Trygghet og omsorg

Klepp Høyre ønsker eit mangfald innan velferdstenestene, skapt i eit samspel mellom brukarar, pårørande, frivillige, private og kommunen.

Skader og sjukdom må i minst mulig grad avgrense eit aktivt og rikt liv. Kommunen må møte innbyggarane sine individuelle behov med spørsmålet: «Kva er viktig for deg?»

Eldre som tar mot tenester i heimen skal oppleve tryggleik, trivsel og kvalitet i tenestene. Sjukeheimane skal ikkje berre vere ein opphaldsstad for behandling og pleie, men også ein stad for å leve eit godt liv med aktivitet og fellesskap.

Kombinasjonen av omsorg og tekniske/digitale hjelpemiddel er viktig for at me skal kunne leve våre eigne liv.

Rask psykisk helsehjelp
Ventetida er for lang. Du skal få hjelp når du treng det, før små problem veks seg store. Vi må satse på gode og lett tilgjengelege tilbod med kort ventetid, utan krav om tilvising frå legen. Høyre vil ha fleire lavterskeltilbod og fleire psykologar.