7 grunnar til å røyste Høgre i Hyllestad

1. På lag med jobbskaparane

Vi vil legge til rette for å auke aktivitet i næringslivet. Hyllestad kommune må lage til fleire regulerte områder i kommuneplanen for næring.

Hyllestad kommune må til rette legge for meir havbruk.

2. Vi vil støtte nye initiativ

Hyllestad Høgre vil støtte opp under gründere som vil satse i Hyllestad.

3. Auka rekruttering til helsefag

Det er viktig at en rekrutterer unge folk som utdanner seg innen helsefag og tilbyr dem praksis, slik at en kan sikre utdannede folk innen helsetenesta i kommunen.

Hyllestad Høgre ønsker å auke opp tilskotsordninga for ungdom som utdannar seg innan helsefaget.

4. Meir bustadbygging

Hyllestad Høgre er veldig glade for alle private initiativ til bustadbygging i Hyllestad. Høgre vill  støtte opp om sånne initiativ i framtida. Vi vil jobbe for at dei som bygger eller kjøper seg hus i Hyllestad skal få kommunale etablerertilskudd og kommunale lån via husbanken. Vi veit at det kan være vanskelig for unge personer å få bank lån vis ein ikkje har nok eigenkapital. Vi vil oppretthalde ordninga og styrke den økonomisk framover.

5. Satsing på kultur og idrett

Hyllestad Høgre vil jobbe for at fritidstilbod for born, unge og vaksne skal bli betre. Vi vil støtte opp om kulturskulen og oppretthalde det varierte tilbodet.

Vi vil òg støtte opp om det kristne kultur- og ungdomsarbeidet i Hyllestad, og støtte opp utbygging av Kvernsteinparken og at den blir Geopark i framtida. I tillegg vil vi støtte alle lag og organisasjonar i Hyllestad.

Hyllestad Høgre vil støtte opp om planen som ligger for oppbygging av tribune for fotball bana og parkeringsområdet ut forbi fleirbrukshuset.

6. Reduksjon av kommunale avgifter

Hyllestad Høgre vil jobbe for å redusere kommunale avgifter dei neste 4 åra.

Vi skal jobbe for å fjerne eigedomskatten.

7. Trygg barnehage og skule

Hyllestad Høgre vil jobbe for varm lunsj i barnehagen 5 dager i veka, og gratis SFO.

Vi ynskjer å ha trygge skuleveger med meir veglys.