Søk

Helse og velferd i ei ny tid


Helse og velferd i ei ny tid - Kvardagsrehabilitering

Klepp kommune har gode helse og velferdstenester. Dyktige tilsette gjev av seg sjølv og legg si ære i arbeidet. Klepp  Høyre vil arbeida for at Klepp kommune og i framtida skal ha gode tenester. Tenestane lar seg vanskeleg måla i kroner og øre.  Kvalitet – det er mi og di oppleving av å stå i sentrum, av å bli høyrt og av å få hjelp når me treng det.

Klepp Høyre har fått bidra aktivt med å stake ut kursen for den strategiske planen Taktskifte. Høyre har hatt hovudutvalsleiar i perioden som og var politisk representant i overordna plangruppe . Planen er laga for, og i lag med brukarane. Me står framfor ein ny tid med nye utfordringar. Kommunen må i lag med innbyggarane  tenka ut , skapa og finna nye vegar å gå innan helse og velferd.  Retninga i Taktskiftet kviler på ein solid grunnmur av 7 satsingsområde:

  • Brukarmedverknad

  • Familie og nettverk

  • Frivillig innsats

  • Velferdsteknologi

  • Samhandling

  • Tidleg innsats og førebygging

  • Nye arbeidsmåtar

Klepp Høyre vil satsa aktivt på kvardagsrehabilitering, arbeida for meir forebygging og meir hjelp til sjølvhjelp. Utgangspunktet er at me alle ynskjer å bu heime så lenge helsa tillet det. Me vil vera herre i eige hus og i eige liv. Tradisjonelt har brukarane fått gradvis meir og meir hjelp frå kommunen, etter kva kommunen kan tilby. Med kvardagsrehabilitering snur ein på det. Du som bur heime og plutseleg får behov for hjelp får spørsmålet: Kva er viktigast for deg å klara? Kva kan me hjelpa deg med å trena opp? Kva skal til for at du kjenner deg trygg og aktiv?

I løpet av fire veker blir det pøst på med trening, motivasjon og støtte frå dyktige fagfolk frå kommunen. Deltakaren står i sentrum og blir fulgt tett opp. Livskvalitet gjennom mestring og aktivitet. Sluttrapporten for Kvardagsrehabilitering viser at heile 93% av dei som søker om tenester for første gong klarer seg heilt utan hjelp frå kommunen etter avslutta trening. Når ein ser dei som søker om tenester for første gong saman med dei som har tenester frå før er det fortsatt imponerande 77% som klarer seg utan hjelp eller med mindre hjelp enn dei gjorde før. For alle dei det gjeld er dette ein stor seier.

Klepp Høyre veit at kvardagsrehabilitering ikkje passer for alle og vil arbeide for at det skal vere nok dagplassar og sjukeheimsplassar til dei som treng det. Klepp Høyre har tru på at god samhandling og ein kombinasjon av tenester er til det beste for brukaren og vil arbeide for at enkeltmennesket står i sentrum.

Godt val

Helsing Klepp Høyre