Bli betre kjent med vår ordførarkandidat!

Ove Horpestad – gartnar, snart ordførar?

Alder: 52 år

Familie: Tvillingbror og to søstre. Gift med Helena, barna Åste (26), Endre (23) og Trude (19)

Bustad: Horpestad

Oppvekst: Fødd og oppvaksen på gard på Horpestad. Dei dyrka grønsaker, og Ove fekk tidleg plikter og muligheter til å jobbe på garden. På fritida var fotballen den store interessa, og han var aktiv i fotballen til han flytta heimefrå som 18-åring. I tillegg spela Ove kornett i Tu skulekorps.

Utdanning: Etter ungdomsskulen 1 år «mask & mek». Etter det utdanna Ove seg til gartnar ved Gjennestad gartnerskule i Stokke i Vestfold.

Yrke: Tok over garden i 1988, etter å ha drive samdrift med foreldra i ein periode. Starta med grønsaker og etter kvart blomar i veksthus. Han er dagleg leiar i Horpestad gartneri, som består av 16.000 m2 veksthus. Gartneriet driv hovudsakleg med hortensia.

Dette bildet mangler alt-tekst; dets filnavn er Ove-i-veksthuset_DSC8458-683x1024.jpg
Hortensia er ein staseleg blome. Dei sterke, klare fargane lyser opp heile året.
  • Du fekk tidleg plikter heime på garden. Korleis var det? Eg har alltid likt å jobbe, og det var ein sjølvsagt ting at ungane på gard skulle hjelpe til i arbeidet. For meg var det stor stas å få køyre traktor, og det meste arbeidet var kjekt.
  • Kvifor bytte fra grønsaker til blomar? Kona mi Helena er og gartnar, og fra starten hadde vi både grønsaker på friland og blomar i veksthus. Men det blei for travelt, sidan toppsesongen for begge er på same tid. Eit aukande krav om spesialisering gjorde at vi måtte ta eit val om kva vi ville satse på. Det blei hortensia, ein vakker blome med mange muligheter.
  • Korleis går det å jobbe saman som ektepar? I ein travel kvardag går det i eitt, og vi jobber godt saman. Vi har 10 arbeidsplassar ved gartneriet, og har ein god arbeidsfordeling. 
  • Kvifor politikk? Eg har alltid vore engasjert i idrett og frivillig arbeid. Eg har og vore interessert i politikk, og brukte ein god del tid til å setje meg inn i dei ulike partia. Ved valet i 2011 blei eg spurt om å vere med på lista til Klepp Høgre, og sa ja til det. Eg blei valt inn, og sidan har det blitt tre periodar i politikken, seier ordførarkandidaten.
  • Kvifor Høgre? Eg synes at Høgre har den beste næringslivspolitikken. Eg synes og at Høgre har dei beste løysingane på skule, både for elevar og dei som jobber i skulen, og innan helse og eldreomsorg.
  • Kva gjer deg glad? For meg er kvardagslykke dei øyeblikka Helena og eg kan finne tid til å setje oss ned med ein kopp kaffi og berre vere til. Så er eg glad i å vere på tur, og i å halde meg i form. Kvar søndag er Helena og eg på løpetur saman. Minst 10 km, men gjerne meir.
Dette bildet mangler alt-tekst; dets filnavn er Ove-og-Helena_MAS_1007-1024x678.jpg
Helena er ikkje like politisk engasjert som Ove, men ho lufter gjerne tankar og meiningar. «Eit godt korrektiv»! meiner Ove. 
Kva slags ordførar vil Ove bli, viss han blir vald? «Ove har eit stort ønske om å bidra i fellesskapet. Eg trur han vil bli ein super ordførar. Han er flink til å sjå samanhengar, og har ein diplomatisk måte å vere på,» seier Helena.
  • Kva gjer deg sint? Det skal mykje til for å gjere meg sint, men eg blir provosert av lettvint politikk. Og urettferdighet opprører meg.
  • Kor drar familien på ferie? Om vinteren er vi glade i å vere i snøen. Vi har ei campingvogn i Sirdal, og der får alle i familien gjere det dei liker best. Helena og eg vil helst på langrenn, mens den yngre garde vil i bakken! Om sommaren reiser vi gjerne på tur med telt. Kyst og fjell er like flott. Og så blir det gjerne besøk til Austlandet, der vi har familie. Men i år reiser vi til utlandet; til Algarvekysten i Portugal. Det gler vi oss til!
  • Kva er hjartesakane dine? Eg har stor tru på samarbeid mellom kommunane for å få til gode løysingar. Dette gjeld legevakt, skule, NAV og barnevern. Eg har tru på ein politikk med tydelege føringar i samarbeidet mellom politikarar og administrasjon. Ofte er det viktig å sjå store samanhengar for å få dei beste løysingane.
Dette bildet mangler alt-tekst; dets filnavn er Ove-og-Helena_l%E2%94%9C%E2%95%95p-967x1024.jpg
Helena og Ove deltek gjerne på løpskonkurransar når dei har tid til det.