Samarbeid utover kommunegrensa
Hareid kommune er heilt avhengig av samarbeid nasjonalt, fylkeskommunalt og lokalt for å kunne tilby god kvalitet til innbyggarane, skape nyetablering og initiere utvikling.
Hareid var på Robek i 14 år. Det var på Høgre si vakt vi saman med andre dyktige politikarar kom oss ovanpå og fekk tilbake vår handlefridom i 2017. Anders var ordførar og Ole Frank gruppeleiar for Høgre i den perioda. No er Anders fylkesordførarkandidat og Ole Frank ordførarkandidat i Hareid.
Begge peikar på at det er viktig at Hareid kommune har nettverk utover kommunen. Begge er tett på Høgre sine lokallag, M&R Fylke, Mørebenken og Høgre si Stortingsgruppe. Det handlar om enkelte tenestesamarbeid, men også prosessar om statlege og fylkeskommunale midlar, samt hjelp og støtte til ulike prosjekt i Hareid. Kontakt og nettverk er viktigare enn nokon gong i politisk leiing.
Vi vil tilbake i førarsetet. Hareid Høgre – med Ole Frank ved roret – står for ein heilskapleg og ansvarleg politikk der balanse og nyskaping vert sentrale element. Vi er heldige og ha Anders på laget og mange dyktige kandidatar som vil vere med å gjere denne jobben dersom innbyggjarane i Hareid gir oss tilliten. Godt val!