Politikk

Høyre gjør Norge klar for fremtiden. Verden forandrer seg i et tempo vi aldri før har opplevd. Da er det vårt ansvar å ta vare på velferden for alle. Høyre her i din kommune og i regjering jobber hver dag for å fornye, forenkle og forbedre. Det dreier seg om din velferd. Det betyr noe om Høyre styrer her i kommunen.

Våre hovedsaker

Skule og barnehage

Hyllestad Høgre vil at alle born skal få mogelegheit til å delta aktivt i samfunnet og til å bruke evnene sine. Både barnehagen og skulen skal gi trygg, god omsorg, og samstundes stimulere til leik og utvikling på borna sine premissar. Hyllestad Høgre sitt mål er å skapa ein skule som tek vare på lærelysta, og som ser den einskilde eleven sitt behov og mogelegheiter.

Kommunasamanslåing

Hyllestad Høgre er positive til kommunesamanslåing, med forbehald om at dette fører til at dei gode tilboda som Hyllestad allereie har vert betre. Det er viktig for Høgre at tenestetilboda som vi har i dag vert oppretthaldne også i framtida. Høgre er mot tvangssamanslåing av kommunar.

Helse og omsorg

Alle eldre og pleietrengande skal sikrast plass i ei verdig omsorgsteneste som tilbyr dei tenestene dei har behov for. Valfridom i omsorga aukar den einskilde sine mogelegheiter til å meistre sitt eige liv. Det er ei viktig målsetjing at alle som ynskjer sjukeheimsplass skal få det, men dette må ikkje skugge for at dei fleste eldre vil bu heime so lenge som mogeleg.

Samferdsel

Næringsdrivande, yrkessjåførar, pendlarar, skuleelevar, småbarnsfamiliar - vi er alle avhengige av trygge og gode vegar. Også den framtidige kunnskapsøkonomien vår vil vere avhengig av ein moderne infrastruktur.

SE HVA VI JOBBER MED

Last ned vårt program