Namn: Vanja Myrvang

Kandidat nr.: 8

Født: 1977

Arbeid: Fagansvarleg koordinator/sosionom i teneste for psykisk helse og rus i Hareid kommune.

Familie: Einsleg og mamma til fire flotte gutar.


Hjartesaker:

Mine hjartesaker er heilt klart førebyggande arbeid innan psykisk helse og rus og styrking av tenestene innan dette feltet i vår kommune. Eg vil at borna og ungdommane våre skal vere «heil ved» når dei går mot vaksenlivet. Med gode bu- og oppvekstvilkår i bygdene våre fremmer vi robuste, sunne og trygge bebuarar i kommunen. Dette vonar eg vil føre til at borna som veks opp i vår kommune seinare vil ynskje å etablere seg her.


Kvifor Høgre?

Eg stiller som kandidat for Høgre fordi dei vil mykje av det same som meg for kommuna vår. Samfunnet er i endring og vi må henge med. Eg vil meir for alle dei som bur og veks opp i bygdene våre, og det vil Hareid Høgre også.