Program 2023-2027

«Ein attraktiv kommune som prioritera det viktigaste fyrst»

Innleiing

Programmet tek utgangspunkt i Høgres føremålsparagraf:
Høgre legg vekt på kontinuitet. Vi har arva eit samfunn prega av tillit, openheit og små forskjellar, eit samfunn med høg verdiskaping og med velutbygde velferdsordningar. Det er vår plikt å ivareta og videreutvikle dette samfunnet for framtidige generasjonar. Vi vil endre for å bevare. Med det meiner vi at vi må gjere naudsynte endringar i dag av omsyn til klima og miljø, økonomisk og sosial berekraft og framtidige generasjonar si velferd.

Høgres politikk bygger på ein kristen og humanistisk kulturarv. Alle menneske er fødde ulike, men med same ukrenkelege eigenverdi. Høgre meiner at mangfald og toleranse er viktige verdiar for det norske samfunnet. Mangfaldet bidreg til å utfordre og utvikle oss.

Høgre er eit marknadsvennleg parti. Marknadsøkonomien fordeler økonomisk makt på fleire hender og sikrar deltaking av mange. Økonomiske og politiske maktkonsentrasjonar må unngåast gjennom mellom anna å sikre velfungerande konkurranse. Makt og ansvar bør plasserast så nær den enkelte, familien og lokalsamfunnet som mogleg. Staten bør ikkje få for mykje makt. Staten har ei plikt til å forvalte ressursane i fellesskapet så effektivt som mogleg.

Samfunnet er meir enn staten. Derfor krevst det grenser for politikk. Høgre ønskjer ein sterk, men avgrensa stat som sikrar innbyggarane grunnleggande tryggleik, velferd og like moglegheiter. Høgre meiner at samfunnet bør skapast og utviklast nedanfrå. Høgre meiner at kvar enkelt skal ha størst mogleg fridom til og ansvar for å forma sitt eige liv og si eiga framtid, basert på respekt for andre og for fellesskapet.


Politikken vår bygg på dette verdigrunnlaget:

  • Tillit til enkeltmennesket, samfunnet styrkjer enkeltmennesket.
  • Fridom til, og ansvar for, å forme sitt eige liv.
  • Respekt for andre og for fellesskapet.
  • Samhald og solidaritet menneske imellom.
  • Omsorg for den som treng det.
  • Samspel mellom personleg fridom, sosialt ansvar og dei private og offentlege fellesskapa.
  • Makt og ansvar plassert så nært kvar einskild og familiar som mogleg.

Høgre vil at det skal vere moglegheiter for alle i Haram

Høgre ønskjer å vidareutvikle Haram som ein attraktiv bu- arbeidskommune. Vi har trua på Haram, og då må vi sleppe alle gode krefter til og vere ein JA-kommune. Vi må seie ja til næringsliv som vil etablere seg, vekse og skape arbeidsplassar. Vi må seie ja til utvikling av tettstadane i kommunen, både når det gjeld høve til utbygging av bustadområde, men og til utvikling av tilboda på desse tettstadane. Høgre vil
seie ja til nye gode idear og nye løysingar for korleis vi skal vere attraktive både for næringsliv og familiar i etableringsfasen.


Haram Høgre meiner at for å sikre så gode tenester som råd, er det viktig at ein søkjer samarbeid der det er naturleg. Dette gjeld både til dømes næringsliv og private aktørar i eigen kommune, men og gode offentlege fagmiljø på tvers av kommunegrenser. For Høgre er det kvaliteten i tenestene som er viktig, ikkje kven som levera dei.

Oppvekst og kompetanse

BARNEHAGE

Kommunen har stort vekstpotensiale med tanke på barnefamiliar som vil etablere seg i eit trygt oppvekstområder, med kort avstand til det meste. Då er barnehagetilbodet viktig. Haram kommune må kunne levere eit godt og stabilt tilbod, med høg fagkompetanse til dei barnefamiliane som er her allereie
og nye som ser etter ein stad og etablere seg.


Haram Høgre vil:

  • Sikre framleis full barnehagedekning, med robuste barnehagar som er attraktive både for foreldre og for å tiltrekke seg fagkompetanse.
  • Bygge ny barnehage på skuletomta til dagens Tennfjord skule.
  • Oppmuntre til at familiar får fleire born med å gje 50% rabatt på born nummer 3 i barnehage, og gratis plass for nummer 4.

SKULE

Skulen i Haram skal vere ein god skule for alle elevane. Alle skal få oppleve meistring og det å bli sett i sin skulekvardag. For å lukkast med dette må ein styrke læraren, både med kompetanse i form av etter og vidareutdanning, men og syte for at andre faggrupper er ein del av fagmiljøet på skulen, til beste for borns utdanning.

Eit godt samarbeid mellom skule og næringsliv er viktig både for elevane som blir kjent med kva moglegheiter som finst, men og for at næringslivet kan sikre rekruttering. Dette samarbeidet bør starte allereie i ungdomsskulen.


Vi må bygge vidare på det gode samarbeidet mellom kommune og NåOPP (opplæringskontoret), for å bidra med læreplassar og dra nytte av deira kjennskap til næringslivet.


Haram Høgre vil:

  • Fokusere på grunnleggande ferdigheiter som lesing, skriving og rekning. Alle born skal kunne lese og skrive skikkeleg når dei går ut av skulen.
  • Gje lærarane høve til å vere pedagogiske leiarar og konsentrere seg omkunnskapsformidling. Administrative oppgåver må løysast av fagkompetanse på området i stab og støttefunksjonar.
  • La andre faggrupper (som td. miljøterapeutar) vere ein del av fagmiljøet på skulen som sikrar best mogeleg læringsmiljø.
  • Prioritere tidleg innsats til dei borna som treng litt ekstra. Det er viktig både for den einskilde elev, men og for læringsmiljøet i klassene.
  • At skulen skal drive førebyggande arbeid (som td. MOT, dysleksivenleg skule, Livet og Sånn) og har nulltoleranse mot mobbing.
  • Skulen i Haram skal vere i toppen når det gjeld bruk av digitale løysingar som fremjar elevane si læring. Dette krev at utstyr, infrastruktur og opplæring vert prioritert.
  • Renovering og oppgradering av Brattvåg ungdomsskule til ein moderne og attraktiv skule for framtida.
  • Styrkje symjeopplæringa gjennom å vidareføre planane om symjeanlegg med konkurransebasseng i Brattvåg sentrum.
  • Styrke samarbeid mellom bedrifter og ungdomsskule/ VGS. Høve til utplassering for skuletrøytte elevar er viktig for å hindre fråfall.
  • Sikre ein skulestruktur som tek i vare eit nært tilbod, men på ein slik måte at ein får gode og fagleg sterke skular som og er attraktive jfr å tiltrekke seg fagkompetanse vidare.
  • Redusere prisen på SFO, samt gi foreldre valfridom med omsyn til bruk evt berre morgon eller ettermiddag.
  • Ha 12 timar gratis SFO i veka for 1. og 2. klassingar.

BETRE SAMHANDLING OG KOORDINERING AV TENESTER FOR BORN OG UNGE

Det offentlege skal vere det trygge nettet som tek alle i vare når livet blir utfordrande. Betre samhandling og koordinering av tenester er alfa og omega for å kunne yte den hjelpa som er naudsynt. For dei borna som treng litt ekstra oppfølging er det viktig at tenestene snakkar saman og finn dei beste individuelle løysingane.

Haram Høgre vil:

  • Sikre gode rutinar og prosedyrar for samarbeid mellom tenestene i kommunen.
  • Styrke «laget» rundt born og unge og syte for eit godt pedagogisk tilbod for alle.
  • Haram må bli BTI kommune (Betre Tverrfagleg Innsats). Val av modell kan vere etter erfaring frå t.d Sula kommune.
  • Søke prosjektmidlar for å styrke tidleg, rett og koordinert hjelp til barn og unge i Haram kommune.

Helse og omsorg

Det er viktig at innbyggjarane i Haram opplev at dei får gode helse og omsorgstenester når dei treng det. Det handlar om måltid, aktivitet og fellesskap. Det er viktig at ein slepp alle gode krefter til og etablera samarbeid der det er naturleg, både når det gjeld kompetanse internt i kommunen, men og på tvers av
kommunegrenser når det er trong for ekstra kompetanse eller kapasitet.


Haram Høgre vil:

  • Satse på god kvalitet i helse og omsorg og spele på lag med dei tilsette og pårørande.
  • Satse på førebygging slik at dei eldre kan bu heime lenger, og at pårørande får meir avlastning slik at det kan ha sine heime så lenge dei ønskjer. Her er kvardagsrehabilitering av pasientar viktig. Det same er å styrke lavterskeltilboda som til dømes utvikling av dagtilboda slik at dette og kan innebere aktivitar på ettermiddagstid.
  • Ha nok tilgjengelege rehabiliteringsplassar i kommunen, og med god fagkompetanse til å gjennomføre rett behandling for rask rekonvalesens, t.d. gjennom styrking av ergoterapitenesta på rehabiliteringsavdelinga.
  • Vidareføre det viktige arbeidet i helseteneste for barn og unge gjennom styrka tilbod om helsesjukepleiar i skulane og samarbeidet mellom dei ulike tenestene i barnevern, PPT, sosialkontor, politi med fleire.
  • Rekruttere, utvikle og behalde helsepersonell i tillegg til å auke rekruttering av lærlingar innanfor alle dei ulike delane av helse, både i sjukeheimar, psykisk helse, heimetenester med meir.
  • Satse på god hjelp til rusmisbrukarar og psykisk lidande. Eit godt førebyggande arbeid er utruleg viktig.
  • Fortsatt utvikle gode tenester for å møte behov med rette tiltak hos alle aldersgruppe av befolkninga innan helse og omsorg.

Økonomi, entreprenørskap og næringsutvikling

Haram Høgre vil sørge for gode og føreseielege rammevilkår for næringslivet, slik at også nye bedrifter kan etablere seg, og vekse med tryggleik om at kommunen speler på same lag.


Haram Høgre vil:

  • Vidareutvikle det gode samarbeidet som alltid har vore mellom kommune, skule og næringsliv (Haramsmodellen).
  • Haram Høgre vil jobbe aktivt for å fjerne formueskatten på arbeidande kapital. Dette er ein særnorsk skatt som rammar utvikling av og investering i arbeidsplassar i kommunen. Vi vil at Haram skal vere ein attraktiv kommune å etablere seg i.
  • Samarbeide med private aktørar som ynskjer å drive med bustadbygging i kommunen.
  • Satse på å videreutvikle attraktive bu-områder med nærheit til tilbod og legge til rette for meir utbygging.
  • Legge til rette for fortsatt vekst innan fiskeri og at samhandling mellom akvakultur,havvind og fiskeri vert tatt vare på.
  • Legge til rette for å behalde landbruket sine produksjonsareal gjennom berekraftig bruk og forvaltning.
  • Jobbe for å redusere og helst fjerne eigedomsskatten innan ein 4-års periode, om det er slik at Haram har denne skatten ved oppstart av kommunen. Haram Høgre er imot eigedomsskatt.
  • Bygge opp eit Næringsfond som skal brukast til å legge til rette for grûnderverksemd og næringsutvikling. Midlar vi evt får frå Havbruksfondet skal gå inn i Næringsfondet og øyremerkast næringsføremål.
  • At kommunen gjennom hoppid.no skal ta vare på gründere og nyetablerarar.
  • Legge til rette for nytt næringsareal, både på land og i sjø. Kommunen har mellom anna stort potensial i havrommet rundt øyane for havbruk og oppdrett. Dette er viktige næringar for kommunen.
  • Legge til rette for næringsnært utdanningsløp der born og unge knyter kontakt til lokalt næringsliv frå tidleg alder – entreprenørskapsløype i regi av Ungt Entreprenørskap.
  • Ha eit tett samarbeid med Næringsforeningen Ålesundregionen, Nordre Sunnmøre.
  • Legge til rette for vekst og utvikling av turistnæringa i kommunen, i tett samarbeid med Næringsforeningen Ålesundregionen, Nordre Sunnmøre og Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.
  • Ha ein god og effektiv kommunal forvaltning som støttar opp under behova til
  • innbyggarane og næringslivet i kommunen. Målet er ein attraktiv kommune å etablere seg og bu i for våre innbyggjarar, for etablerarar og drive næringsliv i for verksemder.

Samferdsle

Gode kommunikasjons- og transportløysingar bidreg til auka verdiskapning, levande lokalsamfunn og fridom for den einskilde.


Haram Høgre vil:

  • Betre kollektivtilbodet både internt i kommunen og gjennom samarbeid med nærliggande kommunar.
  • Legge til rette for god kommunikasjon for elevar ved Haram Vidaregåande skule.
  • Arbeide for å realisere Hamsundsambandet.
  • Utbetre moloen på Terøya.
  • Jobbe for å bygge ny Vatne bru.
  • Satse på trafikktryggingstiltak, særleg der det er skuleborn som kryssar veg. Vi må bygge ut gang- og sykkelvegar og utbetre trafikkerte kryss.
  • Arbeide for å ytterlegare redusere bompengane på Nordøyvegen. Det er fortsatt ein stor kostnad for næringslivet og dei som bur på øyane. Vi vil også jobbe for å oppgradere gjenstående vegar på nordøyane, spesielt strekninga frå Ulla til Longva. Det er viktig å arbeide for at det skal vere mogeleg å etablere seg på øyane både for næringslivet og innbyggjarar.

Kultur, fritid og frivilligheit

Eit godt kulturtilbod er viktig for å skape bulyst, og for å gjere kommunen attraktiv både for dei av oss som bur her idag, men og for at nye skal ville busette seg her. Frivilleg innsats har ein eigenverdi i seg sjølv som bidreg til eit rikare lokalsamfunn, og betyr mykje for kvart einskild menneske.


Haram Høgre vil:

  • At vi skal vere ein kommune med moglegheiter for alle.
  • Ha eit breitt kulturtilbod – det er viktig for å skape trivsel. Vi må bygge vidare på det gode samarbeidet med Ålesund kulturskule for å sikre eit godt tilbod til born og unge.
  • Spele på lag med etablerte lag og organisasjonar. God dialog og gode møteplassar er viktig for å sjå på ulike tiltak. Kommunen bør, så godt det let seg gjere, støtte ulike tiltak når det kjem til fysisk aktivitet for innbyggjarane, i tillegg til andre samfunnsnyttige tiltak.
  • Sikre eit moderne folkebibliotek i kommunen, med opne og tilgjengelege tilbod når folk vil ha det.
  • Støtte opp om initiativ som kan skape fleire sosiale arenaer for ungdom i alle delar av kommunen.