Hroar, vår ordførarkandidat

Hroar Holm Carlsen

Alder: 55 år

Familie: Gift, til saman 5 born

Bustad: Frå Tingvoll på Nordmøre, men har budd i Høyanger dei siste 30 åra.

Jobb: Arbeidde på Fundo i ulike leiarstillingar i 15 år fram til konkursen i 2009. Deretter eit år som dagleg leiar på ERAS, før eg vart tilsett i Elkem. Var verksdirektør ved Elkem Bremanger fram til 2020, og er no verksdirektør ved Elkem Bjølvefossen i Hardanger.   

Politisk erfaring:

Eg byrja i lokalpolitikken framfør førre lokalval, og blei valt inn i kommunestyret. Mitt store mål som lokalpolitikar er å bidra til og snu den negative folketalsutviklinga Høyanger kommune har hatt i fleire tiår. Eg er overtydd om at vi kan skape vekst i folketalet gjennom å jobbe målretta med næringsutvikling, bustadutvikling og sentrumsutvikling. Av den grunn sit eg også som svært aktivt styremedlem i både HNU og i Hjetland- og Leira Næringspark.