7 gode grunnar til å stemme Høgre i Haram

Høgre sin visjon for Haram er eit samfunn med moglegheiter for alle

1. Moglegheiter for alle i Haram

Høgre ønskjer å vidareutvikle Haram som ein attraktiv bu- og arbeidskommune. Vi har trua på Haram, og då må vi sleppe alle gode krefter til og vere ein JA-kommune. Høgre vil seie ja til nye gode idear og nye løysingar for korleis vi skal vere attraktive både for næringsliv og familiar i etableringsfasen.

2. Prioritere det viktigaste fyrst

Vi skal bygge ein heilt ny kommune, då må vi nytte høvet til å rigge ein effektiv og god kommune som har innbyggjarane i sentrum. Vi må prioritere det viktigaste fyrst og Høgre er ein garantist for trygg økonomisk styring.

3. Ein trygg og god skule for alle

Alle born skal få oppleve meistring og det å bli sett i sin skulekvardag. For å lukkast med dette må ein styrke læraren, både med kompetanse i form av etter og vidareutdanning, men og syte for at andre faggrupper er ein del av fagmiljøet på skulen, til beste for bornas utdanning. Vi må skape det beste laget rundt borna våre.

4. Godt å bli gamal i Haram

Innbyggjarane skal oppleve at dei får gode helse og omsorgstenester når dei treng det. Det handlar og om måltid, aktivitet og fellesskap. Då er det viktig at ein slepp alle gode krefter til for best kvalitet i tenestene, at ein speler på lag med tilsette og pårørande, satsar meir på førebygging slik at eldre kan bu heime lenger og at pårørande får avlastning slik at dette er mogeleg.

5. Næringsvenleg kommune som seier JA til utvikling

Høgre vil spele på lag med næringslivet og dei som skaper verdiar, utvikling og gode arbeidsplassar. Haram skal vere ein attraktiv kommune og etablere seg i, og vi vil vidareutvikle attraktive bu-områder med nærleik til tilbod og legge til rette for meir utbygging.

6. Samferdsle

Gode kommunikasjons- og transportløysingar bidreg til auka verdiskaping, levande lokalsamfunn og fridom for den einskilde. Vi vil betre kollektivtilbodet og kommunikasjonen for elevane ved Haram vidaregåande skule. Vi skal satse på trafikktryggingstiltak, særleg der det er skuleborn som kryssar veg, bygge ut gang- og sykkelvegar og utbetre trafikkerte kryss.

7. Kultur og frivilligheit

Eit godt kulturtilbod er viktig for å skape bulyst, og for å gjere kommunen attraktiv både for oss som bur her i dag, men og for at nye skal ville busette seg her. Frivillig innsats bidreg til eit rikare lokalsamfunn, og betyr mykje for kvart einskild menneske. Høgre vil spele på lag med dei etablerte laga og organisasjonane. Kommunen bør, så godt det let seg gjere, støtte ulike tiltak når det kjem til fysisk aktivitet for innbyggarane. Vi vil og sikre eit moderne folkebibliotek i kommunen, med opne og tilgjengelege tilbod når folk vil ha det.

Kathrine Pernille Beite

Kathrine Pernille Beite

Høgre sin ordførerkandidat i Haram.