalsamfunn som i mange år har hatt ein sterk vekst i befolkninga. Vegnettet i store deler av kommunen har ikkje hatt den same utviklinga, og vi heng etter i å få utbetring av både det som er kommunale veger og fylkesvegar. Vi har ein stram økonomi i kommunen, men ein bør likevel søke å finne finansiering og tiltak for utbetring av det kommunale vegnettet – spesielt der vegen er mykje brukt skuleveg. I det som er fylkeskommunal veg bør Giske kommune gå i dialog med fylkeskommunen om å finne midlar til utbetring. Skulevegen på Giske er sikra, og øygardsvegen står for tur.

Det er utbygd mykje flott gang- og sykkelveg, men enno står det igjen vegstrekningar som burde ha fått gang- og sykkelveg – spesielt der ein frå før har smale veger og i tillegg stor trafikk av skuleborn. Giske Høgre vil arbeide for at Giske får sin del av trafikktryggingsmidlane som Fylkeskommunen disponerer, og bruke desse på gangvegprosjekt i samråd med prioriterte prosjekt innan infrastruktur.

Fastlandsforbindelsen har raud farge i sårbarheitsanalysa frå DSB, der ei større ulykke i tunnelane kan isolere eit heilt øysamfunn i lang tid, samt hindre ein heil region frå å kunne nytte flyplassen. Giske kommune må sette press på sentrale mynde for å kome viare i planarbeidet knytt til eit alternativt fastlandssamband, anten det vert tunnel, bru eller å nytte sjøvegen.

Giske Høgre vil

at alle skal ha trygg skuleveg
vektlegge vedlikehald og utbetring av belysning langs veg
at kommunale vegar skal halde ein god standard. I dette legge planer for utbetring av dei kommunale vegane på alle øyane i kommune og gjere ei prioritering for utbetring
jobbe fram planar og gjennomføring for utbygging av gang- og sykkelveg på vegar med stor trafikk, i samråd med fylkeskommunen
sikre gode parkeringstilhøve ved startpunkt for turstiar
jobbe for eit best mogeleg kollektivtilbod i kommunen og for fastlandsbussen, og støtte opp om at ansvaret for dette vert overført frå fylkeskommunen til kommunane i Region ålesund
betre skilting og oppmerking på og langs vegane i kommunen
at Giske kommune held fram med modernisering av teknisk infrastruktur – herunder fornying av leidningsnett for vatn, bygging av sentraliserte reinseanlegg for avløp og utviklar berekraftige renovasjonsløysingar


Kommunen som arbeidsgjevar og serviceorgan

Giske kommune er ein viktig leverandør av tenester og service til innbyggarane. Samtidig er kommunen også ein viktig utøver av myndigheit, gjennom forvaltning av lover og forskrifter. I alle sine roller er det viktig at kommunen sine folk og tilsette er tilgjengelege, serviceinnstilt og opptrer løysingsorientert.

Kommunen er den største arbeidsgivaren. Vi meiner at det vert gjort ein god jobb i alle kommunen sine einingar og på alle nivå, men som på alle andre arbeidsplassar vil det vere viktig at ein ser etter forbetringspotensial og er innstilt på endring.

Giske Høgre ynskjer at kommunen sin administrasjon og som tenesteleverandør på alle plan, skal ha fokus på å utvikle seg best mogeleg. Giske Høgre vil at kommunen skal utvikle seg gjennom ytterlegare bruk av «Lean-metoden», som er ein metode for effektivisering og kvalitetsforbetring gjennom bruk av ulike hjelpeverktøy.

Giske Høgre sine folkevalgte vil ta sitt arbeidsgivaransvar på alvor. Vi vil vidareføre kommunen sin status som IA-bedrift. Ein god medarbeidar og leiar skal merke at det er utviklande og givande å arbeide i Giske kommune.


For å ha ein god kommune å ta kontakt med og arbeide i, vil Giske Høgre

arbeide for ytterlegare bruk av «Lean» som kultur og arbeidsfilosofi i kommunen
gjere kommunen enda meir tilgjengeleg gjennom auka bruk av digitale verktøy internt og ovanfor kundane
ha fokus på brukarane sine behov og ikkje la byråkratiske system og regelverk stå i vegen for gode løysningar
etablere arenaer for dialog med innbyggarane og næringsliv for å utvikle og kvalitetssikre tiltak for utvikling av lokalsamfunna i Giske kommune
sikre sunn og god drift og god økonomistyring av kommunen
fastsette konkrete mål i forvaltning og tenesteproduksjon, og følge opp avvik frå oppsette mål
gi leiarar opplæring og kompetanseheving til å verte endå betre leiarar, og samtidig gi ressursar og myndigheit til å utøve sitt leiarskap
tilby medarbeidarar tilpassa opplæring, slik at tilsette kan utføre sitt arbeid på ein betre måte
arbeide for å redusere sjukefråvær i Giske kommune gjennom arbeidsmiljøretta tiltak
ha ein open kommune der prosessane er transparente alle stader det let seg gjere
innføre heilelektonisk sakshandsaming og tenester der innbyggjarar enkelt får løyst sine oppgåver, og der terskelen for innbyggjarmedverknad vert redusert