Politikk

Kvinnherad er ein langstrakt kommune, og Høgre vil oppretthalda eit godt tenestetilbod i dei ulike delane av kommunen. For Høgre er det viktig at innbyggarane får tilgong til flest mogleg tenester utan å reisa ut av kommunen. Høgre vil difor utvikla Husnes som eit sterkt regionsenter.

Våre hovedsaker

Næringsliv

For at Kvinnherad skal vera ein attraktiv plass å bu, må vi ha eit sterkt næringsliv med varierte arbeidsplassar. Høgre meiner difor at Kvinnherad kommune må føra ein langt meir offensiv næringspolitikk enn i dag.

Skule

Eit godt skuletilbod er avgjerande for å sikra like moglegheiter for alle. Høgre meiner nærskulane har ein viktig funksjon i lokalsamfunnet. Høgre vil difor ta vare på nærskulane og fokusera på innhald og kvalitet i skulen.

Barn og unge

Kvinnherad treng fleire barnefamiliar for å få framtidig vekst i kommunen. Høgre vil prioritera gode vilkår for barnefamiliar for å gjera kommunen meir attraktiv for desse.

Helse og omsorg

Kvinnherad har ei god eldreomsorg med engasjerte og dyktige medarbeidarar. Kommunen har behov for raskare utbygging av eit tilstrekkeleg tal institusjonsplassar. Høgre vil difor fullføra utviding av Rosendalstunet i perioden, og starta planlegging av framtidig utviding av Husnestunet.

SE HVA VI JOBBER MED

Last ned vårt program