Søk

Få vekk fødefristen


Få vekk fødefristen







Då Ap var i regjering innførde dei ein fødefrist for å få barnehageplass. Dersom barnet ditt skal få barnehageplass, må han eller ho vera fødd før 1. september. No vil Ap på Jæren bøte på dette med å innføre to fødefrister. Altså to barnehageopptak i året.







Klepp Høyre vil ha rullerande opptak av barn i barnehage. Slik at barnet ditt får barnehageplass når det passer best for din familie. Det vil faktisk om kort tid bli for mange barnehageplasser i Klepp. Det å gje ungane plass når det passer vil ikkje medføre særleg mykje meir saksbehandling enn det årlege opptaket gjer.







Kvifor vil Ap framleis styre familien din ved å begrense opptaket til to gonger i året? For å få ein grunn til å innføre eigedomsskatt? Slik at du kan betale meir for å bu i din eigen heim?



Elin Barane Helland, jordmor og listekandidat

Ane Mari Braut Nese, ordførerkandidat

Klepp Høyre