Valprogram
2023-2027

Sjå kva me går til val på i Lærdal i komande periode.

Lærdal skal vere ein kommune med moglegheiter for alle.

Uansett kva bakgrunn du har, skal du ha alle moglegheiter til å lukkast. Difor ynskjer me ein skule der enkelteleven står i fokus, og der kunnskapen og det sosiale miljøet prioriterast høgast. Me ynskjer ein verdig eldreomsorg med nok kvalifisert personale og meir valfridom i kvardagen for dei eldre. Og me ynskjer å tilrettelegge for næringsliv og arbeidsplassar, slik at alle som ynskjer å jobbe og bu i Lærdal, får moglegheita til det.

Me går blant anna til val på:

  • At alle som vil skal kunne jobbe og bu i Lærdal
  • Å sikre kunnskap, meistring og trivsel for ungane i barnehage og skule – trygge og glade ungar lærer mest
  • Å tilby valfag i skulen som mopedopplæring, båtførarprøva og jegerprøva
  • Å legge til rette for attraktive møteplassar både for unge og eldre i kommunen
  • Å støtte opp om frivilligheita, lag og organisasjonar
  • Å sikre alle ein trygg og god alderdom, med god omsorg og kvalifisert personale
  • At Lærdal skal vere ein næringsvennleg kommune med eit miljøvennleg fokus
  • Mer interkommunalt samarbeid – større fagfellesskap til å løyse stadig større og krevjande oppgåver
  • Å styrkje planarbeidet i kommunen

Les heile valprogrammet vårt her: