Sunn økonomi i Klepp

Sunn økonomi i Klepp

Mykje er endra i Klepp dei siste fire åra når det gjeldøkonomistyring. Første åra i perioden bar preg av til dels store overforbruk ietatane, der negative tal vart overraskande rapportert i ettertid. Det gav bådeadministrasjon og oss som folkevalde store utfordringar med budsjettering oglite eller ikkje noko handlingsrom.

Klepp Høyre tok initiativ tidlig til fleire grep for å fåkontroll på økonomien gjennom god styring og rapportering. Fleire initiativvart gjort, blant anna av Hilde Kraggerud frå Senterpartiet om meir aktiv brukav Kostra-tal for å kunne samanlikna oss med andre. Administrasjonen sjølv toktak og endra rutinar. Mykje vart gjortog mykje endra. Mange har vore involverte i endringane og nye leiarar ogtilsette har kome til. Godt samspel mellom folkevalde, administrasjon, leiingog tilsette ut i kvar eining i kommunen har gjeve gode resultat. PåKommunebarometeret, kor ein rangerar alle kommunar i Noreg, har Klepp løfta segfrå ein 253. plass i 2013 til 43. plass i 2015.

Me har funne ein måte å balansera tenestetilbodet ogøkonomiske rammer. Nokon særs rik kommune vert me nok ikkje, men me har skaffaoss eit handlingsrom som me vil bruka på prioriterte oppgåver framover. Som åløfta fram ny idrettshall på Kleppe i lag med idretten i løpet av dei nestefira åra.

Arbeiderpartiet har programfesta at dei vil innføraeigedomsskatt i Klepp. Programmet, som ein må på nettet for å finna, seierikkje noko om kva omfang og kor høg sats, men det er vel ikkje grunn til å truanna enn dei går for maks.

Klepp Høyre seier klart nei til eigedomsskatt. Me serikkje behovet.

Me har vist gjennom god styring og gode grep at me kan levera gode tenestermed dei skatteinntektene me har i dag.

Me vil fortsatt arbeida for at Klepp skal ha ein robust ogsunn kommuneøkonomi gjennom god styring.

Godt val!

Klepp Høyre

Vidar Haugland, listekandidat