Å vekse opp i Klepp

Det skal vere trygt å vekse opp i Klepp. Kommunen må legge til rette for konstruktivt samarbeid mellom foreldre, kommunale tjenester, frivillige, politi, skular og barnehagar.

Klepp Høyre meiner at ansvarlige og deltakande foreldre er viktige for eit godt og trygt oppvekstmiljø. Difor må barnehage og skule utfordre og hjelpe foreldre til å ta denne rolla. Eit godt lokalsamfunn er avhengig av at foreldre blir involvert i skule og oppvekst, idrett og andre fritidsaktiviteter. Vi meiner at natteravn-ordninga i Klepp må vidareførast. Det er viktig med vaksne som kan vere til stades ute der ungdomane er i helgane. Det må vere tett kontakt mellom oppfølgingsteam i kommune, frivillige, politi og skule om kva som rører seg i ungdomsmiljøa.

Skulane er det viktigste fellesarenaen for alle familiar. Difor bør skulane vere medvitne om denne rolla og såleis informere, utfordre og hjelpe foreldre til å vere deltakarar og involverte i barna og ungdomane sin oppvekst. Deltaking i frivillig arbeid er også ein viktig sosialiserings- og integreringsarena for innflyttarar til kommunen, og for elevar og familiar med framandspråkleg bakgrunn.