Nominasjonen i Haram Høgre

Ein samrøystes nominasjonskomité føreslår Inger Synnøve Remme

Haram Høgre har vedteke å gjennomføre tidlegnominasjon av 1. kandidaten til kommunevalet 2027. Vedkommande er og partiet sin ordførarkandidat. Nominasjonsmøtet skal vere 15. juni kl. 1800 i Eidet kulturhall, rom Bygdestova.

Ein samrøystes nominasjonskomité føreslår Inger Synnøve Remme som Haram Høgre sin 1. kandidat/ordførarkandidat ved valet 2027.

Nominasjonskomiteen si grunngjeving:

Inger Synnøve Remme er ein framifrå kandidat med sterk næringslivskompetanse. Ho kjenner kommunen godt og har dei rette eigenskapane for å leie omstilling og utvikling til det beste for den enkelte, lag og organisasjonar, samt vere ein sterk tilretteleggar for næringslivet i Haram kommune.

Sitat frå Inger Synnøve Remme:

Eg er audmjuk og takkar for tilliten nominasjonskomiteen har gitt meg. Eg vil som 1. kandidat arbeide for god høgrepolitikk! Kommunen er pressa på økonomisk handlingsrom, men her ligg og moglegheiter for å skape utvikling av tenestene som kommunen skal yte til innbyggarane. Det skal vi greie gjennom gode prioriteringar der vi satsar på det viktigaste fyrst. Vi skal bygge ein sterk og god kommune for framtida både for innbyggarane og vårt lokale næringsliv.

Sitat frå leiar i Haram Høgre, Kathrine Pernille Beite:

Haram Høgre er heldig med mange gode kandidatar til å stå på lista til valet. At Inger Synnøve er innstilt på topp er eit strålande val av nominasjonskomiteen. Inger Synnøve er dyktig, med lang erfaring både frå næringsliv og politikk, og ikkje minst har ho eit breitt nettverk i regionen innafor både næringsliv, offentleg sektor og akademia. Inger Synnøve vil bidra til å breidde partiet lokalt og ikkje minst føre ein tydeleg og god Høgre politikk til det beste for innbyggjarane i heile kommunen.

Kontaktinfo:

Leif Hofseth, leiar nominasjons komiteen – tlf 926 09 966

Inger Synnøve Remme, ordførarkandidat – tlf 994 24 139

Kathrine Pernille Beite, leiar Haram Høgre – tlf 959 44 815