Klepp +Time + Hå=?

Klepp + Time + Hå = ?



Jærrådet har lagt opp ein grundig prosess for kommunereformen på Jæren. Førstedel er gjennomført. Me har fått ein rapport som beskriv fordeler og ulemper medå vera store og små.



Her står det at om ein synes at kommunens rolle som samfunnsutviklar erviktigast, så er det ein stor kommune med Stavanger, Sandnes og Sola som kanløyse det best.



Er ein mest oppteken av kommunen som lokaldemokratisk arena, vil både ulemperog fordeler bli sterkare jo større kommune du får. Ein mindre kommune hartettare kontakt mellom folkevalde og innbyggjarar, betre oversikt overpolitikken og det er lettare å lytte til folk. Ein større kommune kan kanskjefå meir myndighet og handlefrihet i forhold til staten. Men verkeleg makt ogmyndighet oppnår ein ikkje før ein sit att med ein eller to kommunar i regionenStavanger, Sandnes, Randaberg, Sola, Gjesdal, Klepp, Time og Hå.



Synes du at kommunen sin rolle som tenesteyter er det avgjerande, seierrapporten at størrelsen Klepp, Time og Hå vil gjera frå liten til moderatforskjell frå dagens situasjon. Men det kan gå på bekostning av den geografiskespreiinga av tenestetilbodet. Tenester vert fort samla ein plass.



Rolla som myndighetsutøvar vert i følgje rapporten styrka ved ein størrekommune. Kompetanse og kapasitet auker, men samtidig stig avstanden mellomkommune og søkjar slik at lokalkunnskapen vert liten. Dette kan avbøtast ved ådele kommunen inn i bydelar.



Rapporten ligg ute på min-nye-kommune.no



Det kvar og ein av oss må gjera er å finna ut kva som er viktigast for vårkommune. Er det å styrke makt og myndighet for kommunen? Er det viktigast åstyrka kompetansen og fagmiljøa? Eller å halde på nærleiken mellom innbyggjarog dei som styrer?



Det er mange som trur at me luktar på samanslåing for å spare pengar. Det liggikkje til grunn for verken Regjeringa si reform eller Jærrådet sitt prosjekt.Ikkje fordi ein ikkje ynskjer å spare pengar, men fordi det ikkje er mulig åspare pengar ved å slå saman tre mellomstore veldrivne kommunar.



Eg har ikkje funne ein einaste avdeling i Klepp kommune som er overbemanna.Tvert i mot. Nedbemanning var heller ikkje verken målet eller resultatet då meslo saman skatteoppkrevarane på Jæren. Me får ikkje ei overbemanna avdeling vedå slå saman tre underbemanna avdelingar. Dei skal skal yte tenester til likemange innbyggjarar som før. Men me fekk eit skattekontor med større fagmiljø,og eit meir robust kontor ved sjukdom og permisjonar.



Formannskapet i Klepp gjekk nyleg inn for å starte naboprat med Time og Hå. Somme ser det er det nødvendig å ta ein grundigare prat med dei mest sannsynligekommunane for å avklare kva fordelar og ulemper akkurat denne samansetningaville få.



For Klepp må det vera viktig å fortsatt levere gode tenester. Frå Danmark veitme at Mariagerfjord vart til av 6 kommunar. Kvar av kommunane var best på eit område,og dårlegare på eit anna. Den nye kommunen Mariagerfjord skulle ein tru kunneplukke med seg det beste frå alle kommunane. Men slik gjekk det ikkje.Mariagerfjord enda med eit gjennomsnitt av dei tidlegare kommunane. Folketmerka best det dei mista, og fokuserte mindre på det dei vann. Ordføraren iMariagerfjord kunne i møte på Sandnes i vår fortelje oss at folk var jamt overmisfornøgde. Det er viktig at nabopraten vår avklarer korleis me skal unngå ående opp med eit gjennomsnitt, og heller plukke med det beste frå kvar kommune.



Klepp Høyre menar at ei samanslåing må gje innbyggjarane noko meir enn einoppnår ved å stå aleine.



Formannskapet sitt vedtak inneber (om kommunestyret gjer likt vedtak) atkommunen går inn i trinn to av prosessen. Trinn tre kjem til slutt. Det er herdu kjem inn i biletet. Folket skal høyrast. Klepp Høyre er overraska over atSenterpartiet stemde nei til trinn to, då det tek i frå folket muligheten til åseie sitt i ei folkeavstemming.



Klepp Høyre vil høyre på deg i ei folkeavstemming. Stemmer folket i Klepp nei,så gjer Klepp Høyre det og. Stemmer folket i Klepp ja, så gjer Klepp Høyre det.Uansett kor høg valdeltakinga er. Om fleirtalet i Klepp vel å ikkje avgjestemme, så tenker me at dei har sagt at det ikkje er så viktig for dei. Då fårdei som vel å stemme bestemma.



Godt val



Ane Mari Braut Nese



Ordførerkandidat Klepp Høyre