Hydrogen – eit ekstra bein å stå på
Det grøne skiftet er kome og er ein avgjerande del av omstillinga av Noreg. Per i dag planlegg Noreg å utføre det grøne skiftet gjennom eielektrifisering- «alt skal nytte elektrisitet». Gjennom betre nytting av energikjelder og økt satsing på hydrogen, har Møre og Romsdal sjansen til å bli eitpionérfylkei Noreg på området. Med vår infrastruktur, vår maritime næring og våre fornybare energikjelder, har Møre og Romsdal gode føresetnader for å bli leiande på feltet, både nasjonalt og internasjonalt.
At ein legg om til eit elektrisk nullutsleppsamfunn er bra, men det gjev store utfordringar knytt til kraftnettet og leveringssikkerheita. Ein energikjelde som kan lagrast og nyttast er hydrogen. Hydrogen kan utnytte sol-, vind- og vasskraft, og ikkje minst overskotskraft meir effektivt. Hydrogen kan mellom anna vere ein god energiberar for transport både på sjø og land. Mykje av straumproduksjonen i verda kjem frå fossile energikjelder som kol. I Noreg derimot er 98% av straumen produsert av fornybar vasskraft og vindkraft.
Møre og Romsdal har – med våre store ressursar på fornybar energi – eit stort potensial til å vere eit føregangsfylke for bruk av hydrogenteknologi. Med ei stor maritim næring er det rom for satsing på og utvikling av nye grøne energiberarar. Det finnes allereie fleire prøveprosjekt med bruk av hydrogen på ferjer. Møre og Romsdal Høgre meiner at det bør utvidast til større delar av den maritime sektor.
Norge har mange industribedrifter som har potensiale for bærekraftig, grøn vekst gjennom at det settast av midlar til forsking og utvikling på bruk av hydrogen som energibærer.
Vi ynskjer derfor at Noreg skal legge meir til rette for satsing på produksjon og bruk av hydrogen i transportsektoren samt utvikling av hydrogenteknologi. Møre og Romsdal bør vere eit føregangsfylke for slik utvikling.
Møre og Romsdal Høgre vil at: