Valprogram
2023-2027

Les meir om kva me går til val på i Gulen dei neste fire åra!

Gruppebilde av Gulen Høgre sine listekandidater i Skjerjehamn

Høgre ynskjer å skape ein kommune med moglegheiter for alle. Uansett bakgrunn, alder, yrke eller tru, skal ein få dei same moglegheitane til å lukkast.

Gulen treng eit skifte. Me går til val på trygg økonomisk styring med gode løysingar for innbyggjarar, bedrifter og lokalsamfunn, med stor grad av openheit og forsvarleg ressursbruk. Me skal vere ein JA-kommune, som støttar opp om nye initiativ, utvikling og verdiskaping som vil gjere kommunen vår til ein attraktiv og god plass å bu, jobba og leva.

Bli med Gulen Høgre for:

  • Å utvikle heile kommunen.
  • Å rassikre strekninga Brekke-Instefjord (sjå biletet).
  • Å utbedre vegen frå Nordgulen til Eivindvik.
  • To ferjer mellom Sløvåg og Leirvåg, samt betre rutetenester.
  • Trygg eldreomsorg med tilstrekkelig kvalifisert personell.
  • Nok kvalifiserte lærare i skulane og barnehagane, og ei nullvisjon for mobbing.
  • Symje- og flerbruksanlegg med satsing på ungdommen, rekruttering og framtida.
  • Halvering av eigedomsskatt på bustader.

Les heile valprogrammet vårt her: