Årsmøte i Gloppen Høgre
Utruleg godt frammøte på årsmøtet i Gloppen Høgre! Og dei frammøtte 16 medlemene fekk inspirerande påfyll frå dei to unge og friske representantane frå Vestland Høgre, Lise-May Sæle og Tora Hodneland Kildehaug
Årsmøtet for Gloppen Høgre 30.januar 2024
Gjester frå Vestland Høgre: Tora Hodneland Kildehaug og Lise-May Sæle
Godkjenning av innkalling og sakliste: Samrøystes godkjent
- Møteleiar og referent
- Møteleiar: Jan Ove Rygg. Referent: Dagfinn Nyhammer
- To til å skrive under Møteboka
- Hans Os og Lisbeth Stensaker
- Årsmelding frå styret:
- Jan Ove gjekk gjennom denne. Samrøystes godkjend
- Rekneskap:
- Kasserar gjekk gjennom denne. Samrøystes godkjend
- Årsmelding frå kommunestyregruppa, Beate D.N. orienterte og gjekk gjennom meldinga. Teken til orientering
- Fastsetjing av medlemskontingent
- Forslag på å halde på den sentrale kontingenten, kr. 440,-. Samrøystes vedteke.
- Val
- Leiar: Runar Stensaker Kleppe (på val i 2025)
- Nestleiar: Beate Dybendal Nordvik (på val i 2025)
- Kasserar: Dagfinn Nyhammer (på val i 2025)
- Lisbeth Stensaker (på val i 2026)
- Ola Sundt Ravnestad (på val i 2026)
Vara: Øyvind Aarebrot og Per Inge Hole begge på val i 2025
Revisorar: Jan Arve Frøyset og Hans Lothe begge på val i 2025
Valnemnd: Grethe Håheim, leiar (2025), Kim Kristen Eide (2026), Ørjan Tystad (2027)
- «Korleis er det å vere i possisjon?»
- Beate og Jan Ove fortalde om månadane etter valet sist haust. Forhandlingsresultat, fastsetjing av grupper og verv til kommunestyrerepresentantane, arbeid i gruppene, formannskap og kommunestyre, og litt anna.
- Politiske saker
- Jan Ove tok opp framtidige saker som kan dukke opp, og hadde spesielt fokus på sine tankar om Sandane Hamn.
- Gjestene frå Vestland Høgre, Tora Hodneland Kildehaug og Lise-May Sæle, tok oss med i ein inspirerande og interessant bolk, der dei snakka om organisering av politisk arbeid, korleis få med yngre folk i politikken, og litt om arbeidet fram mot stortingsvalet i -25;
- Avslutning av årsmøtet, med takk til avgått leiar, Jan Ove, og med middag som 10 medlemer ville ha med seg før dei tok turen heim att.