Namn: Håvard Alvestad
Kandidat nr 5
Født 1951
Pensjonist, tidlegare prosjektinnkjøpar for Kleven Verft
Familie:
Gift, 2 born,4 borneborn.
Hjartesaker:
Eg vil at alle i kommuna skal ha det bra, med gode oppvekstvilkår med godt innhald i barnehagar og skule. Eg vil arbeide for gode trygge arbeidsplassar og variert kulturliv -og fritidstilbod. Og -når den tid kjem- ein trygg og god alderdom med omsorg og institusjonsplassar til dei som treng det.
Vi må understøtte eksisterande næringsliv i kommunen, samtidig sette fokus på nyetablering og utvikle samfunnet.
Det er også viktig for meg at nye innbyggarar vert godt tekne i mot, og inkludert i kommunen vår.
Kvifor Høgre?
Sakene Hareid Høgre jobbar for, til beste for kommuna, er saker som gjer at eg vil vere med på laget. Mange solide personar på lista , med allsidig erfaring frå yrkeslivet, og som eg ser fram til å arbeide saman med.