Med plass for alle – Bygdepride 2019

Vår kommune skal vere ein god stad å bu, leve og arbeide i for alle, uavhengig av legning eller kjønnsidentitet. Då treng vi å vise at vi støttar mangfaldet ved å støtte oppunder arrangement som til dømes Bygdepride.

I år er det 50 år sidan den moderne rettigheitskampen for eit mangfald av legningar og ei utvida

forståing av kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk starta. Den lange kampen for det mangfaldige samfunnet vi i dag set pris på, har vore ein lang veg å gå, og vi er endå ikkje i mål.

Det er framleis slik at unge opplever det som vanskeleg å stå fram for skulekameratar, vennar og foreldra sine. Vi veit at det er mange som ikkje vågar å vere seg sjølv, og som treng at vi ser dei. Vi må

alltid stå opp for retten til å leve sitt eige liv. Fridomen til å elske den ein elskar, må vi hegne om

for alle.

Dei siste femti åra har vi her i landet gått frå å sjå på homofili som kriminelt og ei diagnose, til

likekjønna ekteskapslov og pridefeiringar i alle landsdelar. Vi har gått frå ei fortid vi ikkje lenger er

i stand til å forstå, til ei tid der vi veit at seksualitet og kjønn har komplekse nyansar.

Framleis er dessverre «homo» det mest brukte ukvemsordet på skuleplassen, og alt for mange

opplever negativ sosial kontroll heime, på skulen, på jobb eller i meinigheita. Som politikarar er det vel verdt å markere at vi ikkje godtek at nokon, grunna legning, vert hindra frå å leve sine liv slik dei sjølve er skapt og ynskjer . Det er nettopp vår jobb å legge til rette rammene for gode liv til alle innbyggjarane våre. Det krev at vi er tydelege på at alle uansett legning eller kjønnsidentitet høyrer til her i Hornindal, Volda og Ørsta.


Stig Olav Lødemel, ordførarkandidat Volda Høgre

Anne—Sølvi Vatne, ordførarkandidat Ørsta Høgre



Kronikken ble først publisert i Møre-Nytt