Ti gode grunnar til å stemme Høgre i Hareid

  1. Gode teneste til innbyggjarane, ei «ja»-kommune. Enkel å oppsøkje, positiv og gjev raskt svar. 
  2. Det gode livet i Hareid; God oppvekst, arbeid, fritidsaktivitetar, kultur og ein god verdig alderdom.
  3. Ansvarleg og stabil styring. Godt politisk samarbeidsklima og ein god trygg arbeidsgjevar.
  4. Skape vekst, innovasjon og utvikling.
  5. Satse på innhald og kvalitet i skulen, ikkje skulestrukturdebatt.
  6. Starte prosess med utgreiing av kultur/fleirbrukshus i Hareid sentrum. 
  7. Hareid, ein attraktiv reisedestinasjon på Sunnmøre. Satse på Hareid Cruisenettverk (HCN).
  8. Starte prosess med utgreiing av ny ungdomsskule.
  9. Redusere avgifter og skatt til innbyggarane. På sikt fase ut eigedomsskatt.
  10. Ressursar til Vekst i Hareid, Hafest og alle skapande frivillige initiativ i kommunen.

Høgre er eit styringsparti med heilskapleg ansvar og respekt!

Hareid var på Robek i 14 år. Det var på Høgre si vakt vi saman med andre dyktige politikarar kom oss ovanpå og fekk tilbake vår handlefridom i 2017. Anders var ordførar og Ole Frank gruppeleiar for Høgre i den perioda. No er Anders fylkesordførarkandidat og Ole Frank ordførarkandidat i Hareid.

Vi vil tilbake i førarsetet. Hareid Høgre – med Ole Frank ved roret – står for ein heilskapleg og ansvarleg politikk der balanse og nyskaping vert sentrale element. Vi har mange dyktige kandidatar som vil vere med å gjere denne jobben dersom innbyggjarane i Hareid gir oss tilliten. Godt val!