Mest til skole og helse – null eiendomsskatt frå 2029 i Høgre og Venstre sitt samarbeidsbudsjett for Haram
Det kjem neppe som ei overrasking at skule og helse blir prioritert i Høgre og Venstre sitt første samarbeidsbudsjett for nye Haram kommune. At eigedomsskatten blir fjerna heilt frå 2029, vil nok overraske fleire.
Årsaka er partia sitt nei til det planlagde Badeland i Brattvåg sentrum. I staden for eit stort anlegg med fleire basseng og sklier, går Høgre og Venstre – ved Kathrine Pernille Beite og Christian Holstad Lilleng – inn for eit enklare anlegg etter modell frå Øksnesbadet: eit 25-meters konkurransebasseng med hev-/senk-botn.
– Øksnes kommune ferdigstilte dette i februar 2024 for 137,5 millionar kroner. For Haram vil det gi mindreutgifter på om lag 12 millionar kroner berre i 2029, seier Lilleng (V).
Dei yngste og dei eldste først
– Det viktigaste må kome først, og for oss er det dei yngste og dei eldste. Difor er dei høgast prioritert i budsjettet vårt, seier Beite (H)..
Budsjettet inneheld 22,3 millionar kroner meir til skular og barnehagar dei komande åra. I tillegg kjem rundt 10 millionar kroner ekstra til dei private barnehagane i 2025 og 2026 på grunn av nye nasjonale utbetalingsordningar.
– Vi legg inn 13 millionar kroner meir i ramma til barnehage og skule samanlikna med posisjonen sitt 2025-budsjett. I tillegg kjem 500 000 kroner til fleire kommunale lærlingar, 4 millionar kroner årleg til eit psykisk helseteam for unge og 2 millionar kroner øyremerka ei praktisk linje i ungdomsskulen, seier Beite.
Svømmeopplæringa blir styrkt med 250 000 kroner til profesjonelle trenarar.
Skulane får også ei kraftig oppgradering av undervisningsmateriellet. Partia foreslår 5 millionar kroner til nytt IKT-utstyr og 5 millionar kroner til fysiske lærebøker.
– Regjeringa si såkalla læreboksatsing gav vel kvar elev ei halv bok eller noko i den duren, seier Lilleng. – Med 2,5 millionar kroner både i 2026 og 2027 kan kvar elev få 10–11 nye bøker. Det gjer at også fag som naturfag, samfunnsfag og KRLE får oppdaterte læreverk.
Livsløp, helse og omsorg
Fagområda Livsløp og Helse og omsorg får samla ein auke på over 17 millionar kroner – rundt 4,6 prosent i snitt.
– Sjukefråværet på nær 11 prosent er altfor høgt og gir både menneskelege belastningar og store økonomiske tap. Derfor set vi av 1,5 millionar kroner til nærværstiltak som vi veit har effekt, seier Beite, som til dagleg arbeider med nettopp HR.
For å lette arbeidssituasjonen i heimetenesta og institusjonane set partia av 15 millionar kroner til investeringar i nødvendig hjelpemiddelutstyr.
For å inkludere fleire i det digitale samfunnet foreslår dei òg 250 000 kroner årleg i heile økonomiplanperioden til digital opplæring for eldre.
Idrett og friluftsliv
– Ein tydeleg tråd i budsjettet vårt er å flytte midlar frå reparasjon til førebygging. Vi har alt nemnt satsinga i skule og helse, men vi vil også halde folk i form, seier Lilleng, tidlegare landslagstrenar og utdanna ved Idrettshøgskolen.
Partia foreslår:
3 millionar kroner til kvar av kunstgrasbanene som må bytast dei neste åra (Ravn, Norborg og Brattvåg)
5 millionar kroner til oppgradering av idrettshallen ved Brattvåg ungdomsskule
250 000 kroner til trimløyper og vegar
100 millionar kroner til ny svømmehall, fordelt med 50 millionar i 2028 og 50 millionar i 2029
Finansiering
– Vi har tru på auka skatteinntekter gjennom befolkningsvekst og høgare nærvær. Vi trur òg at dollaren vil stabilisere seg slik at finansavkastninga blir noko betre enn i år, seier Beite.
