Innsats for ungdom
Møre og Romsdal Høyre vil arbeide for at alle barn skal ha ein trygg oppvekst. Skulane blir ein stadig viktigare arena for å fange opp og hjelpe unge med ulike utfordringar.
UNGDOM OG PSYKISKE LIDINGAR
Talet på unge som slit med psykiske plager er for høgt. Det er viktig at skulen har dei rette ressursane og jobbar førebyggjande, samtidig som dei har god kompetanse til å fange opp dei som har så store vanskar at dei har behov for tilvising til hjelpeapparat i eller utanfor skulen.
Møre og Romsdal Høyre vil:
- Prioritere kompetanseheving blant lærarar innan temaet psykisk helse.
- Jobbe for meir PPT-ressursar ut til skulane.
- Jobbe for fleire skulepsykologar
UNGDOM OG RUS
Høyre skal jobbe for ein heilheitleg narkotika- og ruspolitikk med økt fokus på førebygging. Gjennom kunnskapsstyrt førebygging er det eit mål at så få ungdomar som mogleg skal nytte narkotika og misbruke rus. Skulane er ein av våre viktigaste arenaer for førebygging, både for å gi kunnskap til å gjere kloke val og for å kunne fange opp elevar som har ein problematisk rusbruk. Målet er å gi hjelp så tidleg som mogleg. Det er lite fokus på rusproblematikk i lærarutdanninga og undersøkingar viser at lærarar opplever at dei har manglande kunnskapsgrunnlag om rus i møte med elevar. Skulene må derfor jobbe tverrfagleg for å førebygge bruk av narkotiske rusmiddel blant unge.
- Ikkje legalisere bruk og besittelse av narkotika. Politiet kan framleis avdekke bruk og besittelse og jobbe førebyggjande, særleg blant ungdom. Dette er ikkje til hinder for meir vekt på skadereduksjon.
- At lærarar, tilsette og foreldre skal få god opplæring og kompetanse til å førebyggje, oppdage og forhindre rusmisbruk.
- Sikre god oppfølging og veiledning for foreldre med barn som rusar seg.
Resolusjon innsendt av leder i Møre og Romsdal Unge Høyre, Peter Bjørneset. Enstemmig vedtatt på Fylkesårsmøtet vårt 2. — 3. februar.