Sirkelen

SIRKELEN SETTE KLEPP I FORKANT

I 2012 komny lov om Folkehelse og samhandlingsreforma skulle tre i kraft i kommunane.Sirkelen var nybygd og gjorde kommunen klar til å ta dei nye utfordringane påein god måte.

Samhandlingsreformapeiker ut ei ny retning for helsetenesta framover. Brukaren skal få eit betretilbod gjennom førebygging framfor reparering, tidleg innsats og godsamhandling mellom alle involverte. Helsetenester blir flytta ut til heimen.Brukarmedverking skal sikre at tenestene treff behovet og at tenestene utviklarseg i takt med samfunnet. Wifi på sjukeheimen var det nok ikkje mange somtenkte på for nokre få år sidan. No er det sjølvsagt.

Nyfolkehelselov styrker kommunens ansvar for førebygging og helsefremmandearbeid. Kommunane har overteke ansvaret for utskrivingsklare pasientar fråsjukehuset. I tillegg har kommunane fått ansvar for å ha eit øyeblikkelig hjelptilbod knytt til legevakta. Sjukehuset skal frå no av brukast til å finne eindiagnose, operere og finne rett medisin. Så skal me heim til kommunen for åkoma oss i form igjen. Arbeidsfordelinga er slik at sjukehuset gjer det som deier best på, og kommunane gjer det som dei er best på. Klepp kommune er gode påstell og omsorg. Det er plass til alle som kjem ut av sjukehuset og som ikkjeskal rett heim. Dei som får vera på Sirkelen etter sjukehusopphald skryt avgodt stell, omsorgsfulle tilsette og nærleik til dei pårørande. ø-hjelpsavdelinga kjennes og som ein trygg plass å vera når du er for sjuk til å veraheime, men for frisk til å vera på sjukehuset. Avdelinga tiltrekker seg dyktigefagfolk med lang erfaring.

Med sansehage, symjehall og eigen helikopterlandingsplass, er det ikkjebare fasongen som gjer inntrykk, Sirkelen har blitt ein levande institusjonsom rommar eit stort mangfald. Frisklivssentral, ergoterapi,fysioterapi, kvardagsrehabilitering, heimesjukepleie, legekontor, treningsrom,seks avdelingar inkl. rehabilitering, avlastning- og barnebustad er alle samlaunder eit tak med høg jærhimmel over.

Ein idylliskkanal snor seg langs Sirkelen i den flate delen av Kleppekrossen. Frukttre,busker, urter og rennande vatn gjer sansehagen til eit frodig uterom. Med stiog Boccia-bane på plass, venter grøntanlegget rundt Sirkelen no på leikeplassmed spennande apparat for den yngre garde.

Klepp Høyreer stolte av kommunen si satsing på helse og omsorg.

Godt val

Klepp Høyre