7 grunner til å stemme Høyre i Klepp

1. NÆRINGSLIV

Me vil at næringsareal må nyttast effektivt slik at bedrifter kan etablere og utvikla seg.

Me vil ha samarbeid mellom jærkommunane for utvikling av næringslivet.

2. Landbruk

Klepp er ein stor matkommune.

68% av arealet i Klepp er fulldyrka.

Den jorda må me ta vare på.

Me vil støtte opp om utvikling og innovasjon i landbruket.

3.VEKSE OPP I KLEPP

Klepp skal vera ein trygg kommune å vekse opp i. Klepp Høyre er opptatt av at dei som treng hjelp, blir oppdaga og får hjelp så tidleg som mulig.

Me vil ha ny skuleløysing på Orstad.

Me vil styrke helsesjukepleietenesta på ungdomsskulane og me vil ha eit lågterskeltilbod for unge innan psykisk helse.

4. DER FOLK BUR

Klepp Høyre er opptekne av at ungdommen skal kunne kome heim frå studiar og bu i si eiga bygd. Likeeins at dei som overlet garden til yngre generasjonar skal kunne bu i leilighet i eiga bygd om dei vil det.

Me vil samarbeide med ideelle og private aktørar for ei meir aldersvenleg bustadbygging i Klepp.

5. MILJØ OG KLIMA

Klepp Høyre vil arbeide for å gjera det lettare å velje grøne løysningar.

Me seier NEI til monstermaster!

6. KULTUR, IDRETT
OG FRITID

Det blir utført fantastisk mykje frivillig arbeid i idretten, friluftslivet, kulturlivet og frivilligsentralen. Det er viktig at økonomisk situasjon og sosial bakgrunn ikkje skal hindre nokon i å delta og bidra.

Me vil bygge fleirbrukshall i sentrum; eit lågterskel idretts- og aktivitetshus for unge og eldre.

7. TRYGGLEIK OG OMSORG

Klepp Høyre ønsker eit mangfald innan velferdstenestene, skapt i eit samspel mellom brukarar, pårørande, frivillige, private og kommunen.

Me vil ha gode fleksible tenester som endrar seg i takt med brukarane sine behov.

Ved hjelp av dei mange friske eldre som bur i Klepp vil me utvikle frivilligtilbodet vidare.