Møre og Romsdal Høgre   Fylkestingsprogram 2023 – 2027

 
 

 


 
PROGRAM MØRE OG ROMSDAL HØGRE 2023 – 2027
 

 
Innhald
Innleing
Utdanning og karriere
Ungdom og fritid
Veg og kollektiv
Helse, folkehelse og tannhelse
Kultur
Næring
Landbruk og skogbruk
Samfunn og planarbeid
By, tettstad og distriktsutvikling
Berekraftig økonomi
Natur, klima, miljø og berekraft
Politisk og administrativ organisasjon
Utanriks, forsvar og beredskap
Tilskot, prisar og stipend
 
 

 
Innleiing
 
Kjære veljar, det er ditt val!
Møre og Romsdal fylke er eit godt fylke å bu og vekse opp i. Dette vil vi i Høgre at det også skal vere i framtida. Difor har vi laga eit program som vi meiner har dei beste løysingane for deg som innbyggar i dette vakre fylket.
For Høgre er det eit mantra at det skal vere moglegheiter for alle! Om det gjeld verdiskaping, utdanning, helsetilbod eller utanforskap, så skal alle få ta del med dei føresetnadene ein har.
Alle synest at deira heimstad er den finaste, men utan framtidig trygge og attraktive arbeidsplassar, gode oppvekstvilkår, tenester, utdanning, kulturtilbod og mangfald vil vi ikkje klare oss i konkurransen om å halde på ungdommen og næringslivet.
Høgre har tru på næringslivet vårt og verdiskapingane som gjer at vi kan dele på godane. Då må vi lage føreseielege vilkår som står seg over tid, og ikkje bråe endringar i næring, miljø, areal og skattepolitikk.
Vi er inne i ei tid med store utfordringar innan klima, natur og miljø. I tillegg kjem den aggressive krigen mot Ukraina som pregar oss og gir oss ekstra utfordringar. I sum gjer dette at vi er i ei usikker tid innan økonomi og beredskap. Dette krev ein stødig politikk og styring av Møre og Romsdal. Og vi i Høgre meiner at vi har både politikken og kandidatane som kan styre oss gjennom dei neste 4 åra.
Meir om dette finn du i dette programmet.
 
Lykke til, vi vil ha deg med på laget!

Anders Riise, fylkesordførarkandidat.
 
 
Utdanning og karriere
Utdanning er samfunnets beste verktøy til utjamning av sosiale forskjellar og for dei fleste vegen til arbeid, bustad og inkludering. Høgre vil arbeide for eit samfunn som fremmar livslang læring for alle. Eit godt utdanningstilbod er eit viktig grunnlag for å betre menneska sitt liv.
 
Vidaregåande skule
Møre og Romsdal er eit av landets beste fylke når det gjeld gjennomføring av vidaregåande opplæring. Vi ligg på topp i gjennomføring og på botn i fråfall i skuleløpet. Dette er bra, og slik skal det framleis vere. Våre ungdommar skal møte ein vidaregåande skule som gjer vegen både til arbeid og vidare utdanning spennande og relevant. Fritt skuleval, gode lærarar, fråværsgrenser og gode samarbeidsbedrifter er viktige verkemiddel for at flest mogleg skal fullføre sine utdanningsløp til normert tid. Møre og Romsdal fylkeskommune må fortsette å legge til rette for eit næringsnært utdanningstilbod som speglar framtidige behov for arbeidskraft. Det er framleis mangel på faglært arbeidskraft, og utdanningstilbodet må tilpasse seg bedriftene sine behov og gi ungdommen større valfriheit med tidlegare inngang til arbeidslivet.
Mange unge slit i dag med psykisk helse, og nokre opplever at dei ikkje får hjelp til å meistre skulekvardagen. Høgre vil arbeide for helsesjukepleiarar på alle vidaregåande skular i fylket. I tillegg må det tilsettast fleire miljøarbeidarar. Overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande utdanning blir opplevd som krevjande for mange elevar, og det bør difor etablerast eit forpliktande samarbeid mellom rådgivartenesta i ungdomsskulen og vidaregåande skule.

Møre og Romsdal Høgre vil:
·       Bevare fritt skuleval i vidaregåande skule
·       Behalde fråværsgrense
·       Oppgradere gamle skulebygg og satse på
moderne produksjonsutstyr og teknologi på
yrkesfaga
·       Gi relevant opplæring i livsmestring og økonomi
·       Utvikle elevdemokratiet og gi medverking på
undervisningsmetodar, vurdering og skulemiljø
·       Auke fleksibilitet og valmoglegheiter i fagtilbod
mellom studieretningar
·       Tilby fleire yrkesfag som valfag i alle
studieretningar
·       Erstatte kompetansebevis med eit alternativt
vitnemål
·       Gjere det lettare for elevar i ungdomsskulen å følgje
fagtilbod på vidaregåande nivå
·       Opprette nye tilbod innanfor etterspurde
studieretningar som naturbruk og tilpasse
opptakskriteriane slik at både karakterar,
ferdigheiter og haldningar blir tillagt vekt ved
opptak
·       At den enkelte skule må jobbe aktivt for å
førebygge utanforskap og mobbing
·       At vidaregåande skule må ha rullerande opptak for
flyktningar
·       Legge til rette for at innvandrarar raskt kjem i gong
med vidaregåande opplæring
·       Sørge for at elevar i yrkesfag har tilgang til det
same utstyret i skulen som dei vil møte i
arbeidslivet
·       Jobbe vidare med å styrke skulehelsetenesta på
alle vidaregåande skular i samarbeid med
kommunen
·       Gi alle elevar i vidaregåande skule tilgong til eit
eller fleire program som «Ungt Entreprenørskap»
kan tilby i løpet av utdanningsløpet
·       Vidareføre og opprette eksisterande og nye 4-årige
YSK-løp både innanfor f.eks.  TI (Teknikk og
industriell produksjon) og HO (Helse og
oppvekstfag) for å sikre arbeidslivet god og
relevant framtidig arbeidskraft
 
 
Fagskule
Fagskuleutdanninga gir tilbod om høgare yrkesfagleg utdanning over fagbrevnivå. Den gir studentane fullverdige studiepoeng som kan kombinerast med anna høgare utdanning. Næringslivet i Møre og Romsdal etterspør spesielt fagskuleutdanning fordi den er praktisk retta, nærings-nær og studentane har erfaring frå heile verdikjeda. Sterkt samarbeid mellom fagskulane og arbeidslivet er viktig for å sikre høg relevans i dei ulike studietilboda. Fagskuleutdanninga må bli meir fleksibel, slik at studentar og bedrifter som ønsker det kan ta kortare kurs og nettbaserte studieprogram avhengig av bedriftas kompetansebehov.
 
Møre og Romsdal Høgre vil:
·       Styrke fagskulen i Møre og Romsdal i tett samarbeid
med næringslivet
·       Styrke at fagskulane er til stades  i heile fylket
·       Utvikle studietilbod innan sirkulærøkonomi,
behandling av farleg avfall og psykisk helse
·       Tilby nettbasert undervisning for enkelte
studieretningar
·       Motivere fleire kvinner til å velje fagskuleutdanning
·       Styrke fagskulen ved Campus i Kristiansund, ved å
legge til rette for fleire og meir fleksible studieløp
·       Sørge for at fagskulen kan tilby relevant
undervisning med moderne simulatorar og
labutstyr
·       Tilby attraktive og fleksible arbeidsplassar for
undervisningspersonale
 
Karriere
Møre og Romsdal er eit av Noregs viktigaste eksportfylke. Vi har eit rikt næringsliv med bedrifter i verdsklasse både når det gjelder design, teknologiutvikling, marine råvarer og energi. Fylket må bidra til næringsutvikling og skaparkraft gjennom utdanningstilbod, lærlingordningar, karriererettleiing og stimulere bu-lyst. Våre viktigaste utfordringar framover er tilgang på kompetanse, kvinneunderskot og ei aldrande befolkning.

Møre og Romsdal Høgre vil:
·       Tilby karriererettleiing gjennom «Karriere Møre og
Romsdal» også til ungdom i vidaregåande skule
·       Sørge for at talet på lærlingplassar er i betre
balanse mellom skulane og arbeidslivets behov
·       Auke lærlingtilskotet og justere dette i forhold til
årleg lønns- og prisvekst
·       Arbeide for ei meir fleksibel lærlingordning der
læretida kan tilpassast individuelle behov
·       Samarbeide med næringslivet om
rekrutteringskampanjar
·       Knyte bu- og arbeidsmarknadsregionar tettare
saman gjennom gode samferdselsprosjekt
 
Ungdom utanfor utanforskapet
Gruppa unge utanfor utanforskapet – altså under radaren både hos kommunen, fylkeskommunen og NAV – fryktar ein er aukande. Kanskje lykkast det ikkje å skaffe seg lærlingplass. Opplæringskontoret og skulens ansvar for lærlingplass sluttar på eit tidspunkt og ingen overtek. Eller eit pauseår blir til fleire? Den valde vidaregåande utdanninga treff ikkje heilt? Og, kanskje er instansar som NAV forbunde med krav, søknader eller kanskje skam og tabu. Sosiale barrierar veks. Det same gjer forventningar til at noko må skje frå familie og venner. Tryggheita blir heime og på rommet.
Korleis kan vi i Møre og Romsdal betre møte denne gruppa på deira banehalvdel? Vi har ingen ungdom å miste – vi må sørge for at alle får moglegheit til å vere innanfor – ikkje utanfor.

Møre og Romsdal Høgre vil:
·       Sørge for at ei grundig kartlegging om denne
gruppa blir gjennomført
·       At det blir etablert mål og handlingsplanar for å nå
ein nullvisjon om utanforskap for ungdom
·       At fylkeskommunen i lag med det politiske miljøet
tek eigarskap og sørger for at aktuelle aktørar som
har ansvar eller moglegheit for å løyse denne
veksande utfordringa, kjem saman for å finne fram
til fleire tiltak som kan nå denne målgruppa
·       At gode eksempel frå andre fylke som på ulike
måtar har lykkast med nye tiltak og løysningar, blir
vurderte også her hos oss
·       At våre arbeids- og inkluderingsbedrifter aktivt blir
utfordra og blir brukt som ressurs i dette arbeidet
 
 
Ungdom og fritid
Førebygge utanforskap, jobbe for inkludering uansett minoritet. At dei har ein plass å «henge» på fritida, før 18 år. Aktivitetar som kan bidra til at det blir attraktivt å bu på heimplassen lengre. Det er viktig at ungdommen ser tilbake på eit godt oppvekstmiljø slik at dei lengtar heim og ønsker å kome tilbake og skape sitt liv i vår region. Som skuleigar kan fylkeskommunen og kommunane arbeide med ungdommen for å skape ei trygg og inkluderande russetid.
 
Møre og Romsdal Høgre vil:
·       Aktivt samarbeide med Ungdommens fylkesting og
Ungdomspanelet
·       At fylkeskommunen gir støtte til kommunar og
frivillige organisasjonar for å drifte lågterskeltilbod
for ungdom
·       Ha UFO – Ungdomsfritidsordning – der dette er
mogleg å få til
 

 
Veg og kollektiv
Møre og Romsdal fylkeskommune må prioritere eit godt kollektivtilbod med hyppige og pålitelege avgangar tilpassa dagens bruksmønster. Gratis ferje på enkelte strekningar, og ny ferjestrekning må ikkje gå ut over talet på avgangar. Hyppige ferjeavgangar er ein føresetnad for effektiv forflytting i fylket. Utanfor bykjernane må det leggast til rette for eit betre og meir fleksibelt kollektivtilbod med taxi for buss, i staden for at bussar køyrer tomme. Det bør utarbeidast eit enklare kollektivtilbod med færre takstsoner, større samordning av pris og auka frekvens i tilbodet. Eit godt kollektivtilbod bidreg til å bygge saman våre bu- og arbeidsmarknadsregionar. I område med lav befolkningstettheit er gode overgangar til buss og båt eit viktig tilskot til bilen, men også bil er nødvendig der det er få kollektivavgangar. Bil er viktig for effektiv transport av personar og varer i distrikta.
Sterke band til våre naboregionar er viktig. Møre og Romsdal fylkeskommune bør aktivt arbeide gjennom fellesfunksjonar med Trøndelag, Vestland og Rogaland for å bygge ein sterk vestlandsk region. Samarbeid innan veg, ferje og luftfart er viktig, men òg passasjertrafikk langs vestlandskysten som vil kunne vere Vestlandets alternativ til tog.
Satsinga på fylkesvegar må styrkast gjennom bevilling av meir midlar til vedlikehald av vegar i fylket. Etterslepet blir større for kvart år som går. Møre og Romsdal skal ha gode og sikre vegar for alle våre trafikantar. Vi vil foreta nødvendig regulering og prosjektering for å iverksette fornying av eksempelvis Dragsundbrua og Sørsundbrua, samt prioritere fleire gang- og sykkelvegar og trafikksikring med auka budsjett for barn og unge sine skulevegar. Fortgang i utskifting av gamle gatelys til energisparande LED-belysning for å ta ned drifts- og vedlikehaldskostnader, samt betre belysning, må også prioriterast.
 
Møre og Romsdal Høgre vil:
·       Sørge for auka frekvens og auka kapasitet i
kollektivtilbodet der det ikkje er kundegrunnlag for
det
·       Forbetre flybusstilbodet
·       Arbeide for meir saumlause overgangar mellom dei
ulike transportformene
·       Legge til rette for utvikling av nye, sikre og
berekraftige mobilitetsløysningar
·       Betre mobiliteten og kollektivsystemet med
etablering av «park and ride»-haldeplassar for
overgang mellom privatbilisme og
kollektivtransport
·       Styrke arbeidet med flaum- og rassikring på utsette
vegstrekningar
·       Betre samarbeid og koordinering i planprosessar
mellom europa-, riks-, fylkes- og kommunevegar
·       Redusere vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane
·       Arbeide for lengre nedbetalingstid for
ferjeavløysings- og bompengefinansierte prosjekt
som skal erstatte eller avløyse ferje- og
båtstrekningar, slik at fleire fornuftige bru- og
tunnelprosjekt blir økonomisk gjennomførbare
·       Vidareutvikle ordninga med FRAM Ung og FRAM
Student
 
 
 

Helse, folkehelse og tannhelse
Det er eit stort behov for helseinnovasjon for framleis å kunne gi gode kvalitative helsetilbod. Det er viktig å prioritere eit godt helsetilbod til alle fylkets innbyggarar, med søkelys på kvinnehelse, psykisk helse og dei sjukdomane som ikkje er synlege for offentlegheita. Det skal vere plass til alle i samfunnet.
Helsetenesta er ikkje ei fylkeskommunal oppgåve, men Møre og Romsdal Høgre vil arbeide for at alle sjukehus i fylket skal utviklast best mogleg. Dette gjeld rehabilitering av Ålesund sjukehus, nybygget for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset og i Kristiansund, samt vidare utvikling av sjukehuset i Volda.

Møre og Romsdal Høgre vil:
·       Arbeide for at alle våre sjukehus skal ha ei best
mogleg utvikling
·       Arbeide for at Helseplattforma blir innført, til nytte
for alle sektorane innanfor helse og pleie

 
Folkehelse
Høgre vil legge til rette for at folk kan ta gode og sunne helse- og livsstilsval i kvardagen. Ein god og førebyggande folkehelsepolitikk skal synleggjere dei gode og sunne valmoglegheitene. Gode val for eiga helse og livsstil vil også vere viktig for den mentale helsa. Idrett er ein viktig del av alle lokalsamfunn. Det gir meistring, fellesskap og har mange eldsjeler som står på for andre. Idretten har ei viktig rolle for inkludering og skaper grobotn for både breidde- og toppidrett.

Møre og Romsdal Høgre vil:
·       Utvide ordninga med skjærgårdstenesta til å gjelde
heile fylket
·       Støtte vidare arbeid med utvikling av turstiar og
“Stikk Ut”-turar sommar og vinter
·       Styrke det førebyggande arbeidet ved
nærmiljøanlegg og støtte til frivillige organisasjonar
·       Jobbe for eit fylke som er prega av moglegheiter for
alle gjennom likestilling og universell utforming
·       Styrke det rusførebyggande arbeidet i dei
vidaregåande skulane
 
 
Tannhelse
Auka søkelys på førebygging og tannpleie for barn og unge. Tannhelse må inngå i det heilheitlege helsetilbodet, og det er viktig at eit tilbod er reelt og tilgjengeleg. Dagens tilbod må oppretthaldast, vedlikehaldast og takast vare på. Det bør i større grad givast moglegheit for å kombinere privat og offentleg praksis i tannhelsetenesta.

Møre og Romsdal Høgre vil:
·       Arbeide for god tannpleie for barn og unge i heile
fylket
·       At privat og offentleg tannlegepraksis må kunne
kombinerast betre
·       Organisere tannhelsetenesta på best mogleg
effektiv og framtidsretta måte, og optimalisere
drifta ved å fullføre arbeidet med ny struktur
 
Kultur
Møre og Romsdal Høgre vil satse på kultur og kulturbasert næringsutvikling i heile fylket. Fylkeskommunen må stimulere lokale kultur-initiativ frå både organisasjonar og bedrifter. Eit levande kulturliv skaper bulyst og auka integrering i samfunnet.
Språket er vår identitet og vår kultur – det gir oss også integritet og ryggrad. Det er derfor viktig at Møre og Romsdal fylkeskommune fortset å pleie om begge dei norske språka.
Kultur kan bidra til positive aktivitetar, som motverkar utanforskap og andre problem. Kultur og identitet er viktig og heng saman.  Vi må her finne ein fornuftig balanse mellom fylkets innsats og det kommunane kan bidra med, saman med dei mange frivillige organisasjonane som er opne for å bidra vesentleg i kulturell aktivitet. Vi må ha eit godt og nært forhold til næringslivet også på dette området.
Møre og Romsdal har eit mangfald av museum, som i fellesskap skal sørge for at vår felles historiske hukommelse blir forvalta på best mogleg måte. Dette kan utviklast best ved å fortsette bygginga av dei 3 konsoliderte museum i Møre og Romsdal. Her skal fylkeskommunen, i samarbeid med staten og dei enkelte kommunane, bidra til eit godt økonomisk rammeverk for drift og utvikling av dei 3 regionale konsoliderte museum. Det er spesielt viktig å underbygge satsinga på forsking og eit styrka vedlikehald i sektoren, slik at vår historiske arv kan takast godt vare på. Eit godt samarbeid med venneforeiningar er viktig å vidareføre. I tida som kjem vil ein også kunne sjå at museumssektoren kan medverke i ny innovasjon med grunnlag i historisk kunnskap i denne sektoren.
 
Møre og Romsdal Høgre vil:
·       Fortsette å støtte kulturlivet i fylket vårt i samspel
med staten og vertskommunen, som for eksempel
«Jugendfest i Ålesund», «Teatret Vårt»,
«Barneteateret vårt» «Moldejazz» og «Operaen i
Kristiansund»
·       Fortsette å støtte utviklinga av 3 konsoliderte
regionmuseum i fylket
·       Støtte og utvikle vidare dei mange historiske spela
som år om anna blir vist fram i fylket
·       Bidra til tiltak som kan fremme folkehelsa i eit breitt
perspektiv i fylket
·       Vidareutvikle ordninga med kulturrabatt for
ungdom

 
Næring
Møre og Romsdal fylkes viktigaste oppgåve er å synleggjere moglegheitene vi som fylke kan tilby som vertskap for eit framoverlent næringsliv. Tilsette og politikarane må på vegner av vårt allsidige næringsliv vere aktive brubyggjarar. Dette gjeld heilt frå kommuneplan, fylkesplan og til rikspolitikk og departement.
Vi skal vere tett på bedriftene, og fylket skal samarbeide med etablerte næringslivssamlingar (slik som næringsforeiningar, innovasjonsselskap og ulike klynger) i staden for å drive parallell næringsutvikling. Vårt fylke skal skape gode ordningar og økonomiske insentiv for gründerbedrifter. Vi skal stimulere til skaparkraft både for eksisterande og nye næringar og ikkje berre dei som inneber grøne løysningar.
Møre og Romsdal skal fortsette å vere eit akvakultur-fylke. Næringa er heilt avhengig av tilgang på nok arbeidskraft, areal, konsesjonar og føreseielege rammevilkår. Fylket må gi god støtte til dei som satsar på å auke ringverknadene frå verdiskapinga som skjer ved bruk av lokale naturressursar. Føreseielege rammer er vesentleg for å gi moglegheit for aktiv næringsutvikling. Fylket skal framsnakke kommunar som satsar på næring.
Særleg dei næringane som har sesongvariasjonar eller er involverte i større eller mindre prosjekt, har behov for fleksibilitet i tilgang på arbeidskraft. Høgre vil oppheve innstrammingane ved innleige av arbeidskraft (generelle rammevilkår).
Også offentlege verksemnder må jobbe målretta med å inkludere fleire i arbeidslivet. Fylkeskommunen må sjølv også auke talet på lærlingar, og ikkje minst tilsette som treng litt tilrettelegging for å kunne vere innanfor i staden for utanfor arbeidslivet.
Vi må vidareutvikle det gode skule- og utdanningstilbodet i fylket i takt med den utviklinga som skjer i næringslivet. Eit hovudmål må vere å sikre våre næringar tilstrekkeleg og oppdatert kompetanse. Det er viktig at våre utdanningsinstitusjonar har god innsikt, særleg i kva moglegheiter som finst i vårt lokale næringsliv.
Vårt fylke har framleis fleire flaskehalsar som hindrar ein effektiv logistikk. Både mellom regionar internt i fylket og sør/nord og aust/vest i eit nasjonalt perspektiv. Å bygge både fastlandsprosjekt og sikre betre og meir effektive vegar må ha høg prioritet i vårt fylke. Og ikkje minst må våre ferjesamband ha ein regularitet som notida krev.
Høgre vil fasthalde at vår kraftproduksjon skal vere tilstrekkeleg for å møte noverande og framtidig etterspurnad. Høgre vil arbeide for å bygge ut meir regulerbar kraft, nye overføringslinjer og er opne for kjernekraft som ei kjelde til regulerbar kraft for å sikre konkurransedyktige straumprisar.
Høgre vil vere ein pådrivar for å utvikle gassressursane i Norskehavet, og arbeide for utsleppsfrie energiberarar som for eksempel hydrogen og ammoniakk. Eit eksempel på dette er Aukra Hydrogen Hub med produksjon og tilhøyrande infrastruktur for hydrogeneksport i stor skala, samt fangst og lagring av CO2.
Den stadig aukande skattlegginga som særleg rammar den norskeigde delen av næringslivet, har blitt ein trussel og må reverserast. Summen av det høge totale skattetrykket hindrar vekst og medfører utflagging eller utsal av lokale arbeidsplassar. Vi vil heller ha kapitalen lokalt. Møre og Romsdal Høgre er sterkt kritisk til grunnrenteskatt på havbruk.
Noreg og spesielt kyst-Noreg har eit fortrinn som er heilt avgjerande for at Noreg kan vere konkurransedyktig internasjonalt. Møre og Romsdal kan ikkje oppretthalde eller utvikle sine tenester utan eit konkurransedyktig og lønsamt næringsliv.

Møre og Romsdal Høgre vil:
·       Sørge for offensiv satsing på samferdsel som sikrar
effektiv logistikk både internt i vårt fylke og mot
våre nabofylke
·       Sørge for ein næringsvennleg arealpolitikk
·       Sørge for sikker og tilstrekkeleg straumkapasitet
·       Framsnakke den kritiske betydninga av eit lokalt
eigd næringsliv som også tek eit utvida
samfunnsansvar der eigarar ofte bidreg med
patriotkapital
·       Sikre føreseielege rammer for næringslivet, og
fjerne dagens politiske risiko
·       At lokale eigarar skal ha minst like gode
skattemessige vilkår som utanlandske
·       At vi framleis vil vere knytt til  EØS-avtalen på grunn
av det internasjonale næringslivet i Møre og
Romsdal
·       Sørge for eit attraktivt utdanningstilbod som sikrar
god og tilstrekkeleg kompetanse til vårt lokale
næringsliv
·       Støtte og legge til rette for både nytt og etablert
reiseliv som bidrar til å gjere heile fylket til eit
attraktivt opplevingsreisemål
·       Jobbe for god besøkspolitikk i fylket og
kommunane, og at vårt reisemål skal vere attraktivt
heile året, ikkje berre i sommarsesongen
 
 
Landbruk og skogbruk
Møre og Romsdal er avhengig av eit aktivt landbruk. Det er viktig å stimulere til at fleire unge vil ta over og drive med landbruk slik at dette ikkje blir eit yrke som døyr ut. Fleire tiltak for å støtte drift som kombinerer nye produksjonar og næringar innan landbruk, eksempelvis auka satsing på turisme. Sjølvforsyningsgraden av landbruksprodukt må aukast. Det er viktig med eit aktivt landbruk slik at vi opprettheld det gode kulturlandskapet vårt.
Mykje av velstanden både i byane og i distrikta er tufta på skogressursar. Skogbruk påverkar  mange interesser, og skogen er råvare for viktige verdikjeder. Samstundes skaper skog eit betydeleg rom for binding av CO2 gjennom god og rasjonell skogpleie. Mykje av tømmervolumet blir transportert over lange strekningar på båt, men vegen frå tømmerlunne og fram til kai må også fungere. Flaskehalsar for tømmertransporten må kartleggast og utbetrast. Skog er også viktig for biologisk mangfald, jakt og rekreasjon. Det bør utarbeidast tilskot til skogeigarar som tek ut lauvtre og kystskogfuru til fyring, enten til ved eller til fyringsflis. Til gjengjeld vil planting av produksjonsskog gi større CO2-fangst og større verdi for skogeigaren i det lange løp.
 
Møre og Romsdal Høgre vil:
·       Jobbe aktivt for rekruttering til landbruket
·       Påverke innrettinga av tilskots- og kvoteordningar
slik at dei stimulerer til mest mogleg effektiv drift,
auka matproduksjon og betre innkomst for den
enkelte bonde
·       Legge til rette for auka foredling og eksport av
norske landbruksprodukt
·       Arbeide for sikker distribusjon og marknadstilgong
for lokalproduserte landbruksprodukt
·       Fortsette å jobbe for godt jordvern og auka
nydyrking
·       Skrive opp fylkesvegar til 10 tonn akseltrykk (BK10)
og minimum 50 tonn totalvekt, helst til 60 tonn og
24 meter for tømmertransport
·       Legge til rette for meir planting av produksjonsskog
 
 
Samfunn og planarbeid
Høgre meiner fellesskapet blir sterkare når det er prega av friheit og ansvar, og når flest mogleg avgjersler vert tatt nærmast den det gjeld. Vi meiner at innsatsvilje og skaparkraft styrker fellesskapet, og at dette blir utvikla gjennom friheit til enkeltmennesket. Møre og Romsdal Høgre vil at vår region skal pregast av optimisme, livskraft, skaparglede og bu-lyst.
Møre og Romsdal Høgre ønsker å jobbe for ei berekraftig arealforvaltning. Her må det arbeidast aktivt med å synleggjere og innarbeide viktigheita av arealrekneskap. Plan- og bygningslova er klar i sin formålsparagraf «Lova skal fremme berekraftig utvikling til beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjonar». Det er ikkje lovas ordlyd, men oppfølginga og bruken av denne som er problematisk. Møre og Romsdal Høgre vil jobbe for at det kommunale synet skal tilleggast stor vekt i saker som blir behandla i fylket. 

Møre og Romsdal Høgre vil:
·       Gi innspel til revideringa av kulturminnelova om at
staten i større grad skal dekke utgiftene som vert
utløyst ved gransking av automatisk freda
kulturminne
·       At det i planarbeid blir retta mot at kommunane
skal legge meir vekt på rettleiing, slik at ein unngår
innvendingar
·       At fylkesplanen skal vere med på å styrke
berekraftige byar og tettstader
·       At fylkeskommunal saksbehandling som ikkje krev
betydeleg skjønnsutøving skal automatiserast i
størst mogleg grad
·       Styrke barn og unges medverking i planarbeid
 
By, tettstad og distriktsutvikling
Møre og Romsdal skal vere ein plass det er attraktivt å bu, arbeide og besøke, og vi skal få menneske til å flytte hit. For å oppnå dette må ein tilby gode kvalitative tilbod med tanke på bustadskvalitetar, utdanning, kollektivtilbod og distriktsutvikling.
Byane i fylket skal vere attraktive regionale motorar for tilflytting og bu-lyst i Møre og Romsdal, og ein aktiv bypolitikk er avgjerande for Møre og Romsdal sin langsiktige vekst og berekraft. Det må da jobbast med å få til eit sterkt og godt tilgjengeleg kollektivtilbod. Møre og Romsdal Høgre ønsker å knyte bygd og by saman gjennom gode samferdselsprosjekt. Byane må samarbeide med omkringliggande kommunar og jobbe fram sterke bu- og arbeidsregionar der reisetid og miljøutslepp blir redusert. Gode tettstader må ha grøne lunger og opphaldsstader for menneske som også vil bruke tettstadane  og byane sine urbane treffpunkt.
Digitalisering har gitt store moglegheiter for å kunne jobbe desentralisert, for slik å kunne gi ein meir fleksibel kvardag for innbyggarane.

Møre og Romsdal Høgre vil:
·       At fylkeskommunen skal støtte utvikling av stadar
og sentrumsområde
·       Vere ein pådrivar for å bygge sterkare bu- og
arbeidsmarknadsregionar med byane som aktive
motorar
·       Legge til rette for å desentralisere fylkeskommunale
arbeidsplassar og kontorfellesskap med god digital
kommunikasjon
·      Gjennomføre samferdselsprosjekt som knyter fylket
tettare saman og skaper sterkare og meir attraktive
bu- og arbeidsmarknadsregionar
·       E136 «eksportvegen» er vesentleg for fylkets
verdiskaping, utbygginga må ha aller høgste
prioritet
·       Jobbe for snarvegar og samband for mjuke
trafikantar, for å forbetre folkehelsa og redusere
privatbilismen
·       Arbeide for eit betre samarbeid med og mellom
byane
·       Bistå byområda i byplanlegging, byutvikling og eit
attraktivt kollektivtilbod
·       Bygge sterke kompetanse- og innovasjonsmiljø og
utdanningsinstitusjonar
·       Støtte våre eksisterande kulturinstitusjonar og
understøtte nye initiativ for å gi fleire urbane
kvalitetar
·       At barn og unge skal få vere med å planlegge og
utvikle sitt nærområde, for slik å sikre eit betre
oppvekstmiljø og eigarskap til sin heimplass
·       At digitalt utanforskap må eliminerast gjennom
auka fokus på tilgang, bruk av og deltaking til
digitale tenester
·       Auke kunnskapen og hauste erfaringar rundt
utforminga av nærmiljøet til eldre for å nå måla i
kvalitetsreforma for eldre «Leve heile livet» om å
skape eit «Aldersvennleg Norge»
 
 
Berekraftig økonomi
Fylkeskommunen skal vektlegge berekraftige avgjerder i alle sine anbod og prosjekt. Vi har eit ansvar for å sikre eit berekraftig velferdssamfunn og miljø for komande generasjonar. Den økonomiske situasjonen er avgjerande for dei politiske prioriteringane som kan gjerast i åra framover.

Møre og Romsdal Høgre vil:
·       Føre ein ansvarleg økonomisk politikk som gir
handlingsrom for investeringar til beste for
framtidige generasjonar
·       Sikre ein god balanse mellom privat og offentleg
sektor gjennom ansvarleg pengebruk
·       Ha ein effektiv og brukarorientert offentleg sektor
og legge til rette for eit større innslag av private og
ideelle aktørar i utføringa av oppgåver
·       Sikre at offentlege anbod blir utforma slik at lokale
aktørar/tilbydarar alltid kan vere med i
konkurransen
 

Natur, klima, miljø og berekraft
Klima- og miljøutfordringane krev internasjonal, nasjonal og lokal innsats. Betre ressursutnytting kan gi store gevinstar for miljøet, økonomien og samfunnet.
Vi lever i ei tid med høg og akselererande endringstakt. Utviklinga i digitalisering gir enorme moglegheiter, for eksempel gjennom autonom og utsleppsfri transport og utviklinga av ny og berekraftig teknologi. Dette gir næringsmoglegheiter vi knapt forstår omfanget av. Samstundes lever vi i ei tid med stort tap av biologisk mangfald. Høgres klimaløysingar skal vere kunnskapsbaserte og teknologioptimistiske.
Møre og Romsdal Høgre vil bruke marknaden og positive verkemiddel som motiverer til klimavennlege val, ikkje berre reguleringar og forbod. Det skal lønne seg å vere miljøvennleg. Vårt mål er at vi kan levere fylket vårt vidare til barna våre i enda betre stand enn det er i dag.

Møre og Romsdal Høgre vil:
·       Følge opp fylkets klimastrategi
·       Auke energiproduksjonen lokalt og sikre
leveringssikkerheita og overføringskapasiteten til
fylket, og arbeide for at næringsliv og innbyggarar
har tilgang på nok energi for å sikre vidare vekst og
utvikling i regionen
·       At kjernekraft kan vere ein del av energimiksen i
framtida, og det er viktig at Noreg og Møre og
Romsdal bidreg aktivt på forsking  og utvikling
·       Behalde og vidareutvikle Runde miljøsenter som ein
stad for læring om havet og NORSØK på Tingvoll for
utvikling av økologisk landbruk
·       At fylkeskommunalt eigde bygg skal vurderast for
montering av solcellepanel, samt jobbe for at
fylkeskommunen som byggherre vel berekraftige
materialar som er godt tilpassa bruk og eventuelle
framtidige endringar
·       Følge opp ungdommens berekraftsplan som er
utarbeidd av ungdomspanelet i Møre og Romsdal
 
Politisk og administrativ organisasjon
Høgre har som mål å avvikle fylkeskommunane. Ein føresetnad vil vere at kommunereforma med sikte på større kommunar med større fagmiljø blir vidareført. Etter mange år med raudgrønt styre, er økonomien i fylkeskommunen ikkje berekraftig. Vi må derfor gjere nødvendige grep og prioriteringar i komande periode. Skal Møre og Romsdal bestå som ei sjølvstendig eining, må vi få orden i økonomien og vere ein sterk tenesteytar og regional utviklar for innbyggar og næringsliv. Vi opplever at for få ønsker å busetje seg her, og store delar av fylket har aldrande og minkande befolkning. Vi må bli flinkare til å lyfte fram og støtte positive initiativ og krefter i heile fylket, slik at vi saman kan bygge regionen vår og vise oss som eit attraktivt og samla fylke. Det bør gjerast ei redusering av dagens tal på representantar i fylkestinget.
 
Resultatorientert organisering av administrasjonen med søkelys på tenestene sitt innhald og kvalitet, og der ressursane blir styrt ut mot tenestene.

 
Møre og Romsdal Høgre vil:
·       Styrke samhaldet i fylket, gjennom samarbeid og
tillit
·       Bruke kreftene på å gjennomføre vedtak, i staden
for stadige omkampar
·       Redusere taket på representantar i fylkestinget
·       Ha ein god gjennomgang av heile
fylkeskommunens organisering og oppgåver, slik at
ein sørger for at midlane blir brukt på ein mest
mogleg effektiv og god måte
·       Drive ein god arbeidsgivarpolitikk som skaper
grobotn for personleg utvikling blant alle tilsette

Utanriks, forsvar og beredskap
Næringslivet i Møre og Romsdal er heilt avhengig av ein føreseieleg utanrikspolitikk som sikrar lokale interesser og verdiar. Som region er vi tent med eit tett internasjonalt samarbeid, ein internasjonal rettsorden og gode rammer for internasjonal handel. Koronapandemien har vist kor viktig det er med tett internasjonalt samarbeid i møte med globale kriser. Møre og Romsdal Høgre meiner Noreg som nasjon må agere i verda etter klart definerte prioriteringar og i tråd med norske interesser. Noreg må oppretthalde og utvikle det gode bilaterale forholdet vi har til viktige partnarar, slik som NATO, dei nordiske landa, EU, Storbritannia og USA. Gjennom historia har Møre og Romsdal vore tent med det europeiske samarbeidet, men tapt på europeisk splitting. Derfor er europeisk samarbeid av lokal interesse og ein av berebjelkane i utanrikspolitikken. Det handlar ikkje berre om handel, men også om demokrati, sikkerheit og fellesskap.
Statens viktigaste oppgåve er å sørge for innbyggarane sin sikkerheit og samfunnets tryggheit. Møre og Romsdal Høgre meiner Noregs sikkerheitspolitiske interesser vert ivaretatt gjennom eit truverdig forsvar, sikkerheit og stabilitet i våre eigne nærområde. Møre og Romsdal Høgre vil fortsette å arbeide for at Heimevernet er til stades og synleg i heile regionen.

Møre og Romsdal Høgre vil:
·       Bidra til ein aktiv europapolitikk og forsvare EØS-
avtalen
·       Sikre eit slagkraftig Heimevern som dekker vår
region med god reaksjonsevne
·       Bidra til å vidareutvikle totalforsvaret i tråd med
den skjerpande sikkerheitspolitiske situasjonen og
samfunnets behov i fred, krise og krig
·       Jobbe for at sivil sektor og næringslivet styrker sin
evne til beredskapsstøtte i krisesituasjonar
·       Sjå til at vi har ein oppdatert fylkesberedskapsplan
·       Medverke til at veteranar i vårt fylke får tilstrekkeleg
oppfølging under og etter avslutta  teneste
 
Tilskot, prisar og stipend
Forenkling av søknads- og rapporteringsprosessar til fylket for å styrke kultur, gjere det lettare å søke spelemidlar og økonomisk støtte der delen av frivilligheit er stor. Stimulere til auka dugnad og utvikling av talent i vår region og fylke som heilheit. Vidareføre tilskotsordningar og legge til rette for vidareutbygging av breiband i område der det ikkje er kommersielt lønnsamt.
 
 
Møre og Romsdal Høgre vil:
·       Gi økonomisk støtte til kommunar og frivillige
organisasjonar til å drifte lågterskeltilbod for
ungdom
·       Ha ein gjennomgang av alle fylkeskommunens
tilskot, for å sikre at midlane blir fordelt på ein god
og berekraftig måte