99 fotballbaner med matjord

99 fotballbaner med matjord







I 2014 tok Klepp eit grep for regionen.



I 2001 vart Regionalplan for byutvikling på Jæren stadfesta av Kongen iStatsråd. Planen var eit kompromiss mellom ulike interesser, der ein sågregionen under eitt utan å bli forstyrra av kommunegrenser. Det vart bestemtkor ein skulle byggja bustader, kor ein skulle ha næringsareal og kor einskulle laga mat dei neste 40 åra. Eller som landbruksdirektør i Rogaland HadleNevøy seier det: planen er «eit forsøk på å planleggje lansiktig for åspara dyrka jord».







I regionalplanen vart det teke to viktige grep. Store deler av framtidigbustadbyggjing skulle samlast i Sandnes øst og i Bybandet Sør. Sistnemnde ereit område i både Sandnes, Klepp og Time.







Denne planen har Klepp halde seg til etterpå. Klepp har faktisk brukt mindrematjord til no, enn det planen legg opp til.







Matjorda vert registrert nedbygd i det reguleringsplanen vert vedteken. 2014var året då fleire store reguleringsplanar vart vedtekne. Område 12 og 18 påOrstad og Sporafjell i Verdalen/Kleppe. (88+75+110=273 dekar) Alle desse treområda låg inne i kommuneplanen for åra 1994 – 1999. Områda skulle etter denplanen vore ferdig utbygde i 2005. Situasjonen er den at det er kun nokreganske få dekar på Orstad som det bur folk den dag i dag.







Same året vart delar av Tjøtta regulert, nærare sagt det området nord foreskeren. Området kom inn i kommunedelplan for Tjøtta i 2010. Området nord foreskeren skal byggjast ut fram til 2032, og det meste skal ikkje startast på føretter 2022. Området sør for eskeren skal byggjast ut etter 2032.







Totalt vart 489 dekar regulert i Klepp i 2014. Dei siste ti åra – 2014inkludert – har Klepp regulert 1102 dekar. Same tidsperiode har Time regulert1187 dekar. Dei områda som vart regulert i Klepp i 2014 skal byggjast ut overdei neste 15-20 åra. Med veksten Klepp har hatt dei siste åra, vil det gå endålenger tid.







2014 var året Klepp tok grep for regionen og for framtida. Litt av grepet erendå att å ta. Det skal regulerast eit område på Anda og det skal byggjast eitdobbeltspor for Jærbanen.



2014 var året då Klepp tok grep for å sikre bøndene forutsigbarhet. Bøndene someig utanfor desse områda kan med stor sikkerhet investere på garden.







Og grepet: det tok me saman. Alle parti har stemt for reguleringsplanane. Eg måpasse på å nevne at Senterpartiet stemde i mot Bybandet Sør. Grepet somlandbruksdirektør i Rogaland Hadle Nevøy etterlyser fortgang i. Verkemiddeletsom skal gje bøndene forutsigbarhet andre plasser, og som skal sikre ossmatjord for framtida.







Ane Mari Braut Nese



Ordførarkandidat Klepp Høyre