Kathrine Pernille Beite – ordførarkandidat
Kvifor du skal stemme på Høgre og meg i Haram kommune.
Bli betre kjend med Kathrine!
Alder: 42 år
Bustad: Tennfjord
Sivilstatus: Gift, 4 born
Jobb: HR Business Partner i Vard Electro
Bakgrunn: Utdanna siviløkonom/ Master of Science in Business. Har jobba mange år som politisk rådgjevar og kommunikasjonsrådgjevar i Høgre si stortingsgruppe. Har og vore politisk rådgjevar i regjeringa Solberg. Etter at eg flytta til Sunnmøre har eg jobba med HR både i gamle Haram kommune og Ålesund kommune.
Kvifor er Høgre partiet for deg? «Jeg velger Høyre, fordi det er det partiet som best sikrer meg retten til å være annerledes,» sa Jo Benkow, det synes eg er eit fantastisk sitat. Med Høgre sin politikk er det rom for at vi alle er forskjellige, har ulike behov og ønskjer å leve liva våre ulikt. Samtidig som det er eit sikkerheitsnett som tek deg imot om du treng det. Det offentlege skal ikkje vere alt for alle, men det skal vere mykje for dei som treng det.
Kva er motivasjonen din for å bli Haram sin nye ordførar? Å etablere ein heilt ny kommune kjem til å bli beintøft, men det gjev sjølvsagt og nokre moglegheiter. Om vi som politikarar greier å prioritere det viktigaste fyrst. Eg vil vere med å peike retning for utviklinga av den nye kommunen og syte for at vi prioritera slik at innbyggjarane får så gode tenester som råd.
Dine og Haram Høgre sine viktigaste saker? I ny kommune må vi prioritere det viktigaste fyrst. For Høgre er det born/unge og helse/omsorg. Alle born skal få oppleve meistring og det å bli sett i sin skulekvardag. For å lukkast med dette må vi styrke læraren, både med kompetanse i form av etter og vidareutdanning, men og syte for at andre faggrupper er ein del av fagmiljøet på skulen, til beste for bornas utdanning. Vi må skape det beste laget rundt borna våre.
Innbyggjarane skal oppleve at dei får gode helse og omsorgstenester når dei treng det. Det handlar og om måltid, aktivitet og fellesskap. Då er det viktig at vi slepp alle gode krefter til for best kvalitet i tenestene, at vi speler på lag med tilsette og pårørande, satsar meir på førebygging slik at eldre kan bu heime lenger og at pårørande får avlastning slik at dette er mogeleg.
Kva er favorittmaten din? Kva som helst som eg slepp å lage sjølv:)
Funfact? Eg har endeleg tatt i bruk symaskina eg fekk i 30 års gåve. Har blitt litt bitt av sybasillen, men har litt for lite tid så det går litt i rykk og napp. Sying gir raske resultat, ein ser framgang med det same. Har til og med merkelappar med eige brand.
Kva er favorittplassen din i kommunen og utafor kommunen? Det er så mange fine plassar både her på Sunnmøre og i Lofoten der eg kjem ifrå. Å kome litt opp i høgda og sjå utover fjord og fjell syns eg er magisk. Men det treng ikkje å vere høgt opp altså, utsikta frå Ravnfloget er fantastisk.