Kvifor velje Høgre?

Dei komande åra vil det viktigaste for Møre og Romsdal vere å skape meir og inkludere fleire. Vi bygger pasientens helseteneste og vil gi alle elevane våre like sjansar.

Fylkestingsprogram 2023-2027

Møre og Romsdal fylke er eit godt fylke å bu og vekse opp i. Dette vil vi i Høgre at det også skal vere i framtida. Difor har vi laga eit program som vi meiner har dei beste løysingane for deg som innbyggar i dette vakre fylket.

For Høgre er det eit mantra at det skal vere moglegheiter for alle! Om det gjeld verdiskaping, utdanning, helsetilbod eller utanforskap, så skal alle få ta del med dei føresetnadene ein har.

Alle synest at deira heimstad er den finaste, men utan framtidig trygge og attraktive arbeidsplassar, gode oppvekstvilkår, tenester, utdanning, kulturtilbod og mangfald vil vi ikkje klare oss i konkurransen om å halde på ungdommen og næringslivet.

Høgre har tru på næringslivet vårt og verdiskapingane som gjer at vi kan dele på godane. Då må vi lage føreseielege vilkår som står seg over tid, og ikkje bråe endringar i næring, miljø, areal og skattepolitikk.

Vi er inne i ei tid med store utfordringar innan klima, natur og miljø. I tillegg kjem den aggressive krigen mot Ukraina som pregar oss og gir oss ekstra utfordringar. I sum gjer dette at vi er i ei usikker tid innan økonomi og beredskap. Dette krev ein stødig politikk og styring av Møre og Romsdal. Og vi i Høgre meiner at vi har både politikken og kandidatane som kan styre oss gjennom dei neste 4 åra.

Meir om dette finn du i dette programmet.

Arkiv