7 grunnar til å røyste Høgre i Kvinnherad
1. Me ynskjer levande bygder
For Høgre er det viktig at folk kan velja kor dei vil busetja seg. Ei bygd som er innbydande og attraktiv kan få mange til å vurdera å flytta dit. Mange har ynskje om tomter som er solrike, har utsikt, er nær sjø og sentrum. Tilrettelagt byggeland, gode sentrumsområde, nærskular og tenester i bygdene er difor viktig for Høgre.
2. Me vil kjempa for eit attraktivt næringsliv
Kvinnherad kommune har eit variert og aktivt næringsliv. Kvinnherad Høgre meiner det framleis er eit betydeleg uforløyst potensiale for utviding av eksisterande næringar og ny etableringar. Me ynskjer å få dette til ved f.eks at Kvinnherad skal vera ein kommune kor alle lokale verksemder får ha ein tett dialog med kommunen og få støtte til utvikling av selskapa.
3. Kvalitet i helsetenesta
Kvinnherad kommune skal tilby kvalitet i helsetenestene for innbyggjarane våre gjennom heile livet, når ein treng det. Me vil blant anna at kommunen skal kunna tilby utleigebustadar for t.d. innleigd arbeidskraft til kommunen, studentar i praksis og andre korttidsbehov, gjerne i samanheng med leige-til-eige tilbod. Dette for å styrke rekrutteringa og auke kvaliteten til helsevesenet vårt.
4. Ein god oppvekst for alle born
Ein god oppvekst skal gje grunnlag for at våre barn skal få ei god notid og framtid. Høgre ynskjer moglegheiter for alle. Vi må ha barnehagar av høg kvalitet og tilstrekkeleg med plassar. Skulen skal sjå kvar enkelt elev og skape rom for lærelyst, meistring og engasjement. Me meiner blant anna at nærskulen har ein viktig funksjon i lokalsamfunnet, og me vil støtta arbeidet for ein skule der alle trivest og får opplæring tilpassa den enkelte elev sitt behov.
5. Satsing på samferdsle
For at Kvinnherad i framtida skal få til vekst og næringsutvikling, må den store satsinga på samferdsle halda fram. Me vil fullføra vegutbetring i Kvinnherad gjennom Kvinnheradpakken, og starta arbeidet med Kvinnheradpakke 2 & 3. I tillegg vil me ha trygge gang- og sykkelveiar mellom alle større buområde, skular og butikkar slik at me sikrar mobiliteten til alle innbyggjarane våre.
6. Fokus på kultur, idrett og frivilligheit
Kvinnherad kommune har særs mange engasjerte og dyktige innbyggjarar som står på og yter dugnad for friville lag, stiftingar og organisasjonar. Me vil at kommunen skal vera aktiv støttespelar for lokale kulturarrangement og festivalar som t.d. Festidalen, I tillegg vil me fremja kystkulturen gjennom å støtta aktivt opp om tiltak som Bergslagen, Halsnøy historiske senter og Rosendal kulturhistoriske trebåtsenter, og støtta opp om vidare utvikling og aktivitetar ved Baroniet Rosendal, Halsnøy Kloster og Steinparken.
7. Gode vilkår for landbruk og oppdrett
Me ynskjer at landbruk og oppdrett skal ha gode vilkår for å utvikla seg og auka berekraftig produksjon av matvarer. Det må vera tilgjengeleg areal på land og sjø for den marine næringa, og me i Høgre meiner arealavgift for oppdrettsanlegg må tilfalla kommunen. Me vil også stimulera til auka satsing på frukt- og grønsaksdyrking, og me ynskjer at folk skal få byggja nye kårhus dersom det vil bu fleire generasjonar på garden.