Jæren øyeblikkeleg hjelp

Jærenøyeblikkeleg hjelp – nyskapning i Helse-Norge

Jærenøyeblikkeleg hjelp blei etablert som eit interkommunalt samarbeid i slutten av 2013 mellom Klepp, Time, Gjesdalog Sandnes, med Klepp som vertskommune. Døgntilbodet er ein nyskapning i helse Norge,og i tråd med samhandlingsreforma skal alle kommunane ha eit tilsvarande tilbodpå plass i løpet av 2015. øyeblikkeleg hjelp avdelinga er lokalisert iKleppheimen (3. etasje) og har 12 sengeplassarsom skal vere tilgjengelege for innbyggarane i kommunane døgnet rundt. I startenblir sengene finansiert av staten, men frå 2016 skal kommunane sjølv vere med åbetale. Sandnes disponerer 6 senger, dei andre tre kommunane har to kvar, men ipraksis blir plassane brukt fleksibelt alt avhengig av behov i den enkeltekommunen.

Målgruppaer pasientar med ein kjent sjukdom, til dømes KOLS som ved forverring kan fåbehandling som er avtalt på førehand, og kor allmenntilstanden tilseier at eitslikt tilbod kan vere like godt, eller betre for pasienten, enn ved innleggingpå sjukehus. Dettegjer at Kleppsbuen bli lagt inn på sjukehus seinare enn elles, og kjem raskareheim.

Herslepp ein lang ventetid ved mottaking, har eige rom og får raskt tilsyn av legeog sjukepleier. Våre dyktige tilsette har på kort tid sett Jæren øyeblikkeleghjelp på kartet og sørga for at tilbodet både er kjent, blir verdsatt og føretrekt. Ettersomdet er legane i kommunane som viser pasientane vidare er det viktig å ha deimed på laget.

Avdelingatar i mot pasientar i alle aldersgrupper (ikkje spedbarn) og har hatt inne folkfrå Nord-Jæren frå 8 til over 100 år. Dei fleste er heime igjen etter 3-4 dagar,nokre blir utskrivne til andre institusjonar i kommunane og 10% til SUS. For eislik avdeling er eit belegg 80-85% målsetinga. Jæren øyeblikkeleg hjelp haddeallereie i 2014 eit belegg på 52%, og er i starten av 2015 oppe i heile 74%,dette er eit vesentleg høgare snitt samanlikna med tilsvarande tilbod andrestader i landet som ligg på 20-30%.

Brukarundersøking viser og gode resultat og einnedgang på 40-50% på sjukebesøk frå legevakta. Med andre ord har Jærenøyeblikkeleg hjelp på kort tid blitt ein suksess og eit tilbod som Klepp kanvere stolt vertskap for. Etter planen skal tilbodet i 2017 flytta til Sandnesog lokaliserast saman med den nye brannstasjoen og legevakta.